Forskrift om verneplan for skog. Vedlegg 12. Freding av Kvenntjønnane naturreservat, Nissedal og Gjerstad kommunar, Telemark og Aust-Agder

DatoFOR-2009-06-26-895
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse26.06.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
EndrerFOR-2005-09-02-998
Gjelder forNissedal og Gjerstad kommunar, Telemark og Aust-Agder
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort01.07.2009   kl. 16.40
KorttittelForskrift om verneplan for skog. Vedlegg

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 26. juni 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar gnr./bnr. 39/1 i Nissedal kommune og gnr./bnr. 28/2 i Gjerstad kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 11 945 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:25 000 dagsett Miljøverndepartementet juni 2009. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Nissedal og Gjerstad kommunar, hos Fylkesmannen i Telemark og Fylkesmannen i Aust-Agder, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 2.Føremål

Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit nær urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, arter og naturlege økologiske prosessar. Området har ein særskilt pedagogisk og vitskapleg verdi som intakt lågareliggjande skog i boreonemoral sone og er eigenarta i form av å vera urørt og med førekomst av særskilte naturtypar som eikeskog med grove, hole eiker.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Planting eller såing er forbode.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tøming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plante- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsle er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode.
§ 4.Generelle unnatak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Dette unnataket omfattar ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 3, nr. 1-4 er ikkje til hinder for:

2.Uttransport av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
3.Naudsynt motorferdsle i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som vert nytta skal vera skånsame mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarlig oppsyn for verneområdet før transporten vert gjort.

Reglane i § 3, nr. 1-3 er ikkje til hinder for:

4.Sanking av bær og matsopp.
5.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
6.Oppsetting av mellombels, mobile jakttårn for jakt på storvilt.
7.Beiting.
8.Brenning av bål med ved ein har med seg eller tørrkvist, i samsvar med gjeldande lovverk.
§ 5.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

1.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
2.Hogst av etablerte plantefelt.
3.Avgrensa bruk av reservatet som nemnt i § 3 nr. 5.
4.Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
5.Vegetasjonsrydding ved og istandsetjing/vedlikehald av kulturminne
6.Uttransport av felt elg og hjort med anna køyretøy enn lett terrenggåande beltekøyretøy som nemnt i § 4 nr. 2.
7.Naudsynt motorferdsle i samband med aktivitetar etter § 5 nr. 2.
8.Naudsynt motorferdsle ved øvingskøyring for formål nemnt i § 4 nr. 1.
§ 6.Generelle dispensasjonsregler

Forvaltingsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskapelege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi eller i særskilde høve dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel og andre tiltak.

§ 8.Forvaltingsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltingsmynde etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelda straks. Samtidig opphevast forskrift 2. september 2005 nr. 998 om verneplan for skog, vedlegg 27, Heitfjell naturreservat, Nissedal kommune, Telemark.