Forskrift om verneplan for breheimen. Vedlegg 1. Breheimen nasjonalpark, Skjåk, Lom og Luster kommunar, Oppland og Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-08-07-1064
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse07.08.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSkjåk, Lom og Luster kommunar, Oppland og Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§77, LOV-2009-06-19-100-§35, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om Breheimen nasjonalpark

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 7. august 2009 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 og § 77, jf. § 35 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret ved forskrift 15 marss 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Nasjonalparken gjeld følgjande gnr./bnr.:

Skjåk kommune: 25/1, 25/3, 25/4, 25/5, 25/6, 25/15, 26/3, 26/4, 26/5, 26/7, 27/1, 26/12, 26/13, 26/16, 26/22, 27/2, 27/7, 27/8, 27/15, 28/1, 28/2, 28/9, 49/10, 61/2, 61/27, 246/1.

Lom kommune: 54/1, 54/2, 54/3, 54/5, 54/11, 54/12, 55/1, 56/1, 57/1, 57/2, 57/3, 57/4, 57/5, 57/6,57/7, 57/8, 58/1, 58/2, 58/3, 58/4, 59/1, 60/1, 61/1, 61/2, 61/3, 62/1, 62/2, 62/3, 62/4, 62/5, 63/1, 63/3, 64/1, 65/1, 65/2, 65/3, 65/4, 66/1, 66/2, 66/4, 66/5, 67/1, 68/1, 68/3, 68/5, 68/6, 68/12, 68/34, 69/1, 69/2, 69/3, 70/1, 70/12, 70/14, 70/27, 70/29, 70/30, 70/31, 70/44, 70/45, 70/46, 71/1, 71/2, 72/1, 73/1, 73/2, 73/3, 73/4, 73/5, 73/6, 73/7, 73/8, 74/1, 74/2, 74/4, 74/6, 74/7, 74/9, 75/1, 75/2, 75/3, 75/5, 107/1, 108/1, 109/1, 119/1, 120/1, 121/1, 122/1, 122/3, 122/4, 122/5, 122/6, 122/7, 122/8, 122/11, 122/12, 122/13, 122/14, 122/15, 122/16, 124/1, 124/2, 124/3, 124/4, 124/5, 125/1, 125/2, 125/3, 125/4, 126/1, 126/2, 126/3, 127/1, 127/2, 127/3, 128/1, 128/2, 129/1, 130/1, 131/1, 132/1, 133/1, 155/1.

Luster kommune: 2/1, 2/2, 3/1, 3/2, 3/3, 3/7, 3/9, 3/10, 3/12, 3/14, 4/1, 4/2, 4/3, 4/4, 4/5, 4/6, 4/7, 5/1, 5/2, 6/1, 6/2, 6/3, 8/1, 8/2, 8/3, 8/5, 14/1, 14/2, 14/3, 14/5, 18/1, 19/1, 20/1, 20/2, 20/3, 20/4, 20/5, 20/6, 20/7, 20/8, 20/9, 20/10, 20/11, 20/12, 20/13, 20/14, 20/15, 20/16, 20/17, 20/18, 20/19, 20/20, 20/23, 20/24, 20/25, 20/26, 20/27, 20/28, 20/29, 20/30, 20/32, 20/33, 20/34, 20/35, 20/36, 20/37, 20/38, 20/39, 20/40, 20/41, 20/42, 20/43, 20/44 20/45 20/46, 20/48, 20/49, 20/50, 20/51, 20/52, 21/1, 21/3, 21/4, 21/5, 21/6, 21/7, 21/8, 21/9, 21/10, 22/1, 22/2, 22/3, 22/4, 23/1, 24/1, 24/2, 24/3, 24/4, 25/1, 25/2, 25/3, 25/4, 25/5, 25/6, 25/7, 25/8, 25/9, 25/10, 25/11, 25/12, 25/13, 25/14, 25/15, 26/1, 26/2, 26/3, 26/4, 26/5, 26/6, 26/9, 32/1, 32/2, 32/9, 33/1, 34/1, 34/2, 35/1, 35/2, 35/3, 36/1, 36/2, 36/3, 36/4, 36/5, 36/6, 36/8, 36/9, 36/10, 36/11, 36/12, 36/14, 36/16, 36/17, 39/1, 40/1, 40/2, 41/1, 41/2, 41/3, 41/4, 41/5, 41/6, 41/7, 41/8, 42/1, 42/2, 42/3, 42/4, 42/5, 42/6, 42/7, 42/8, 42/9, 42/10, 42/11, 42/12, 42/13, 42/14, 42/15, 42/17,42/19, 42/20, 42/21, 42/22, 42/23, 42/30, 47/1, 43/1, 43/2, 43/3, 43/4, 43/5, 43/6, 43/8, 43/9, 43/11, 43/12, 43/13, 43/14, 43/15,43/16, 43/17, 43/18, 43/19, 43/20, 43/21, 43/22, 44/1, 44/3, 44/4, 44/5, 44/6, 44/7, 44/8, 44/9, 44/10, 44/12, 44/13, 44/14, 44/15, 44/16, 44/18, 44/19, 44/20, 44/21, 44/22, 44/23, 45/1, 45/3, 45/4, 45/6, 45/9, 45/11, 45/13, 47/1, 53/1, 53/2, 53/3, 53/4, 53/5, 187/1, 187/2, 187/3, 187/4, 187/5, 187/8, 190/1, 190/2, 190/3, 190/4, 190/5, 190/6, 190/7, 190/8, 190/9, 190/10, 190/11, 190/12, 190/13, 190/14, 190/15, 192/1, 192/2, 192/3, 192/5, 192/6, 192/7, 192/8, 195/1, 195/2, 195/4, 195/5, 195/6, 196/1, 197/1, 197/2, 197/3, 197/4, 197/5, 198/1, 198/2, 198/3, 198/4, 198/5, 198/7, 199/1, 199/2, 199/3, 199/4, 199/5, 199/6, 200/1, 200/2, 200/3, 200/4, 200/5, 200/6, 201/1, 201/2, 201/3, 202/1, 202/2, 202/3, 202/4, 202/5, 202/6, 202/8, 202/9, 202/10, 202/11, 202/12, 202/13, 204/1, 204/2, 204/3, 204/4, 204/5, 204/6, 204/7, 204/8, 204/9, 205/1, 205/2, 205/3, 205/4, 205/5.

Nasjonalparken dekkjer eit totalareal på ca. 1691 km² .

Grensene for nasjonalparken går fram av kart i målestokk 1:90 000, datert Miljøverndepartementet august 2009. Dei nøyaktige grensene for nasjonalparken skal merkast av i marka og knekkpunkta skal koordinatfestast.

Kartet og verneforskrifta vert oppbevart i Skjåk og Lom kommunar, hjå Fylkesmannen i Oppland, i Luster kommune, hjå Fylkesmannen i og Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 2.Føremål

Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep.

Vidare er føremålet med nasjonalparken å:

-ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
-ta vare på leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde
-ta vare på vassdragsnaturen i området
-ta vare på ein variasjonsrikdom i geologi med særprega geologiske førekomstar, vegetasjon og landskap
-ta vare på grottene i området
-ta vare på kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar

I nasjonalparkar skal ingen varig påverknad av naturmiljø eller kulturminne finne sted, med mindre slik påverknad er en føresetnad for å ivareta føremålet med vernet. 

1. Landskapet
1.1 Vern mot inngrep i landskapet

Med dei unntaka som følgjer av forskrifta pkt. 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep av alle slag, mellom anna oppføring av varige eller mellombelse bygningar, anlegg og innretningar, parkering av campingvogner, motorkøyretøy og maskiner, etablering av oppdrettsanlegg, opplag av båtar, gjerde og anlegg, vegbygging, bergverksdrift, vassdragsregulering, graving, utfylling og lagring av masse, sprenging og boring, bryting av stein, mineral og fossil og fjerning av større stein og blokker, fjerning og øydelegging av biologisk og geologisk materiale i grotter, drenering og anna form for tørrlegging, rissing og måling, festing av boltar, nydyrking, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, opparbeiding og merking av stiar, løyper o.l. Opplistinga er ikkje uttømmande.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar som ikkje fører til bruksendring. Vedlikehald skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utviding.
b)vedlikehald av eksisterande stiar, trasear for skiløyper, skilt, bruer, vardar og liknande, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
c)vedlikehald av eksisterande vatningsanlegg i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
d)oppsetting av saltsteinar og liknande i jordbruksnæring.
e)plukking av mindre steinar.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)ombygging og mindre utviding av bygningar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
b)gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
c)bygging av bruer og legging av klopper.
d)oppsetting av skilt og merking av nye stiar og skiløyper i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
e)ombygging og oppsetting av nye gjerde, sanketrøer og liknande.
f)oppføring av bygningar og anlegg som er naudsynte for utøving av reindrift.
g)bruksendring av eksisterande bygningar.
h)riving av gamle bygningar, anlegg og innretningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
i)oppsetting av kassar for utstyr og proviant ved fiskevatn i Skjåk allmenning i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
j)opplag av båtar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
k)oppsetting av master for elektroniske bjøller på sau i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
l)naudsynte inngrep i samband med artsforvaltning.

Ombygging og utviding skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av plantelivet

Vegetasjon, også daude busker og tre, skal vernast mot skade og øydelegging av alle slag. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.

2.2 Reglane i 2.1 er ikkje til hinder for:
a)beiting.
b)skånsam bruk av trevirke til bålbrenning.
c)sanking av bær og matsopp.
d)plukking av vanlege planter til eigen bruk.
e)bruk av kvist til snarefangst.
2.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)uttak av ved til hytter og setrer i nasjonalparken i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
b)rydding av skog og kratt kring hytter i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
c)rydding og vedlikehald av eksisterande setervollar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
d)plukkhogst av bjørk langs Mysubyttvegen i samsvar med retningsliner fastsette i forvaltningsplanen, jf. § 5. 
3. Dyrelivet
3.1 Vern av dyrelivet

Dyrelivet, medrekna hi, reir, hekke-, yngle- og gyteplassar, er verna mot skade og unødig forstyrring. Utsetting av dyr på land og i vatn er forbode.

3.2 Regelen i pkt. 3.1 er ikkje til hinder for:
a)jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
b)skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
3.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)utsetting av fisk frå lokale fiskestammar der dette er gjort tidlegare.
b)kalking av vatn og elvar som er naudsynt for å hindre at ein art dør ut. Det skal gjennom forvaltningsplanen i § 5 fastsetjast eit referanseområde som ikkje kan kalkast.
c)iverksetting av tiltak for å få villreinen tilbake i søre del av Ottadalen villreinområde, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5. 
4. Kulturminne
4.1 Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Lause kulturminne kan ikkje flyttast eller fjernast.

4.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:

Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 

5. Ferdsel
5.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2 Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan, jf. § 5.

5.3 Sykling, organisert køyring med hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøvar for hund.

Sykling, organisert køyring med hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøvar for hund er berre tillate på trasear, i område og til tider som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen, jf. § 5. Bruk av hest og til kløvjing og gjeting med hund er tillate.

5.4 Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av nasjonalparken kan Miljødirektoratet ved særskilt forskrift regulere eller forby ferdsel som kan skade naturmiljøet.

5.5 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsstyresmakta leggje om eller krevje fjerna merking av stiar og løyper.

5.6 Telting

Telting utover ei veke på same stad krev særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt, jf. forvaltningsplan i § 5.

5.7 Hundar

Hundar må ikkje sleppast lause i tida f.o.m. 1. mars t.o.m. 20. august i område fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.

5.8 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel til lands, på vatn og i lufta under 300 meter frå bakken er forbode.

6.2 Regelen i pkt. 6.1 er ikkje til hinder for:
a)motorferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Regelen gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Forsvarets naudsynte lågtflyging i perioden 1. juni-1. april.
c)naudsynt bruk av snøskuter i samband med utøving av tamreindrift. Leigekøyrar for reineigar eller reindriftsansvarleg må medbringe skriftleg dokumentasjon/avtale med oppdragsgivar for at køyringa skal vere lovleg.
d)motorferdsel for uttransport av sjuke/skadde dyr i medhald av lov om dyrevern. Køyretøy som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring finn stad i tråd med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
6.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Øvingskøyring for føremål nemnde i pkt. 6.2 a).
b)bruk av snøskuter eller luftfartøy for utkøyring av saltstein o.l. for jordbruksføremål, jf. retningsliner fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
c)bruk av snøskuter eller flyging lågare enn 300 m over bakken i samband med leiting etter beitedyr og teljing av dyr.
d)bruk av snøskuter i samband med vedhogst i samsvar med pkt. 2.3.
e)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til hytter og setrer, og for transport av båt og garnkassar.
f)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar til vedlikehald og byggearbeid på hytter, klopper o.l.
g)bruk av lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget eller luftfartøy for uttransport av felt elg og hjort i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
h)bruk av snøskuter eller luftfartøy i samband med kalking og fiskekultivering i samsvar med pkt. 3.3 a) og b).
i)bruk av snøskuter, beltekøyretøy eller luftfartøy i samband med snømåling, drift, vedlikehald og oppgradering/fornying av eksisterande kraftanlegg og telekommunikasjonsanlegg.
j)motorferdsel i samband med molding og vedlikehald av eksisterande vatningsanlegg i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
k)oppkøyring av skiløyper i ytre delar av nasjonalparken i Grotliområdet i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
l)bruk av snøskuter for kvisting av skiløyper i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
m)landing med helikopter i samband med media og filmopptak på Spørteggbreen. Dette gjeld aktivitet/tiltak som bidreg til formidling av informasjon om nasjonalparken.
n)bruk av båt med motor inntil 10 hk på Lundadalsvatnet i samband med fiske, organisert tilsyn med beitedyr, transport i samband med villreinjakt samt transport av varer og utstyr til Trulsbu.
o)motorferdsel i samband med inngrep som er naudsynte for forvaltning av artane i samsvar med pkt. 1.3 bokstav l). 
7. Ureining
7.1 Forbod mot ureining

Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)bruk av sand og liknande til snøsmelting.
b)bruk av plantevernmiddel for stubbebehandling ved rydding av eksisterande setervollar.
7.3 Støy

Unødig støy er forbode. Bruk av motordrivne modellfly o.l. er forbode. Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor i samband med fiskekultivering.

0Endret ved forskrift 15 marss 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon osv som etter planen skal ligg føre innan 1. februar 2010. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endret ved forskrift 15 marss 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endret ved forskrift 15 marss 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgivande utval

Det kan opprettast eit rådgivande utval for forvaltninga av nasjonalparken.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.