Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 2. Strynefjellet landskapsvernområde, Skjåk kommune, Oppland

DatoFOR-2009-08-07-1065
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse07.08.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 frå 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSkjåk kommune, Oppland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§77, LOV-2009-06-19-100-§36, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om Strynefjellet landskapsvernområde

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 7. august 2009 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 og § 77, jf. § 36 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr. i Skjåk kommune: 246/1, 249/4, 249/5, 249/6, 249/7, 249/8, 249/9, 249/10, 249/11, 249/12, 249/13, 249/14, 249/15, 249/16, 249/17, 249/18, 249/19, 249/20, 249/21, 249/22.

Landskapsvernområdet dekkjer eit totalareal på ca. 11,8 km² .

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:35 000, datert Miljøverndepartementet august 2009. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka og knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Skjåk kommune, hjå Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjelde jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 2.Føremål

Føremålet med Strynefjellet landskapsvernområde er å ta vare på eit naturlandskap med økologisk verdi og opplevingsverdi.

Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å:

-ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde.
-ta vare på biologisk mangfald i området, med særleg vekt på leveområde og trekkområde for villreinstammen i Ottadalen villreinområde.
-ta vare på kulturminne som bidreg til landskapet sin eigenart.
-ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.

Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar

I eit landskapsvernområde må det ikkje setjast i verk tiltak som kan endre det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Det skal leggjast vekt på den samla verknaden av tiltak i området. 

1. Landskapet
1.1 Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sitt særpreg eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta pkt. 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring og ombygging av varige eller mellombelse bygningar, anlegg og innretningar, parkering av campingvogner, motorkøyretøy og maskiner, etablering av oppdrettsanlegg, vassdragsregulering, opplag av båtar, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, uttak og fjerning av større stein og blokker, mineral eller fossil, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, opparbeiding og merking av stiar, løyper o.l. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)vedlikehald av bygningar, andre anlegg og innretningar. Vedlikehald skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utviding.
b)vedlikehald av eksisterande stiar, trasear for skiløyper, skilt, bruer, vardar og liknande i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 5.
c)kvisting av eksisterande skiløyper i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
d)vedlikehald av eksisterande vegar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
e)plukking av mindre steinar.
f)parkering av motorkøyretøy i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)ombygging og utviding av bygningar.
b)gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
c)bygging av bruer og legging av klopper.
d)oppsetting av skilt og merking av nye stiar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
e)riving av gamle bygningar, anlegg og innretningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
f)utbetring av Gamle Strynefjellsveg i samråd med kulturminnestyresmakta og i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
g)opplag av båtar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
h)oppsetting av master for elektroniske bjøller på sau, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
i)naudsynte inngrep i samband med artsforvaltning.

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging som kan endre det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Innføring av nye planteartar er forbode. For dyrka mark gjeld forbodet mot innføring av nye planteartar berre planteartar som gjennom spreiing kan redusere verneområdet sin verdi.

2.2 Reglane i pkt. 2.1 er ikkje til hinder for:
a)beiting.
b)skånsam bruk av trevirke til bålbrenning.
c)plukking av vanlege planter til eigen bruk.
d)sanking av bær og matsopp.
e)bruk av kvist til snarefangst.
2.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)innføring av nye planteartar som ikkje er i strid med føremålet med vernet 
3. Dyrelivet

Vernet er ikkje til hinder for:

-jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
-utsetting av fisk frå lokale fiskestammar i samsvar med gjeldande lovverk.
-kalking av vatn eller elvar som er naudsynt for å hindre at ein art dør ut i samsvar med gjeldande lovverk. 
4. Kulturminne
4.1 Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging som kan endre det verna landskapet sin eigenart vesentleg. Lause kulturminne kan ikkje flyttast eller fjernast dersom det kan endre det verna landskapet sin eigenart vesentleg.

4.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 
5. Ferdsel
5.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2 Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan i § 5.

5.3 Sykling, organisert bruk av hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøver for hund

På vegar er sykling, organisert køyring med hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøver for hund tillate. I andre områder er slik aktivitet bare tillate på trasear, i område og til tider som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen i § 5.

Bruk av hest til kløvjing og gjeting med hund er tillate.

5.4 Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved særskilt forskrift regulere eller forby ferdsel som kan skade naturmiljøet.

5.5 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsmynda legge om eller krevje fjerna merking av stiar og løyper.

5.6 Telting

Telting utover ei veke på same stad krev særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan i § 5. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt.

5.7 Hundar

Hundar må ikkje sleppast lause i tida f.o.m. 1. mars t.o.m. 20. august.

5.8 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel til lands og til vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy. Det er forbod mot lågtflyging under 300 meter over bakken.

6.2 Reglane i punkt 6.1 er ikkje til hinder for:
a)motorferdsel ved militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsmynda. Regelen gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Forsvarets naudsynte lågtflyging i perioden 1. juni-1. april.
c)motorferdsel på Gamle Strynefjellsveg f.o.m. 10. juni, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan i § 5.
d)snøbrøyting av Gamle Strynefjellsveg, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
e)motorferdsel for uttransport av sjuke/skadde dyr i medhald av lov om dyrevern. Køyretøy som vert nytta skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring skjer, i tråd med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
6.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)øvingskøyring for føremål nemnde i pkt. 6.2 a).
b)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til hytter, samt for transport av båt og garnkasser.
c)motorferdsel i samband med snømålingar.
d)oppkøyring av skiløyper i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
e)motorferdsel på stikkveg ved Vassvenda og stikkveg på austsida av Langvatnet i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
f)flyging lågare enn 300 m over bakken i samband med leiting etter beitedyr og teljing av dyr.
g)bruk av snøskuter eller luftfartøy i samband med kalking og fiskekultivering etter pkt. 3.1.
h)naudsynt motorferdsel i samband med vedlikehald og utbetring av Gamle Strynefjellsveg, etter pkt. 1.2 d), pkt. 1.3 f) eller pkt. 7.2.
i)naudsynt motorferdsel for drifta av Strynefjellet sommarskisenter, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
j)Motorferdsel i samband med inngrep som er naudsynte for forvaltning av artane etter pkt. 1.3 bokstav i). 
7. Ureining
7.1 Forbod mot ureining

Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:

Bruk av sand, kalk og liknande til snøsmelting.

7.3 Støy

Unødig støy skal unngåast. Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor i samband med fiskekultivering og bruk av krattfjernar ved rydding av kratt.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon osv som etter planen skal ligg føre innan 1. februar 2010. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta eller den som forvaltningsstyresmakta bestemmer kan setje i verk skjøtselstiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgivande utval

Det kan opprettast eit rådgivande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet i lag med dei andre verneområda i Breheimen.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.