Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 4. Høydalen landskapsvernområde, Lom kommune, Oppland

DatoFOR-2009-08-07-1067
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse07.08.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 frå 01.07.2013
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§77, LOV-2009-06-19-100-§36, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om Høydalen landskapsvernområde

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 7. august 2009 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 og § 77, jf. § 36 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr. i Lom kommune: 155/1.

Landskapsvernområdet dekkjer eit totalareal på ca. 11,1 km² .

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:35 000, datert Miljøverndepartementet august 2009. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka og knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Lom kommune, hjå Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjelde jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 2.Føremål

Føremålet med Høydalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi, og som er identitetsskapande.

Vidare er føremålet med vernet å:

-ta vare på eit verdifullt setermiljø, vegetasjon og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.
-ta vare på biologisk mangfald som pregar landskapet.
-ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
-ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.

Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar

I eit landskapsvernområde må det ikkje setjast i verk tiltak som kan endra det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Det skal leggjast vekt på den samla verknaden av tiltak i området. 

1. Landskapet
1.1 Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sitt særpreg eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta pkt. 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring og ombygging av varige eller mellombelse bygningar, anlegg og innretningar, parkering av campingvogner, motorkøyretøy og maskiner, etablering av oppdrettsanlegg, vassdragsregulering, opplag av båtar, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, uttak og fjerning av større stein og blokker, mineral eller fossil, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, opparbeiding og merking av stiar, løyper o.l. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar. Vedlikehald skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utviding.
b)vedlikehald av eksisterande stiar, skilt, bruer, vardar og liknande i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 5.
c)vedlikehald av eksisterande veg til Nordre Høydalen seter i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
d)drift, rydding og vedlikehald av jordbruksareal ved Søre Høydalen seter og Nordre Høydalen seter. Retningslinjer for drift vert fastsette i forvaltningsplan.
e)anlegg av sanketrøer og naudsynt gjerding for Søre Høydalen seter og Nordre Høydalen seter.
f)drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg, medrekna naudsynt istandsetting ved akutt utfall, i Bukkabotnen.
g)drift og vedlikehald av eksisterande telefonlinje.
h)oppsetting av saltstein og liknande i jordbruksnæring.
i)plukking av mindre steinar.
j)parkering av motorkøyretøy i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
k)vedlikehald av eksisterande vatningsanlegg i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)ombygging og utviding av bygningar.
b)gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
c)oppføring av bygningar, innretningar og anlegg som er naudsynte til jordbruksføremål for setrene i Søre Høydalen og Nordre Høydalen.
d)oppføring av bygningar, innretningar og anlegg som er naudsynte for utøving av tamreindrift.
e)oppattaking av jordbruksdrift på nedlagde setervollar.
f)riving av seteranlegg.
g)oppdyrking/beitekultivering av nye areal i tilknyting til eksisterande setrer.
h)omlegging og opprusting av vegar for jord- og skogbruksføremål.
i)bygging av bruer og legging av klopper.
j)oppsetting av skilt og merking av nye stiar.
k)oppgradering/fornying av energi- og kraftanlegg som ikkje fell inn under § 3 pkt. 1.2.
l)riving av gamle bygningar, anlegg og innretningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
m)tilrettelegging av plass for enkel parkering ved setrene.
n)opplag av båtar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
o)legging av jordkabel for framføring av straum til bygningar i området.
p)opprusting og vedlikehald av anleggsvegen frå Nordre Høydalen til Bukkabotnen i samband med tiltak etter pkt. 1.2 f eller pkt. 1.3 k.
q)oppsetting av master for elektroniske bjøller på sau, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
r)naudsynte inngrep i samband med artsforvaltning.

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging som kan endre det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Innføring av nye planteartar er forbode. For dyrka mark gjeld forbodet mot innføring av nye planteartar berre planteartar som gjennom spreiing kan redusere verneområdet sin verdi.

2.2 Reglane i pkt. 2.1 er ikkje til hinder for:
a)beiting.
b)skånsam bruk av trevirke til bålbrenning.
c)plukking av vanlege planter til eigen bruk.
d)sanking av bær og matsopp.
e)bruk av kvist til snarefangst.
2.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)rydding av skog og kratt kring hytter i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
b)rydding av nye stiar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
c)innføring av nye planteartar som ikkje er i strid med føremålet med vernet.
2.4 Hogst av ved og rydding av kratt

Hogst av ved og rydding av kratt er tillate i samsvar med gjeldande lovverk. Særmerkte, dekorative og daude tre som pregar landskapet skal ikkje hoggast. 

3. Dyrelivet

Vernet er ikkje til hinder for:

-jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
-utsetting av fisk frå lokale fiskestammar i samsvar med gjeldande lovverk.
-kalking av vatn eller elvar som er naudsynt for å hindre at ein art dør ut i samsvar med gjeldande lovverk. 
4. Kulturminne
4.1. Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging som kan endre det verna landskapet sin eigenart vesentleg. Lause kulturminne kan ikkje flyttast eller fjernast dersom det kan endre det verna landskapet sin eigenart vesentleg.

4.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 
5. Ferdsel
5.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2 Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan i § 5.

5.3 Sykling, organisert bruk av hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøver for hund

På vegar er sykling, organisert køyring med hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøver for hund tillate. I andre områder er slik aktivitet bare tillate på trasear, i område og til tider som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen i § 5.

Bruk av hest til kløvjing og gjeting med hund er tillate.

5.4 Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved særskilt forskrift regulere eller forby ferdsel som kan skade naturmiljøet.

5.5 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsstyresmakta legge om eller krevje fjerna merking av stiar og løyper.

5.6 Telting

Telting utover ei veke på same stad krev særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan § 5. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt.

5.7 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje naudsynt ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel til lands og til vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy. Det er forbod mot lågtflyging under 300 meter over bakken.

6.2 Reglane i punkt 6.1 er ikkje til hinder for:
a)motorferdsel ved militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Regelen gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Forsvarets naudsynte lågtflyging.
c)motorferdsel på innmark i samband med drift av jordbruksareal.
d)bruk av lett beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget for uttransport av felt elg og hjort.
e)naudsynt bruk av snøskuter i samband med tamreindrift. Leigekøyrar for reineigar eller reindriftsansvarleg må ha med skriftleg dokumentasjon/avtale med oppdragsgivar for at køyringa skal vere lovleg.
f)motorferdsel på eksisterande bilveg inn til Nordre Høydalen seter, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
g)motorferdsel i samband med akutt utfall på kraftanlegg og telefonlinje. Det skal i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
h)motorferdsel for uttransport av sjuke/skadde dyr i medhald av lov om dyrevern. Køyretøy som vert nytta skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring skjer, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
6.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)øvingskøyring for føremål nemnde i pkt. 6.2 a).
b)bruk av snøskuter i samband med husdyrhald.
c)motorferdsel i samband med vedhogst og rydding av kratt etter pkt. 2.4.
d)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av varer og utstyr til hytter og setrer, samt for transport av båt.
e)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar til byggearbeid og vedlikehald på bygningar, anlegg og innretningar.
f)motorferdsel i samband med drift, vedlikehald og oppgradering/fornying av eksisterande kraftanlegg og telefonlinje.
g)bruk av snøskuter eller flyging lågare enn 300 m over bakken i samband med leiting etter beitedyr og teljing av dyr.
h)motorferdsel på anleggsvegen mellom Nordre Høydalen og Bukkabotnen for tilsyn med beitedyr, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplanen, jf. § 5.
i)bruk av snøskuter eller luftfartøy i samband med kalking og fiskekultivering etter pkt. 3.1.
j)motorferdsel i samband med molding og vedlikehald av eksisterande vatningsanlegg i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
k)bruk av snøskuter i samband med drift av Høydalseter turiststasjon, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
l)motorferdsel i samband med inngrep som er naudsynte for forvaltning av artane etter pkt. 1.3 bokstav r. 
7. Ureining
7.1 Forbod mot ureining

Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)bruk av sand og liknande til snøsmelting.
b)bruk av plantevernmiddel for stubbebehandling ved rydding av eksisterande setervollar.
7.3 Støy

Unødig støy skal unngåast. Dette gjeld ikkje bruk av motorisert isbor ved fiskekultivering og bruk av krattfjernar ved rydding av kratt.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon osv som etter planen skal ligg føre innan 1. februar 2010. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer kan setje i verk skjøtselstiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgivande utval

Det kan opprettast eit rådgivande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet i lag med dei andre verneområda i Breheimen.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.