Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 5. Mørkridsdalen landskapsvernområde, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2009-08-07-1068
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse07.08.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 frå 01.07.2013
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§77, LOV-2009-06-19-100-§36, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om Mørkridsdalen landskapsvernområde

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 7. august 2009 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 og § 77, jf. § 36 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 184 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Landskapsvernområdet gjeld følgjande gnr./bnr. i Luster kommune: 3/1, 3/2, 3/3, 3/7, 3/9, 3/10, 3/12, 3/14, 4/1, 4/2, 4/3, 4/4, 4/5, 4/6, 4/7, 5/1, 5/2, 6/1, 6/2, 6/3, 8/1, 8/2, 8/3, 8/5, 14/1, 14/2, 14/3, 14/5, 18/1, 19/1, 20/1, 20/2, 20/3, 20/4, 20/5, 20/6, 20/7, 20/8, 20/9, 20/10, 20/11, 20/12, 20/13, 20/14, 20/15, 20/16, 20/17, 20/18, 20/19, 20/20, 20/23, 20/24, 20/25, 20/26, 20/27, 20/28, 20/29, 20/30, 20/32, 20/33, 20/34, 20/35, 20/36, 20/37, 20/38, 20/39, 20/40, 20/41, 20/42, 20/43, 20/44, 20/45, 20/46, 20/48, 20/49, 20/50, 20/51, 20/52, 21/1, 21/3, 21/4, 21/5, 21/6, 21/7, 21/8, 21/9, 21/10, 22/1, 22/2, 22/3, 22/4, 23/1, 24/1, 24/2, 24/3, 24/4, 25/1, 25/2, 25/3, 25/4, 25/5, 25/6, 25/7, 25/8, 25/9, 25/10, 25/11, 25/12, 25/13, 25/14, 25/15, 26/1, 26/2, 26/3, 26/4, 26/5, 26/6, 26/9, 27/1, 27/2, 27/3, 27/4, 27/5, 27/6, 27/7, 27/8, 27/9, 27/10, 27/13, 27/14, 42/1, 42/2, 42/3, 42/4, 42/5, 42/6, 42/7, 42/8, 42/10, 42/11, 42/12, 42/13, 42/14, 42/15, 42/17, 42/18, 42/19, 42/20, 42/21, 42/22, 42/23, 42/30, 47/1.

Landskapsvernområdet dekkjer eit totalareal på ca. 34,7 km² .

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:50 000, datert Miljøverndepartementet august 2009. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Luster kommune, hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking,

§ 2.Føremål

Føremålet med Mørkridsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande.

Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å:

-ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker
-ta vare på geologiske førekomstar og breforma landskap som U-dalar, breane sine avsetningar og andre kvartærgeologiske førekomstar
-ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur, særleg knytt til Mørkridsdalselvi
-ta vare på edellauvskogen med særmerkte, store og/eller gamle dekorative levande og daude tre, førekomstar av gamal furuskog og rasmarker som pregar landskapet.

Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

§ 3.Vernereglar

I eit landskapsvernområde må det ikkje setjast i verk tiltak som kan endre det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Det skal leggjast vekt på den samla verknaden av tiltak i området. 

1. Landskapet
1.1 Inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sitt særpreg eller karakter. Med dei unntaka som følgjer av forskrifta pkt. 1.2 og 1.3 er det forbod mot inngrep som vegbygging, oppføring og ombygging av varige eller mellombelse bygningar, anlegg og innretningar, parkering av campingvogner, motorkøyretøy og maskiner, etablering av oppdrettsanlegg, vassdragsregulering, opplag av båtar, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, uttak og fjerning av større stein og blokker, mineral eller fossil, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, nyplanting, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, opparbeiding og merking av stiar, løyper o.l. Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Opplistinga er ikkje uttømmande.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)vedlikehald av bygningar og andre anlegg. Vedlikehald skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utviding.
b)vedlikehald av eksisterande stiar, skilt, bruer, vardar og liknande i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
c)vedlikehald av eksisterande kløvjavegar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan § 5.
d)drift, rydding og vedlikehald av jordbruksareal i stølsområda. Retningslinjer for drift vert fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
e)oppsetting av sanketrøer og naudsynt gjerding i tilknyting til stølsområda.
f)oppsetting av saltsteinar og liknande i jordbruksnæring.
g)plukking av mindre steinar.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)ombygging og utviding av bygningar.
b)gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
c)oppføring av bygningar, innretningar og anlegg som er naudsynte til jordbruksføremål på stølsvollar der det er bygningar frå før.
d)tilrettelegging for vinterveg for transport av ved aust for Hødnavollen.
e)utbetring av kløvjavegane til Osen og inn Mørkridsdalen i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
f)riving av gamle bygningar, anlegg og innretningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
g)bygging av bruer og legging av klopper.
h)oppsetting av skilt og merking av nye stiar.
i)uttak av sand/skjellsand til eigen bruk i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
j)oppsetting av kassar for utstyr og proviant ved fiskevatn der det eksisterer kassar frå før, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
k)parkering av maskiner naudsynte til jordbruksføremål.
l)oppsetting av master for elektroniske bjøller på sau i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
m)naudsynte inngrep i samband med artsforvaltning.
n)Oppføring av eit kulturlandskapsenter med inntil 8 stølshus i tilknyting til ein av stølane.

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av plantelivet

Plantelivet skal vernast mot skade og øydelegging som kan endre det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Innføring av nye planteartar er forbode. For dyrka mark gjeld forbodet mot innføring av nye planteartar berre planteartar som gjennom spreiing kan redusere verneområdet sin verdi.

2.2 Regelen i 2.1 er ikkje til hinder for:
a)beiting.
b)skånsam bruk av trevirke til bålbrenning.
c)plukking av bær og matsopp.
d)plukking av vanlege planter til eigen bruk.
e)hogst og fjerning av gran.
2.3. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)rydding av beite i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
b)lauving i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
c)innføring av nye planteartar som ikkje er i strid med føremålet med vernet.
2.4 Hogst av ved

Særmerkte, store og/eller gamle og dekorative levande og daude tre som pregar landskapet skal ikkje hoggast. Hogst av ved til eigen bruk og til hytter og stølar i landskapsvernområdet er tillate i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.

Hogst skal skje som gjennomhogst, men hogstflater inntil 1 daa er tillate. 

3. Dyrelivet

Vernet er ikkje til hinder for:

-jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
-utsetting av fisk frå lokale fiskestammar i samsvar med gjeldande lovverk.
-kalking av vatn eller elvar som er naudsynt for å hindre at ein art dør ut i samsvar med gjeldande lovverk. 
4. Kulturminne
4.1. Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging som kan endre det verna landskapet sin eigenart vesentleg. Lause kulturminne kan ikkje flyttast eller fjernast dersom det kan endre det verna landskapet sin eigenart vesentleg.

4.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 
5. Ferdsel
5.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2 Organisert ferdsel

Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.

Organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplan § 5.

5.3 Sykling, organisert bruk av hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøver for hund

På vegar er sykling, organisert køyring med hundespann, organisert bruk av hest og bruksprøver for hund tillate. I andre områder er slik aktivitet bare tillate på trasear, i område og til tider som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen i § 5.

Bruk av hest til kløvjing og gjeting med hund er tillate.

5.4 Regulering av ferdsel

Innanfor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved særskilt forskrift regulere eller forby ferdsel som kan skade naturmiljøet.

5.5 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsstyresmakta legge om eller krevje fjerna merking av stiar og løyper.

5.6 Telting

Telting utover ei veke på same stad krev særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt, jf. forvaltningsplan § 5.

5.7 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i punkt 5 gjeld ikkje ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel til lands og til vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy. Det er forbod mot lågtflyging under 300 meter over bakken.

6.2 Reglane i punkt 6.1 er ikkje til hinder for:
a)motorferdsel ved militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Regelen gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Forsvarets naudsynte lågtflyging.
c)bruk av helikopter eller snøskuter i samband med akutt utfall på kraftlinjer og kraftanlegg. Det skal i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
d)motorferdsel for uttransport av sjuke/skadde dyr i medhald av lov om dyrevern. Køyretøy som vert nytta skal være skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring skjer, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan § 5.
e)lågtflyging mindre enn 300 meter over bakken ved helikoptertransport mellom Mørkrid og Osen.
6.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)øvingskøyring for føremål nemnde i pkt. 6.2 a).
b)utkøyring av saltstein o.l. på vinterføre for jordbruksføremål i tråd med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.
c)bruk av snøskuter eller luftfartøy for ferdsel til stølar i samband med jordbruk og skogbruk.
d)motorferdsel i samband med vedhogst til eigen bruk etter pkt. 2.4.
e)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar, ved, varer og utstyr til hytter og stølshus.
f)bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar til vedlikehald og byggearbeid på bygningar, anlegg og innretningar.
g)bruk av luftfartøy for uttransport av felt elg og hjort.
h)transport av materialar, ved, utstyr og varer til stølar og hytter med snøskuter når det skjer gjennom leigekøyringsordning i Luster kommune og i medhald av forvaltningsplan, jf. § 5.
i)bruk av snøskuter eller luftfartøy i samband med kalking og fiskekultivering etter pkt. 3.1
7. Ureining
7.1 Forbod mot ureining

Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel og kunstgjødsel som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)bruk av sand og liknande til snøsmelting.
b)bruk av plantevernmiddel for stubbebehandling ved rydding av eksisterande stølsvollar.
7.3 Støy

Unødig støy skal unngåast.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 184 (i kraft 1 juli 2013).
§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon osv som etter planen skal ligg føre innan 1. februar 2010. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 184 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer kan setje i verk skjøtselstiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 184 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8.Rådgivande utval

Det kan opprettast eit rådgivande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet i lag med dei andre verneområda i Breheimen.

§ 9.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.