Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 7. Høyrokampen naturreservat, Lom kommune, Oppland

DatoFOR-2009-08-07-1070
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse07.08.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort13.08.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om Høyrokampen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 7. august 2009 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet gjeld gnr./bnr. 155/1 i Lom kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på 9,91 km² .

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20 000 datert Miljøverndepartementet august 2009. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka og knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Lom kommune, hjå Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjelde jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 2.Føremål

Føremålet med Høyrokampen naturreservat er å ta vare på eit område som inneheld sjeldsynte og trua karplantar, lav, mosar og sopp. Området har ein særskilt verdi som botanisk lokalitet.

Vidare er føremålet med naturreservatet å ta vare på eit område med særskilt verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, økosystem, plante- og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. Reservatet har stor variasjon i naturtypar, mellom anna sørvendt berg og rasmark, naturbeitemark, kalkrike område i fjellet og kalkskog. Området har og særskilt naturvitskapleg verdi som vitskapleg og pedagogisk referanseområde.

§ 3.Vernereglar

I eit naturreservat må ingen foreta noe som forringar verneverdiane angitt i føremålet med vernet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjon, mellom anna daude busker og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbod mot å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller deler av desse frå reservatet. Planting eller såing av trær og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, mellom anna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller midlertidige innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l, opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkledningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, plassering av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
d)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
e)Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Beiting.
d)Vedlikehald av anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet.
e)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande regelverk.
f)Skånsam bruk av trevirke eller medboren ved til bålbrenning, i samsvar med gjeldande lovverk.
§ 5.Regulering av ferdsel

For naturreservatet gjeld føljande reglar om ferdsel:

a)All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminnar.
b)Motorferdsel til lands og på vatn, mellom anna start og landing med luftfartøy, er forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane
a)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemde av forvaltningsstyresmakta. Dette unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyring kan først finne stad etter at det sjuke/skadde dyret er lokalisert. Køyretøy som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring finn stad.
c)Naudsynt bruk av beltekøyretøy på vinterføre i samband med utøving av tamreindrift. Leigekøyrar for reineigar eller reindriftsansvarleg må ha med skriftleg dokumentasjon/avtale med oppdragsgivar for at køyringa skal vere lovleg.
d)Bruk av hest for uttransport av felt storvilt og i samband med jordbruksverksemd.
§ 7.Unntak det kan gis løyve til

Forvaltningsstyremakta kan etter søknad gi løyve til:

a)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsårer i området.
b)Avgrensa bruk av naturreservatet i samband med arrangement i § 3 bokstav d).
c)Plukkhogst for uttak av ved i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan.
d)Vedlikehald av eksisterande rassikringsvollar og utvida rassikring.
e)Gjenoppføring av anlegg om innretningar som går tapt ved brann eller naturskade.
f)Legging av jordkabel for framføring av straum til hytter ved naturreservatet.
g)Naudsynte inngrep i samband med forvaltning av artene.
h)Oppsetting av master for elektroniske bjøller på sau, i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplanen.
i)Naudsynt bruk av snøskuter for transport av ved, varer, materialer og utstyr til hytter og setre ved Bøvertjønnin og i Høydalen.

Forvaltningsstyremakta kan vidare gi løyve til naudsynt motorferdsel i samband med:

j)felt elg og hjort med køyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
k)øvingsverksemd knytt til føremålet nemnde i § 6 bokstav a).
l)beiting jf. § 4 bokstav c).
m)vedlikehald av anlegg og innretningar jf. § 4 d).
n)rassikring, jf. § 7 bokstav d).
o)legging av jordkabel, jf. § 7 bokstav f).
p)drifta av Høydalseter turiststasjon.
q)forvaltning av artene, jf. § 7 bokstav g).
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyremakta eller den forvaltningsstyremakta bestemmer, kan foreta skjøtsel for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidas forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning og skjøtsel av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.