Forskrift om område for obligatorisk opplæring i bruk av beltemotorsykkel (snøscooter) i Holbygda, Voss kommune, Hordaland og Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-11-23-1424
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.12.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland og Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4a, FOR-1988-05-15-356-§3
Kunngjort03.12.2009   kl. 14.40
KorttittelForskrift om snøscooteropplæring, Holbygda

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Hordaland 23. november 2009 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4a og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag § 3 første ledd bokstav h.

§ 1.Virkeområde

Denne forskrifta fastset område i fylka Sogn og Fjordane og Hordaland for obligatorisk opplæring i førarkort klasse S, for bruk av beltemotorsykkel (snøscooter).

Den obligatoriske opplæringa i førarkort klasse S skal skje i samsvar med kapittel 14 i forskrift 1. oktober 2004 nr. 1339 om trafikkopplæring og førarprøve m.m. Førarkort i klasse S er definert i § 3-17 i forskrift 19. januar 2004 nr. 298 om førarkort m.m.

§ 2.Område for obligatorisk opplæring

Eit område nedanfor Kasetstølen i Holbygda i Voss kommune er sett av til opplæring i førarkort klasse S for trinn 2, 3 og 4 i bruk av beltemotorsykkel (snøscooter).

Avgrensing av øvingsområdet går fram av vedlagte kart. Området er på om lag 1570 dekar. Tilkomstvegen som er merka på kartet vert rekna som ein del av øvingsområdet då denne er naudsynt for å kome seg inn til området med snøscooter. Vedlagte kart er ein del av denne forskrifta.

§ 3.Avgrensing som gjeld for området for øvingskøyring

Området kan nyttast til øvingskøyring etter reglane for opplæring til førarkort klasse S i tidsperioden 15. november til 25. april, med unntak for perioden frå og med 24. desember til og med 1. januar og fredag før palmehelg til og med 2. påskedag. Området kan nyttast alle virkedagar i gyldig periode. Helgebruk er tillate utanom eventuelle helger som grunneigarane før sesongen har bestemt skal vere utan køyring.

Dersom villrein trekker ned i øvingsområdet grunna nedising av beite i høgda kan Voss kommune stogge øving i området i samråd med grunneigarane.

§ 4.Forbod

Praktisk opplæring i førarkort klasse S for bruk av beltemotorsykkel (snøscooter) i utmark er forbode utanfor det avsette området i Holbygda, Voss kommune i Hordaland.

Forbodet gjeld ikkje i område avsett til spesialområde for motorsport, motocross o.l. i reguleringsplan, og der dei utfyllande føresegne til planen opnar for køyring med beltemotorsykkel (snøscooter) i Hordaland og Sogn og Fjordane. For slike område kan øvingskøyring i trinn 2 og delar av trinn 3 gjennomførast.

§ 5.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. desember 2009.

Kartvedlegg 

pdf.gif