Forskrift om vern av Presteheie naturreservat, Vinje kommune, Telemark

DatoFOR-2010-03-05-336
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse05.03.2010
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort11.03.2010   kl. 14.40
KorttittelForskrift om Presteheie naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 5. mars 2010 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet omfattar gnr./bnr. 64/1 i Vinje kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 4 496 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:15 000 dagsett Miljøverndepartementet februar 2010. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Vinje kommune, hos Fylkesmannen i Telemark fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 2.Føremål

Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit nær urørt naturområde som har særskilt naturvitskapleg verdi som døme på urørt og fattig fjellbarskog med mange element frå naturskog og urskog, og som er typisk for gammal barskog i dette høgdelaget.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjera noko som forringar verneverdiane nemnde i føremålet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er forbode.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tøming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane er ikkje til hinder for:

1.Sanking av bær og matsopp.
2.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
3.Oppsetting av mellombels, mobile jakttårn for storviltjakt.
4.Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
5.Beiting.
6.Brenning av bål i perioden f.o.m. 15. september t.o.m. 15. april med tørrkvist eller ved ein har med seg.
7.Vedlikehald av eksisterande bygningar på Nystøyl.
8.Drift, vedlikehald og naudsynt istandsetjing ved akutt utfall av eksisterande energi- og kraftanlegg.
9.Oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje føreset vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
10.Vegetasjonsrydding og skjøtsel i samråd med forvaltingsstyresmakta for å halda dei opphavelege setervollane på Nystøyl, Listøyl og Vasslausstøylen opne.
§ 5.Regulering av ferdsel

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

1.All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.
2.Motorferdsel til lands og på vatn, mellom anna start og landing med luftfartøy, er forbode.
3.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Ferdselsreglane er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.
2.Naudsynt motorferdsle i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som vert nytta skal vera skånsame mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før transporten vert gjort.
3.Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Det skal sendast melding til forvaltingsstyresmakta etter at transporten er gjort.
4.Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
§ 7.Unntak det kan gjevast løyve til

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Avgrensa bruk av naturreservatet for aktivitetar nemnde i § 3 nr. 4.
2.Oppgradering/fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4 nr. 9.
3.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
4.Hogst av etablerte plantefelt.
5.Istandsetting og vedlikehald av kulturminne.
6.Forsiktig rydding av småbuskar og kvist på postar i samband med jakt etter elg, hjort og rådyr.
7.Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
8.Naudsynt motorferdsle i samband med:
-vedlikehald av bygningar på Nystøyl, jf. § 4 nr. 7,
-øvingskøyring for formål nemnde i § 6 nr. 1,
-oppgradering/fornying av kraftleidningar, jf. § 4 nr. 9 og § 7 nr. 2,
-drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg, jf. § 4 nr. 8,
-hogst av etablerte plantefelt, jf. § 7 nr. 4,
-oppføring av gjerder og samleanlegg for beite, jf. § 7 nr. 9,
-utkjøring av saltslikkestein på snødekt mark, jf. § 7 nr. 10.
9.Oppføring av gjerder og samleanlegg for beite.
10.Utkjøring av saltslikkestein på snødekt mark.
11.Gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
12.Nødvendig bruk av beltekjøretøy på vinterføre eller luftfartøy for transport av materialer til gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyremakta eller den forvaltningsstyremakta bestemmer, kan iverksetje tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.