Forskrift om verneplan for hekkande sjøfugl. Vern av Muleneset naturreservat, Herøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-05-28-853
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2010
Sist endretFOR-2016-04-28-448
Endrer
Gjelder forHerøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort22.06.2010   kl. 14.50
KorttittelForskrift om Muleneset naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 28. mai 2010 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 13 nov 2014 nr. 1413, 28 april 2016 nr. 448.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet vedkjem gnr./bnr. 7/3, 7/5, 8/1, 8/4, 8/5 og 8/70 i Herøy kommune.

Naturreservatet er på omlag 0,447 km² , av dette er omlag 0,255 km² landareal og omlag 0,192 km² sjøareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000, datert Miljøverndepartementet mars 2010. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart blir oppbevart i Herøy kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som blir laga etter grensemerking.

0Endra med forskrift 13 nov 2014 nr. 1413.
§ 2.Formål

Formålet med naturreservatet er å ta vare på eit område med særskilt verdi for biologisk mangfald. Området er eit tilnærma urørt bratt område nordvest på Nerlandsøya, som med sjøområdet utanfor og naturleg tilhøyrande plante- og dyreliv, utgjer ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna toppskarv, havhest, teist og måker.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiane som er angitt i verneformålet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon på land og i vatn (inkludert tang og tare) er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing av trær og anna vegetasjon er forbode.
2.Dyrelivet, inkludert reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Hundar skal holdast i band. Utsetjing av dyr er forbode.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som f.eks. oppføring av bygningar, anlegg, gjerder, andre varige eller mellombelse innretningar, etablering av oppdrettsanlegg, bortsetting av brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, nyplanting, oppdyrking, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte tilføringar av forureining, bortlegging av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
2.Beiting. Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet regulere beitetrykket ved forskrift i heile eller delar av reservatet.
3.Sanking av bær og matsopp og plukking av vanlege planteartar inkludert tang til privat bruk.
4.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
5.Vedlikehald av anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet.
6.Vedlikehald av gjerde.
7.Utsetting og gjenfangst av stadeigne marine organismar i forbindelse med havbeitenæring etter akvakulturlova.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminnar.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar for ferdsel:

1.I tida frå og med 1. mai til og med 31. juli er det forbod mot ferdsel på land i verneområdet.
2.Motorferdsel på land er forbode.
3.Start og landing av luftfartøy og lavtflygning under 300 meter er forbode.
4.Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av reservatet ved forskrift.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Reglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær verksemd og tiltak som gjeld politi-, brannvern-, ambulanse-, oljevern, redningsteneste- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 5 2. ledd er ikkje til hinder for:

1.Ferdsel i samband med drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
2.Nødvendig ferdsel i samband med beite, inklusive tilsyn med dyr på beite, vedlikehald av gjerde og liknande.
3.Nødvendig motorferdsel i forbindelse med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som vert nytta skal være skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarlig oppsyn for verneområdet før køyring.
4.Ferdsel på land ved bruk av landfeste i forbindelse med yrkesfiske.
5.Forsvarets nødvendige lavtflyging.
0Endra med forskrift 28 april 2016 nr. 448.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi dispensasjon til:

1.Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
2.Oppsetting av gjerde for regulering av beite.
3.Etablering av landfeste for fiskereiskap.
4.Ferdsel på land for fangst av mink.
5.Rydding av vegetasjon på land.
6.Nødvendig motorferdsel i forbindelse med aktivitetar etter § 4 nr. 5 og 6, § 6 2. ledd nr. 1 og § 7 nr. 1, 2, 4 og 5.
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot vernevedtaket sitt formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan iverksetje skjøtsel for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidas forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2010.