Forskrift om verneplan for hekkande sjøfugl. Vern av Måsehamrane naturreservat, Haram kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-05-28-863
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2010
Sist endretFOR-2016-04-28-448
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort22.06.2010   kl. 14.50
KorttittelForskrift om Måsehamrane naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 28. mai 2010 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 10 aug 2015 nr. 967, 28 april 2016 nr. 448.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet vedkjem gnr./bnr. 18/1, 18/2, 18/4, 18/6, 18/9, 18/10, 18/11, 18/12, 19/1, 19/2, 19/3, 19/4 og 19/27 i Haram kommune.

Naturreservatet er på omlag 0,176 km² landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000, datert Miljøverndepartementet mars 2010. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet blir merka av i marka. Knekkpunkta for grensene for verneområdet skal koordinatfestas.

Verneforskrifta med kart blir oppbevart i Haram kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som lages etter grensemerking.

0Endra med forskrift 10 aug 2015 nr. 967.
§ 2.Formål

Formålet med naturreservatet er å ta vare eit område som har særskilt verdi for biologisk mangfald og som inneheld trua, sjeldsynt og sårbar natur. Området består av tilnærma urørte bratte fjellsider med fuglefjellskarakter nær sjøen, som med naturleg tilhøyrande plante- og dyreliv utgjer ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna gråmåke, havhest og toppskarv. Området har også stor botanisk verneverdi med varmekjære og atlantiske floraelement og rik insekt- og fuglefauna.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiane som er angitt i verneformålet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing av trær og anna vegetasjon er forbode.
2.Dyrelivet, inkludert reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Hundar skal holdast i band. Utsetjing av dyr er forbode.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som f.eks. oppføring av bygningar, anlegg, gjerder, andre varige eller mellombelse innretningar, bortsetting av brakker e.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, nyplanting, oppdyrking, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte tilføringar av forureining, bortlegging av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Beiting. Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet regulere beitetrykket ved forskrift i heile eller delar av reservatet.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt og fangst i samsvar med gjeldande lovverk.
4.Vedlikehald av anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet.
5.Vedlikehald av gjerde.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminnar.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar for ferdsel:

1.I tida frå og med 1. mai til og med 31. juli er det forbod mot ferdsel i verneområdet, med unntak av stien øvst i reservatet.
2.Start og landing av luftfartøy og lavtflygning under 300 meter er forbode.
3.Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av reservatet ved forskrift.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Reglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær verksemd og tiltak som gjeld politi-, brannvern-, ambulanse-, oljevern-, redningsteneste- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 5 2. ledd er ikkje til hinder for:

1.Nødvendig ferdsel i samband med beite, inklusive tilsyn med dyr på beite, vedlikehald av gjerde og liknande.
2.Forsvarets nødvendige lavtflyging.
0Endra med forskrift 28 april 2016 nr. 448.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi dispensasjon til:

1.Ferdsel på land for fangst av mink.
2.Oppsetting av gjerde for regulering av beite.
3.Rydding av vegetasjon.
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot vernevedtaket sitt formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan iverksetje skjøtsel for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidas forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2010.