Forskrift om verneplan for hekkande sjøfugl. Vern av Vistdalsholmen naturreservat, Nesset kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-05-28-870
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2010
Sist endretFOR-2016-04-28-448
Endrer
Gjelder forNesset kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort22.06.2010   kl. 14.50
KorttittelForskrift om Vistdalsholmen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 28. mai 2010 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 28 april 2016 nr. 448.

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet vedkjem gnr./bnr. 99/98 i Nesset kommune.

Naturreservatet er på omlag 0,127 km² , av dette er omlag 0,033 km² landareal og omlag 0,094 km² sjøareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:3 000, datert Miljøverndepartementet mars 2010. Knekkpunkta for grensene for naturreservatet skal koordinatfestas.

Verneforskrifta med kart blir oppbevart i Nesset kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som lages etter grensemerking.

§ 2.Formål

Formålet med naturreservatet er å ta vare på eit område med særskilt verdi for biologisk mangfald. Området er ein av svært få holmar i indre fjordstrøk i fylket, som er tilnærma urørt og som med opne parti og svaberg, omliggande sjøområde og naturleg tilhøyrande plante- og dyreliv, utgjer ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna fiskemåke og andre måkeartar.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiane som er angitt i verneformålet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon på land og i vatn (inkludert tang og tare) er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing av trær og anna vegetasjon er forbode.
2.Dyrelivet, inkludert reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Hundar skal holdast i band. Utsetjing av dyr er forbode.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som f.eks. oppføring av bygningar, anlegg, gjerder, andre varige eller mellombelse innretningar, etablering av oppdrettsanlegg, bortsetting av brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, nyplanting, oppdyrking, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte tilføringar av forureining, bortlegging av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
2.Beiting. Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet regulere beitetrykket ved forskrift i heile eller delar av reservatet.
3.Sanking av bær og matsopp og plukking av vanlege planteartar inkludert tang til privat bruk.
4.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
5.Vedlikehald av anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet.
6.Vedlikehald av gjerde.
7.Utsetting og gjenfangst av stadeigne marine organismar i forbindelse med havbeitenæring etter akvakulturlova.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminnar.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

1.I tida frå og med 1. mai til og med 31. juli er det forbod mot ferdsel på land i verneområdet.
2.Start og landing av luftfartøy og lavtflygning under 300 meter er forbode.
3.Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av reservatet ved forskrift.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Reglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær verksemd og tiltak som gjeld politi-, brannvern-, ambulanse-, oljevern, redningsteneste- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 5 2. ledd er ikkje til hinder for:

1.Ferdsel i samband med drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
2.Nødvendig ferdsel i samband med beite, inklusive tilsyn med dyr på beite, vedlikehald av gjerde og liknande.
3.Forsvarets nødvendige lavtflyging.
0Endra med forskrift 28 april 2016 nr. 448.
§ 7.Spesielle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi dispensasjon til:

1.Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
2.Oppsetting av gjerde for regulering av beite.
3.Etablering av landfeste for fiskereiskap.
4.Ferdsel på land for fangst av mink.
5.Rydding av vegetasjon på land.
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot vernevedtaket sitt formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan iverksetje skjøtsel for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidas forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel, og skal etter planen leggast fram innan 28. mai 2010.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2010.