Forskrift om jakt etter hjort, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-06-10-905
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse10.06.2010
Sist endret
EndrerFOR-2007-06-14-711
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort24.06.2010
KorttittelForskrift om hjortejakt, Sogndal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Sogndal kommunestyre 10. juni 2010 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

I

1.Jakt etter hjort gjeld for heile kommunen.
2.Minsteareal for hjort vert fastsett til 400 daa for sone 1, 3, 4, 5,
3.Minsteareal for hjort vert fastsett til 500 daa for sone 6 og 7 (Fjærland).
4.Minsteareal for hjort vert fastsett til 600 daa for sone 2. Sone 2 er avgrensa frå kommunegrensa mot Luster langs grensa mot sone 3 over Tylderingen, i grensa mellom gardane Orrestad og Hildeskor til Sogndalselvi, frå Sogndalselvi mellom gnr. 63 og 55 til Reppanipa, Stavafjellet, Kollsetevatnet, Fagereggivatnet og til Leikanger grense, langs kommunegrensa mellom Sogndal og Leikanger, i grensa mot sone 6, og 7 i fjellområdet langs gamle kommunegrensa mot Balestrand, til grenselinja mot Luster, langs kommunegrensa mot Luster og til Tylderingen. Omfanget av sone 2 går fram av kart datert mars 2010.

II

Denne forskrifta trer i kraft straks og samstundes vert forskrift 14. juni 2007 nr. 711 om jakt etter hjort, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane oppheva.