Forskrift om motorferdsel i utmark og om ferdsel med luftfartøy og motorfartøy, Skjåk kommune, Oppland

DatoFOR-2010-11-25-1883
PublisertII 2011 hefte 1
Ikrafttredelse25.11.2010
Sist endret
EndrerFOR-2004-09-23-1288
Gjelder forSkjåk kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort03.02.2011   kl. 15.40
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Skjåk

Heimel: Fastsett av Skjåk kommunestyre 25. oktober 2010 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er, ut ifrå ein samfunnsmessig heilskap, å regulere motorferdsel med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen.

Forskrifta utfyller dei bestemmelsane som er gjeve i lov dagsett 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, samt nasjonale forskrifter gjeve i medhald av lova.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld i heile Skjåk kommune.

§ 3.Forbod mot bruk av motorfartøy

I Skjåk kommune er det sett forbod mot bruk av motorfartøy i alle vassdrag med mindre anna følgjer av denne forskrifta. Med vassdrag meiner ein opne og islagte elvar, bekkar og innsjøar.

Unnateke frå dette forbodet er bruk av båt med motor inntil 10 hk på:

-Grønvatnet
-Breiddalsvatnet
-Kolbeinsvatnet
-Aursjoen
-Rauddalsvatnet
-Liavatnet.

For nokre vatn i verneområda gjeld eigne føresegner om bruk av båt med motor inntil 10 hk:

-Torsvatnet og Leirungsvatnet. Her gjeld forskrift 24. november 2006 nr. 1302 om verneplan for Reinheimen, vedlegg 1. Vern av Reinheimen nasjonalpark, Rauma, Norddal, Vågå, Lom, Skjåk og Lesja kommunar, Møre og Romsdal og Oppland, jf. § 3, pkt. 6.3, bokstav f) og g).
-Lundadalsvatnet. Her gjeld forskrift 7. august 2009 nr. 1064 om verneplan for breheimen. Vedlegg 1. Breheimen nasjonalpark, Skjåk, Lom og Luster kommunar, Oppland og Sogn og Fjordane, jf. § 3, pkt. 6.3, bokstav n).
-Skim (for delar av innsjøen) Her gjeld forskrift 12. oktober 1990 nr. 830 om freding av Risheimøyi naturreservat, Skjåk og Lom kommunar, Oppland, jf. kap. 5, pkt. 6
§ 4.Forbod mot landing og start med luftfartøy

I Skjåk kommune er det forbod mot landing og start med luftfartøy, med mindre anna følgjer av denne forskrift.

Unnateke frå dette forbodet er landing og start med luftfartøy på:

Den austlege delen av Breiddalsvatnet, mellom dammen i austre enden ved utlaupsosen og ei line mellom austre enden av vegfyllinga i Hamsevika og ei vik på sørsida av vatnet (UTM 241768). Dette unnataket gjeld både ope og islagt vatn, når tilhøva tillet det.

Utover dette har kommunen mynde til å gje løyve etter § 6 i motorferdsellova, ved serlege unntak.

For verneområda gjeld eigen reglar om bruk av luftfartøy.

§ 5.Løyve etter søknad

I spesielle høve, kan kommunen etter søknad gje løyve til bruk av motorfartøy eller luftfartøy som elles er forbode etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, eller med heimel i denne. Det kan stillast vilkår for løyvet.

§ 6.Handsaming av søknader

Søknader blir handsama i medhald av dei til kvar tid gjeldande delegasjonsbestemmelsane i kommunen.

§ 7.Klage

Kommunen sine vedtak etter § 4 og § 5 i motorferdsellova kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Klageinstans er Fylkesmannen i Oppland.

§ 8.Straffeansvar

Den som forsettleg eller uaktsomt bryt denne forskrifta, eller medverkar til det, kan i medhald av motorferdsellova § 12 straffast med bøter.

§ 9.Oppheving og ikraftsetjing

Denne forskrifta blir sett i kraft straks. Frå same tidsrom blir forskrift 23. september 2004 nr. 1288 om motorferdsel i utmark og vassdrag, Skjåk kommune, Oppland oppheva.