Forskrift om vern av Engevik naturreservat, Solund kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-12-17-1627
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse17.12.2010
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSolund kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort21.12.2010   kl. 11.45
KorttittelForskrift om Engevik naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 17. desember 2010 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Føremål

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit kystnært naturområde med reliktprega furuskog i veksling med andre stadeigne naturtypar og artssamfunn. Føremålet med slik bevaring er å verne området som naturtype og levestad for flora og fauna, og som naturleg genbank for furu og andre stadeigne utpostpopulasjonar med spesielle genetiske tilpassingar.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: 52/3 i Solund kommune.

Naturreservatet femnar om eit areal på ca. 564 daa. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:10 000 datert Miljøverndepartementet desember 2010. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkt skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart blir oppbevart i Solund kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen foreta seg noe som forringer verneverdiane angitt i verneføremålet.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne plantar og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetjing av dyr er forbode.
3.Det må ikkje bli sett i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.a., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkrør, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plante- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
5.Bålbrenning er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

1.Jakt og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Beiting.
4.Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

1.Motorisert ferdsel er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
2.Utanfor etablerte vegar er bruk av sykkel, hest og kjerre og riding forbode.
§ 6.Generelle unntak fra reglane

Ferdselsbestemmelsene i § 5 er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsføremål og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Ferdselsbestemmelsene i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som brukast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av køyringa.
2.Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt øvingskøyring for føremål nemnt i § 6 første ledd.
2.Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med andre køyretøy enn nemnt i § 6 andre ledd nr. 2.
3.Rydding av vegetasjon for å halde opne eksisterande stiar, og for å fjerne framande planteartar.
4.Avgrensa bruk av reservatet som angitt i § 3 nr. 4.
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltingsplan

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.