Forskrift om vern av Kjølaåne naturreservat, Øystre Slidre kommune, Oppland

DatoFOR-2011-03-11-281
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse11.03.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.03.2011   kl. 15.35
KorttittelForskrift om Kjølaåne naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res 11. mars 2011 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Føremål

Føremålet med Kjølaåne naturreservat er å ta vare på eit spesielt myr- og våtmarksområde og eit svært viktig leveområde for sjeldne og sårbare plante- og fugleartar.

Vidare er føremålet med naturreservatet å ta vare på eit område med særleg verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, økosystem, plante- og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. Naturreservatet er stort og variert og har spesielle naturtypar som rikmyrar, kjelder og meandrerande elveparti i tillegg til beitepåverka vegetasjon og spesielle myrutformingar. Området har eit stort mangfald av artar med eit rikt og særprega fugleliv. Naturreservatet har og stor pedagogisk og vitskapeleg tyding.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet gjeld gnr./bnr. 27/5, 53/1 og 9002/4 i Øystre Slidre kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca 19,1 km² .

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:12 000, datert Miljøverndepartementet mars 2011. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkjast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart oppbevarast i Øystre Slidre kommune, hjå Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som reduserer verneverdiane gjevne i føremålet med vernet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude busker og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller deler av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødvendig forstyrring. Utsetjing av dyr er forbode. Hundar må ikkje sleppast lause.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, plassering av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
d)Camping, telting og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode i perioden f.o.m 15. april t.o.m. 19. juni.
e)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
f)Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Beiting.
b)Sanking av bær og matsopp.
c)Fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Jakt og fangst på hjortedyr, hønsefugl og hare i samsvar med gjeldande lovverk.
e)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar, medrekna gjerde, som er i bruk på vernetidspunktet.
g)Bruk av hund til jakt og gjetarhundar for gjeting og sanking av beitedyr.
h)Slepp av hund i perioden f.o.m 1. oktober t.o.m. 31. mars.
i)Skånsam bruk av trevirke til bålbrenning i perioden 16. september t.o.m. 14. april.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel til lands og på vatn og i lufta under 300 m frå bakken er forbode.
b)Bruk av sykkel, hest og kjerre samt riding er forbode.
c)Bruk av robåt, kano e.l. er forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for:

a)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Nødvendig motorferdsel for uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring skjer.
c)Nødvendig bruk av snøskuter på snødekt mark i samband med utøving av reindrift. Leigekøyrar for reineigar eller reindriftsansvarleg må ha med skriftleg dokumentasjon/avtale med oppdragsgivar for at køyringa skal være lovleg.
d)Bruk av hest for uttransport av felt elg og hjort og i samband med tilsyn av beitedyr.
e)Riding og sykling langs bestemde trasear i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
f)Bruk av robåt, kano e.l. i Etna og Kjølaåni f.o.m. 20. juni i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
g)Forsvarets nødvendige lavflyging.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi løyve til:

a)Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk i samsvar med gjeldande lovverk.
b)Trening av jakthund i perioden f.o.m 21. august t.o.m. 30. september.
c)Oppsetjing av gjerde, sankekveer og saltstein i samband med beiting.
d)Gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er tapte ved brann eller naturskade.
e)Rydding av skog og kratt omkring anlegg og innretningar i regi av beitelag.
f)Rydding av skog og kratt omkring buer og hytter i naturreservatet.
g)Rydding av flyttleier i reindrifta i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
h)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, skiløyper og gamle ferdselsvegar i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
i)Oppsetjing av skilt og opparbeiding og merking av nye stigar, skiløyper og hundekøyringsløyper i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
j)Bygging av bruer og legging av klopper.
k)Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
l)Avgrensa bruk av robåt, kano eller tilsvarande framkomstmiddel så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.
m)Opplag av båt.
n)Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnde i § 3 bokstav e).
o)Naudsynte tiltak i samband med artsforvaltning.
p)Oppsetjing av mellombelse, mobile jakttårn for storviltjakt.

Forvaltningsstyresmakta kan vidare gi løyve til nødvendig motorferdsel i samband med:

q)Vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet, jf. § 4 bokstav f).
r)Øvingskøyring for føremål nemnde i § 6 bokstav a).
s)Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk, jf. § 7 bokstav a).
t)Oppsetjing av gjerde, sankekveer og saltstein i samband med beiting, jf. § 7 bokstav c).
u)Bruk av snøskuter eller prepareringsmaskin for merking og oppkøyring av eksisterande skiløyper, jf. § 7 bokstav h).
v)Bruk av snøskuter eller prepareringsmaskin for merking og oppkøyring av nye skiløyper og hundekøyringsløyper fram t.o.m. 10. april, jf. § 7 bokstav i).
w)Bruk av lett terrenggåande beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget eller luftfartøy for uttransport av felt elg og hjort i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
x)Bruk av beltekøyretøy på snødekt mark eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
y)Flyging lågare enn 300 meter over bakken i samband med reindrift.
z)Bruk av snøskuter og flyging lågare enn 300 meter over bakken i samband med leiting etter beitedyr.
æ)Tiltak som er naudsynte for artsforvaltning jf. § 7 o).
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel. Eit utkast til forvaltningsplan skal etter planen foreligge seinast 1. mars 2012.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljøverndepartementet fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.