Forskrift om vern av Hersjømyrin naturreservat, Nord-Fron og Sør-Fron kommuner, Oppland

DatoFOR-2011-03-11-286
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse11.03.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Fron og Sør-Fron kommuner, Oppland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.03.2011   kl. 15.35
KorttittelForskrift om Hersjømyrin naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. mars 2011 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Føremål

Føremålet med Hersjømyrin naturreservat er å ta vare på eit spesielt myr- og våtmarksområde og eit svært viktig leveområde for sjeldne og sårbare plante- og fugleartar.

Vidare er føremålet med naturreservatet å ta vare på eit område med særleg verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, økosystem, plante- og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. Naturreservatet er stort og variert og har spesielle myrutformingar samt beitepåverka vegetasjon. Området har eit stort mangfald av artar med eit rikt og særprega fugleliv. Naturreservatet har og stor pedagogisk og vitskapeleg tyding.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet gjeld følgjande gnr./bnr.:

Nord-Fron kommune: 167/1, 204/4, 208/1, 212/64, 214/1, 214/19, 234/1, 235/1, 246/1, 254/1, 256/10, 258/4, 260/21, 260/60, 414/1.

Sør-Fron kommune: Espedalen bygdeallmenning.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca 44,9 km² .

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20 000, datert Miljøverndepartementet mars 2011. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkjast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart oppbevarast i Nord-Fron kommune og Sør-Fron kommune, hjå Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som reduserer verneverdiane gjevne i føremålet med vernet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude busker og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller deler av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødvendig forstyrring. Utsetjing av dyr er forbode. Hundar må ikkje sleppast lause.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, plassering av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
d)Camping, telting og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode i perioden f.o.m. 15. april t.o.m. 19. juni.
e)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
f)Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Beiting.
b)Sanking av bær og matsopp.
c)Fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Jakt og fangst på hjortedyr, hønsefugl og hare i samsvar med gjeldande lovverk.
e)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Vedlikehald av eksisterande veg mellom Veslefjellet og Øyangen.
g)Vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar, medrekna gjerde som er i bruk på vernetidspunktet.
h)Bruk av hund til lovleg jakt og gjetarhundar for gjeting og sanking av beitedyr.
i)Slepp av hund i perioden f.o.m. 1. oktober t.o.m. 31. mars.
j)Drift, vedlikehald og nødvendig istandsetjing ved akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
k)Oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linjetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i forhold til verneføremålet.
l)Skånsam bruk av trevirke til bålbrenning i perioden 16. september t.o.m. 14. april.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel til lands og på vatn og i lufta under 300 m frå bakken er forbode.
b)Utanom eksisterande veg er bruk av sykkel, hest og kjerre samt riding forbode.
c)Bruk av robåt, kano e.l. er forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for:

a)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Dette unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

b)Nødvendig motorferdsel for uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring skjer.
c)Nødvendig bruk av snøskuter på snødekt mark i samband med utøving av reindrift. Leigekøyrar for reineigar eller reindriftsansvarleg må ha med skriftleg dokumentasjon/avtale med oppdragsgivar for at køyringa skal være lovleg.
d)Motorferdsel på eksisterande veg mellom Veslefjellet og Øyangen.
e)Nødvendig motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Det skal i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
f)Bruk av hest for uttransport av felt elg og hjort og i samband med tilsyn av beitedyr.
g)Riding og sykling langs bestemte trasear i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
h)Forsvarets nødvendige lavflyging.
i)Bruk av robåt i Øvre og Nedre Hersjøen i samband med fiske i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
j)Bruk av robåt, kano e.l. i Øvre og Nedre Hersjøen f.o.m. 20. juni i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
§ 7.Unntak forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi løyve til:

a)Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk i samsvar med gjeldande lovverk.
b)Trening av jakthund i perioden f.o.m. 21. august t.o.m. 30. september.
c)Oppsetjing av gjerde, sankekveer og saltstein i samband med beiting.
d)Gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er tapte ved brann eller naturskade.
e)Rydding av skog og kratt omkring anlegg og innretningar i regi av beitelag.
f)Rydding av skog og kratt omkring buer og hytter i naturreservatet.
g)Uttak av ved til buer og hytter i naturreservatet.
h)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, skiløyper og gamle ferdselsvegar i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
i)Oppsetjing av skilt og opparbeiding og merking av nye stigar, skiløyper og hundekøyringsløyper i samsvar med forvaltningsplanen, jf. § 10.
j)Bygging av bruer og legging av klopper i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
k)Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
l)Avgrensa bruk av robåt, kano eller tilsvarande framkomstmiddel så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.
m)Opplag av båt.
n)Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnde i § 3 bokstav e).
o)Oppgradering/fornying av energi- og kraftanlegg som ikkje fell inn under § 4 bokstav m).
p)Terskelbygging og andre elveløpsjusteringar av Vinstra elv.
q)Naudsynte tiltak i samband med artsforvaltning.
r)Oppsetjing av mellombelse, mobile jakttårn for storviltjakt.
s)Mudring for tilkomst med båt til eksisterande naust.

Forvaltningsstyresmakta kan vidare gi løyve til nødvendig motorferdsel i samband med:

t)Vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet, jf. § 4 bokstav g).
u)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg og ved oppgradering/fornying av kraftleidningar, jf. § 4 bokstav j) og k) og § 7 bokstav o).
v)Bruk av snøskuter for snømåling i samband med drift av eksisterande kraftanlegg i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
w)Øvingskøyring for føremål nemnde i § 6 bokstav a).
x)Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk, jf. § 7 bokstav a).
y)Oppsetjing av gjerde, sankekveer og saltstein i samband med beiting, jf. § 7 bokstav c).
z)Bruk av snøskuter for merking av eksisterande skiløyper, jf. § 7 bokstav h).
æ)Bruk av snøskuter eller prepareringsmaskin for merking og oppkøyring av nye skiløyper og hundekøyringsløyper fram t.o.m. 10. april, jf. § 7 bokstav i).
ø)Bruk av snøskuter for transport av båt, jf. § 7 bokstav m).
å)Terskelbygging og andre elveløpsjusteringar av Vinstra elv, jf. § 7 bokstav p).
aa)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget, motorbåt eller luftfartøy i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
ab)Bruk av beltekøyretøy på snødekt mark eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til buer og hytter i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
ac)Bruk av snøskuter for transport av varig funksjonshemma til eiga hytte/bu i samsvar med forvaltningsplan, jf. § 10.
ad)Flyging lågare enn 300 meter over bakken i samband med reindrift.
ae)Bruk av snøskuter og flyging lågare enn 300 meter over bakken i samband med leiting etter beitedyr.
af)Tiltak som er naudsynte for artsforvaltning i samsvar med § 7 bokstav q).
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet.

§ 10.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel. Eit utkast til forvaltningsplan skal etter planen foreligge seinest 1. mars 2012.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljøverndepartementet fastsett kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.