Forskrift om minsteareal for hjort og elg, Årdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2011-03-17-379
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse14.04.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort14.04.2011   kl. 10.45
KorttittelForskrift om minsteareal for hjortevilt, Årdal

Heimel: Fastsett av Årdal kommunestyre 17. mars 2011 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

§ 1.Det er høve til å drive jakt på hjort og elg i Årdal kommune.
§ 2.Minsteareal for godkjenning av hjortevald vert fastsett til 1000 daa i valdområde 6 – Vikadalen.
§ 3.Minsteareal for godkjenning av hjortevald vert fastsett til 1500 daa i valdområde 4 – Utladalen.
§ 4.Minsteareal for godkjenning av hjortevald vert fastsett til 1200 daa i valdområde 1 – Offerdalen, 2 – Seim–Hæreid–Nundal, 3 – Fardalen og 5, Moen–Vee–Geisdalen.
§ 5.Minsteareal for godkjenning av elgvald vert fastsett til 10 000 daa.
§ 6.Denne forskrifta trer i kraft frå det tidspunktet den er kunngjort i Norsk Lovtidend.