Forskrift om minsteareal for tildeling av fellingsløyve for hjortevilt, Ulvik herad, Hordaland

DatoFOR-2011-04-14-422
PublisertII 2011 hefte 2
IkrafttredelseJaktsesongen 2011/2012
Sist endret
EndrerFOR-2001-06-13-648
Gjelder forUlvik kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort28.04.2011   kl. 13.40
KorttittelForskrift om hjorteviltjakt, Ulvik

Heimel: Fastsett av Ulvik herad ved Ulvik viltnemnd 14. april 2011 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 og forskrift 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

§ 1.Det er i Ulvik herad lov å jakte hjort og elg.
§ 2.Minstearealet for felling av hjort i Ulvik herad er 1 000 dekar.
§ 3.Minstearealet for felling av elg i Ulvik herad er 20 000 dekar.
§ 4.Forskrifta vert gjort gjeldande frå og med jaktsesongen 2011/2012.
§ 5.Det som gjeld Ulvik herad i forskrift 13. juni 2001 nr. 648 om jakt etter hjortevilt (elg, hjort og rådyr), Bergen, Etne, Sveio, Bømlo, Jondal, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Samnanger, Austevoll, Sund, Vaksdal, Modalen, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Masfjorden kommunar, Hordaland vert oppheva frå og med jaktsesongen 2011/2012.