Forskrift om start og landing med luftfarty og motorisert ferdsel på vassdrag, Lom kommune, Oppland

DatoFOR-2011-04-28-1225
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse28.04.2011
Sist endret
EndrerFOR-1997-06-10-731
Gjelder forLom kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4
Kunngjort15.12.2011   kl. 14.40
KorttittelForskrift om luftfarty mv., Lom

Heimel: Fastsett av Lom kommunestyre 28. april 2011 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 siste ledd og § 5.

§ 1.Landing med luftfarty

Det vert ikkje tillate å lande og starte med luftfarty på Skim/Otta elv i Lom kommune.

§ 2.Bruk av motorbåt
a)På Høyvatnet og Langvatnet i Leir- og Bøverdalen statsallmenning er det ikkje tillate å bruke motorbåt eller båt med påhengsmotor.
b)På vatn/vassdrag der det er lov å nytte motorbåt, er det ikkje lov å bruke motorar som er større enn 10 hk.
§ 3.Forbod mot bruk av vass-scooter o.l.

Det er ikkje høve til å nytte vass-scooter, vassjet, aquabike eller liknande farkostar på noko vatn eller vassdrag innan Lom kommune.

§ 4.Dispensasjon

Når særlege grunnar ligg føre kan rådmannen etter søknad gje dispensasjon frå reglane i denne forskrifta.

§ 5.Straffeansvar

Brot på reglane i forskrifta vert straffa i samsvar med § 12 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.

§ 6.Ikrafttredelse

Denne forskrifta trer i kraft 28. april 2011 og erstattar forskrift 19. juni 1997 nr. 731 for start og landing med luftfarty og motorisert ferdsel på vassdrag, Lom kommune, Oppland.