Forskrift for motorferdsel i utmark og på vassdrag, Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2011-05-10-499
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse10.05.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvam kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort19.05.2011   kl. 14.05
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Kvam

Heimel: Fastsett av Kvam heradsstyre 10. mai 2011 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 tredje ledd og § 5.

§ 1.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld all motorferdsel i utmark og på vassdrag i Kvam herad.

§ 2.Ferdsle på vatn og vassdrag

Ferdsle med motorfartøy i samband med fiske samt transport av personar og utstyr er tillate på følgjande vatn og vassdrag i Kvam herad.

Vatn over 2 km² :

-Innsjøane Hamlagrøvatnet (Kvam sin del), Bjølsegrøvatnet og vassdraget beståande av Svartavatnet–Holmavatnet–Frostadvatnet.
§ 3.Motortype og storleik

Det er tillat å nytta bensindrevet motor med inntil 10 HK (hestekrefter).

Det er tillat å nytta elektrisk påhengsmotor.

§ 4.Hastigheitsreglar for motorfartøy

Maksimal hastigheit vert sett til 10 knop, (1 knop tilsvarar 1,852 km/t).

§ 5.Dispensasjon

Når serlege grunner ligg føre, kan heradet, ved rådmannen, etter søknad dispensera frå reglane i denne forskrifta.

§ 6.Straff

Brot på reglane i denne kommunale forskrift, eller medverknad til dette, vert straffa i høve til § 12 i motorferdsellova.

§ 7.Verknadsfrist

Denne forskrifta tar til å gjelda straks den er vedteken i Kvam heradstyre.