Forskrift for motorferdsel i utmark og på vassdrag, Eidfjord kommune, Hordaland

DatoFOR-2011-09-26-1028
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse19.10.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort19.10.2011   kl. 15.05
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Eidfjord

Heimel: Fastsett av Eidfjord kommunestyre, 26. september 2011 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag, § 4 tredje ledd og § 5.

§ 1.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld all motorferdsel i utmark og på vassdrag i Eidfjord kommune.

§ 2.Ferdsle på vatn og vassdrag

Ferdsle med motorfartøy er berre tillate i samband med nyttetransport som til dømes lovleg fiske og/eller storviltjakt, tilsyn av beitedyr, drift av turisthytter samt transport av personar og utstyr, på følgjande vatn og vassdrag i Eidfjord kommune. 

Vatn over 2 km² :

-Halnefjorden, Sysenvatnet, Tinnhølen, Skaupsjøen, Drageidfjorden, Langavatnet, Eidfjordvatnet og vassdraget Nordmannslågen–Lakjen. 

Vatn under 2 km² :

-Svartavatnet, Olavsbu vatna, Bismarvatnet, Dimmedalsvatnet og Skiftesjøen.
§ 3.Motortype og storleik

Det er tillat å nytta bensindrevet motor med inntil 10 HK (hestekrefter).

Det er tillat å nytta elektrisk påhengsmotor.

§ 4.Luftfartøy

Landing og start med luftfartøy er tillate på Bismarvatnet, Dimmedalsvatnet, Halnevatnet i tilknytning til Halnebrygga og på Nordmannslågen ved Besso samt innafor ei sone på maksimalt 100 meter frå desse vatna. All transport skal utførast av personar eller selskap med luftfart som næring.

§ 5.Dispensasjon

Når serlege grunner ligg føre, kan kommunen, ved rådmannen, etter søknad dispensera frå reglane i denne forskrifta.

§ 6.Straff

Brot på reglane i denne kommunale forskrifta, eller medverknad til dette, vert straffa i høve til § 12 i motorferdsellova.

§ 7.Verknadsfrist

Denne forskrifta tar til å gjelda straks den er lyst i Norsk Lovtidend.