Forskrift om vern av Fugldalen naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark

DatoFOR-2011-12-16-1285
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse16.12.2011
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
EndrerFOR-1918-03-05
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort20.12.2011   kl. 15.10
KorttittelForskrift om Fugldalen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 16. desember 2011 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldlova) § 34 jf. § 37 og § 62. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Føremål

Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit særmerkt skogområde som inneheld gamal barskog med mange element som er viktige for naturmangfald.

Området har ei særskilt pedagogisk og naturvitskapleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiområde i Vest-Telemark/Setesdalsregionen.

Området er eigenarta i form av stort innslag av gamle grove furutre, grove læger og tørt virke.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 65/1, 65/5, 65/6, 66/1, 66/4 og 66/40 i Fyresdal kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 18 330 daa.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20 000 dagsett Miljøverndepartementet desember 2011. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Fyresdal kommune, hos Fylkesmannen i Telemark fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Det same gjeld for jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen foreta seg noko som vil skade verneverdiane nemnde i verneføremålet.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter, sopp og lav, eller delar av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
3.Området er verna mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde eller andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, dumping av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
4.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 andre leddet er ikkje til hinder for:

1.Sanking av bær og matsopp.
2.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
3.Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
4.Oppsetting av mellombels, mobile jakttårn for storviltjakt.
5.Beiting.
6.Vedlikehald av bygningar og andre anlegg og innretningar som er i bruk på vernetidspunktet.
7.Rydding og vedlikehald gnr./bnr.:
a.65/1: Eksisterande ope areal rundt Torfonnstøylen
b.65/5: Areal rundt Kalstovika og Gamlestøyl etter nærare vilkår fastsette av forvaltingsstyresmakta.
c.65/6: Eksisterande areal rundt Ørnekrostøylen.
d.66/4: Eksisterande ope område kring dei tre hyttene på Hovstøyl.
e.66/40: Eksisterande ope område rundt Brokkestyl og Brattstøyl.

Arealene skal kartfestes i samråd med forvaltningsmyndigheten.

8.Brenning av bål i samsvar med gjeldende lovverk med tørrkvist eller ved ein har med seg.
9.Forsiktig rydding av småbuskar og kvist på postar i samband med jakt på storvilt.
10.Utsetjing av saltsteinar.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og taka omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

1.Motorisert ferdsel på land og i vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
2.Utanom eksisterande vegar er bruk av sykkel, hest og kjerre og riding forbode.
§ 6.Generelle unntak frå reglane om ferdsel

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er fastsett av forvaltingsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje for øvingskøyring.

Reglane om ferdsel i § 5 andre leddet er ikkje til hinder for:

1.Naudsynt motorferdsle i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Kjøretøy som nyttast skal vera skånsame mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før transporten tek til.
2.Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
3.Naudsynt transport etter merka skuterløype mellom Røynbrokke og Rishovden.
§ 7.Spesifiserte reglar for dispensasjon

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Avgrensa bruk av naturreservatet for aktivitetar nemnde i § 3 nr. 4 (teltleirar, arrangement mv).
2.Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
3.Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
4.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
5.Hogst av eksisterande plantefelt.
6.Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med anna kjøretøy enn lett terrenggåande beltekjøretøy som nemnt i § 6 andre leddet nr. 2.
7.Gjenreising av bygningar innanfor same storleik dersom dei vert øydelagde ved brann eller naturkatastrofe.
8.Naudsynt motorferdsle for transport til hytter og støylar.
9.Naudsynt motorferdsle i samband med:
a.vedlikehald av bygningar og andre anlegg og innretningar nemnde i § 4 nr. 6.
b.utsetjing av saltsteinar nemnt i § 4 nr. 10.
c.øvingsverksemd for føremål nemnde i § 6 fyrste leddet.
d.hogst av etablerte plantefelt nemnd i § 7 nr. 5.
e.gjenreising av bygningar etter brann og naturkatastrofe nemnd i § 7 nr. 7.
f.beiting, jf. § 4 nr. 5.
§ 8.Generelle reglar for dispensasjon

Forvaltingsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta dersom det ikkje strid mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsyn til tryggleik eller til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan sette i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.Forvaltingsplan

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærmare retningslinjer for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal vera forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelda straks. Samstundes vert den delen av kgl. res av 5. mars 1918 som gjeld freding av Listaulfurua, Fyresdal kommune oppheva.