Forskrift om vern av Vardeheia naturreservat, Åmli kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2011-12-16-1287
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse20.01.2012
Sist endretFOR-2013-11-21-1345
EndrerFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Gjelder forÅmli kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort20.12.2011   kl. 15.10
KorttittelForskrift om Vardeheia naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 16. desember 2011 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvalting av naturens mangfold (naturmangfaldloven) § 34 jf. § 37 og § 62. Fremma av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 21 nov 2013 nr. 1345.

§ 1.Føremål

Føremålet med vernet er å take i vare ein stor, rik og variert førekomst av lavereliggande boreonemoral-sørboreal edellauvskog og av rik blandingsskog med det naturmangfald som naturleg høyrer til. Naturtypene i området har særskilde verdiar knytta til førekomstane av gammel, naturskogsprega eikeskog med uvanleg høgt innslag av grov, gammel og hul eik.

§ 2.Geografisk avgrensning

Naturreservatet omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 25/7, 25/28, 27/1, 27/2, 28/1, 28/2, 28/3 og 36/5 i Åmli kommune.

Reservatet dekkjer eit totalareal på ca. 19 200 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:22 500 dagsett Miljødirektoratet november 2013. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Åmli kommune, hos Fylkesmannen i Aust-Agder fylke, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet. Det samme gjeld jordskiftekartet som vert laga etter grensemerking.

0Endra med forskrift 21 nov 2013 nr. 1345.
§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen foreta noe som forringar verneverdiane angitt i føremålet med vernet.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter, sopp og lav eller delar av desse, frå reservatet. Planting eller såing av trær og anna vegetasjon er forbode.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, unødig uroing og øydelegging. Utsetjing av dyr er forbode.
3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker eller liknande, opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkrør, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Vernereglane i § 3 annet ledd er ikkje til hinder for:

1.Sanking av bær og matsopp.
2.Beiting.
3.Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
4.Vedlikehald av bygningar og andre innretningar som er i bruk på vernetidspunktet.
5.Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldende lovverk.
6.Oppsetting av midlertidige, mobile jakttårn for storviltjakt.
7.Bålbrenning med tørrkvist, tørre greiner eller medbrakt ved, i samsvar med gjeldande lovverk.
8.Slått, samt rydding av kratt og skogoppslag på slåttevoll på totalt ca. 5 dekar rundt støylen «Knutsknattebua».
9.Utsetting av saltstein.
§ 5.Reglar om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

1.Motorferdsel på land og til vanns er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
2.Utanfor etablert stig, veg og trase som er godkjend i medhald av forvaltningsplan, er bruk av sykkel, hest og kjerre og riding forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Ferdselsreglane i § 5 annet ledd er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemde av forvaltingsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Ferdselsreglane i § 5 annet ledd er ikkje til hinder for:

1.Naudsynt motorferdsel i forbindelse med uttransport av syke og skadde bufe. Kjøretøy som benyttes skal være skånsomt mot markoverflaten. Det skal gis melding til ansvarlig oppsyn for verneområdet i forkant av kjøring.
2.Naudsynt uttransport ut av felt elg og hjort med lett terrenggåande beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

1.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
2.Hogst i etablerte plantefelt.
3.Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnd i § 3 punkt 4.
4.Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk, herunder kalking av fiskevatn.
5.Bruk av kløvhest.
6.Naudsynt motorferdsel i samband med:
a.uttransport av felt elg og hjort med anna kjøretøy enn dei som er nemde i § 6 andre leddet nr. 2.
b.hogst av etablerte plantefelt, jf. § 7 nr. 2.
c.kalking av fiskevatn på vinterføre, jf. § 7 nr. 4.
d.utsetting av saltstein, jf. § 4 nr. 9.
e.beiting, jf. § 4 nr. 2.
f.vedlikehald av bygningar og andre innretningar som er i bruk på vernetidspunktet jf. § 4 nr. 4.
g.slått, samt rydding av kratt og skogoppslag på slåttevoll på totalt ca. 5 dekar rundt støylen «Knutsknattebua», jf. § 4 nr. 8.
§ 8.Generelle dispensasjonsregler

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan iverksette tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet, i henhold til naturmangfoldloven § 47.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet.

Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltingsstyresmakta etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.