Forskrift om høve til jakt etter elg, hjort og rådyr, Surnadal kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-04-13-318
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse13.04.2012
Sist endret
EndrerFOR-2009-05-20-550
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2012-02-10-134-§7, FOR-2012-02-10-134-§8
Kunngjort19.04.2012   kl. 14.40
KorttittelForskrift om høve til storviltjakt, Surnadal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Surnadal kommune v/Viltnemnda 13. april 2012 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 og forskrift 10. februar 2012 nr. 134 om forvaltning av hjortevilt § 7 og § 8.

I

Det er høve til jakt etter elg, hjort og rådyr i Surnadal kommune.

II

Minstearealet for godkjenning av vald og fellingstillatelse er som gitt i tabellen:

Inndeling av Surnadal kommune:Elg: Minsteareal i daaHjort: Minsteareal i daaRådyr: Minsteareal i daa
Område 1:
- Vindøladalen, sør for Kudalen og Harangdalsbekken.
- Folldalen, sør for Gråsjø demning. Området omfattar følgjande gnr.: 16, 17 og den delen av gnr. 5 som ligg sør for Gråsjø demning.
500020001000
Område 2: Nordvik - Kvanne - Stangvik området: Område omfattar følgjande gnr. 41, 102, 103, 104, 105, 106, 107, 108, 109, 110, 111, 112, 113, 114, 115, 116, 117, 118, 119, 132, 133. I tillegg inngår gnr./bnr. 42/1, 42/4, 42/7 og 42/8.50007001000
Område 3: Område mellom Hamnesfjorden og Surnadalsfjorden:
I aust blir området avgrensa av Fylkesveg 65 frå Heggset til Bæverfjord. I sør er avgrensinga Surnadalsfjorden. Mellom fjorden og Heggset følgjer grensa fylkesveg 328 og Bøvrasvegen. I nord og vest blir område avgrensa av fjorden.
50007001000
Område 4: Resten av kommunen.500010001000

III

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.

Samstundes blir følgjande forskrift oppheva for Surnadal kommune:

Forskrift 20. mai 2009 nr. 550 om høve til jakt etter elg, hjort og rådyr, Surnadal kommune, Møre og Romsdal.