Forskrift om jakttid og døgnregulering av jakt etter grågås, Haram, Vestnes, Rauma, Sandøy, Aukra, Halsa og Smøla kommunar, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-06-17-558
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse17.06.2012 - 31.03.2017
Sist endretFOR-2013-06-04-574
Endrer
Gjelder forHaram, Vestnes, Rauma, Sandøy, Aukra og Halsa kommunar, Møre og Romsdal
HjemmelFOR-2012-03-01-190-§3, LOV-1981-05-29-38
Kunngjort21.06.2012   kl. 15.00
KorttittelForskrift om jakt etter grågås, Møre og Romsdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Møre og Romsdal 17. juni 2012 med heimel i forskrift 1. mars 2012 nr. 190 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2012 til og med 31. mars 2017 § 3 pkt. 1, jf. lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven). Endra med forskrift 4 juni 2013 nr. 574.

I

Det blir opna for tidlegare jaktstart på grågås i kommunane Haram, Vestnes, Rauma, Sandøy, Aukra, Halsa og Smøla med bakgrunn i forvaltningsplanar for grågås for desse kommunane.

0Endra med forskrift 4 juni 2013 nr. 574.

II

Det blir opna for jakt på grågås frå kl. 02.00 til kl. 10.00 med følgjande avgrensing av dagar og innafor område med følgjande geografisk avgrensing fram til ordinær jaktstart 10. august.: 

KommunarDagarOmrådeavgrensing*
Haram, Vestnes, Rauma, Sandøy, Aukra og Halsa26. juli–9. augustInnmark med maskinell slått og inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.
Smøla26. og 29. juli, 1. og 3. august samt 5.–9 augustInnmark med maskinell slått og inngjerda beite som blir gjødsla samt 30 m randsoner kring desse.
Smøla5.–9. augustFire utmarksområde vist i kart som ligg ved forvaltningsplan for grågås på Smøla 2011–2016.
*For område der det er forbod mot jakt i medhald av vern etter naturmangfaldloven eller naturvernloven, må det vere gitt dispensasjon frå verneforskriftene for at jakt skal vere lovleg.
0Endra med forskrift 4 juni 2013 nr. 574.

III

Denne forskrifta tek til å gjelde straks, og gjeld fram til og med 31. mars 2017.

IV

Fylkesmannen kan endre eller oppheve denne forskrifta dersom det er naudsynt.