Forskrift om jakttid på hjort, elg og kanadagås, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-06-19-559
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse19.06.2012 - 31.03.2017
Sist endret
Endrer
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelFOR-2012-03-01-190-§3, LOV-1981-05-29-38
Kunngjort21.06.2012   kl. 15.00
KorttittelForskrift om jakttid, Møre og Romsdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Møre og Romsdal fylkeskommune 19. juni 2012 med heimel i forskrift 1. mars 2012 nr. 190 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2012 til og med 31. mars 2017 § 3 nr. 2 bokstav a–c, jf. lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven).

I

Formålet med forskrifta er å utvide jakttida på elg og hjort slik at ein større del av tildelte kvoter kan bli felt, samt utvide jakttida på kanadagås maksimalt for å redusere bestand og hindre beiteskader.

II

Følgjande jakttider for artane elg, hjort og kanadagås gjeld i Møre og Romsdal: 

Hjort: Alle kommunar i Møre og Romsdal:01.09–23.12
Elg: For kommunar som har opna for elgjakt, unntatt Rindal kommune:10.09–23.12
Rindal kommune:10.09–15.11
Kanadagås: Alle kommunar i Møre og Romsdal26.07–23.02

III

Denne forskrifta trer i kraft straks og gjeld fram til og med 31. mars 2017.

IV

Møre og Romsdal fylkeskommune kan endre forskrifta før 31. mars 2017 dersom vektige grunnar talar for det.