Forskrift om tidleg jakt på grågås og utviding av periode for eggsanking, Flora kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-07-02-668
PublisertII 2012 hefte 3
Ikrafttredelse02.07.2012 - 31.03.2017
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§9, LOV-2009-06-19-100-§15, LOV-2009-06-19-100-§16, FOR-2012-03-01-190, LOV-1981-05-29-38-§9
Kunngjort05.07.2012   kl. 15.50
KorttittelForskrift om tidleg jakt på grågås, Flora

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 2. juli 2012 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 9, § 15 og § 16, forskrift 1. mars 2012 nr. 190 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2012 til og med 31. mars 2017, jf. lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt of fangst av vilt (viltloven) § 9.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrift er å avgrense skadeomfang på dyrka mark og regulere grågåsbestanden slik at konfliktane mellom landbruksnæringa og grågåsa blir minimalisert.

§ 2.Utvida jakttid

Det vert med dette opna for jakt på grågås frå og med 26. juli til og med 9. august, då ordinær jakttid startar. Jakta er tidsavgrensa frå kl. 03.00 til kl. 10.00. 

Områdeavgrensing:

Flora kommune bør sjå til at jakta går føre seg på dyrka mark i skadeutsette område. Som «friområde» er det rekna dei 9 naturreservata (sjøfuglreservat og våtmarksreservat) som i dag har jaktforbod.

§ 3.Eggsanking

Fylkesmannen gjev løyve til å utvide tida for eggsanking fram til og med 20. april (jf. forskrift 1. mars 2012 nr. 190 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2012 til og med 31. mars 2017 § 6).

§ 4.Iverksetjing og varigheit

Forskrifta tek til å gjelde straks, og gjeld inntil den vert avløyst eller endra i samsvar med revisjon av ny sentral forskrift om jakt- og fangsttider.

§ 5.Oppheving

Fylkesmannen kan når som helst endre eller oppheve denne forskrift dersom tilhøva tilseier det.

§ 6.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. viltlova § 56.