Forskrift om vern av Einstullie naturreservat, Skjåk kommune, Oppland

DatoFOR-2013-01-25-104
PublisertII 2013 hefte 1
Ikrafttredelse31.02.2013
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSkjåk kommune, Oppland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort31.01.2013   kl. 14.10
KorttittelForskrift om Einstullie naturreservat

Heimel Fastsett ved kgl.res. 25. januar 2013 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013). juli 2013).

§ 1.Føremål

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område med gamal urskogprega furuskog med førekomst av fleire sjeldne og sårbare sopp- og lavartar, bl.a. gode bestand av ulvelav. Vidare er føremålet med naturreservatet å ta vare på eit område med særleg verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, økosystem, plante- og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. I naturreservatet er det ein god del svært gamal furu og det er ein god kontinuitet i gamle furutre. Førekomsten av sjeldne og sårbare sopp- og lavartar er knytt både til levande og daudt virke av furu. Det er en målsetting å beholde verneverdiene i mest mulig urørt tilstand, og eventuelt videreutvikle dem.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: 246/1 i Skjåk kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 991 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:7500 datert Miljøverndepartementet januar 2013. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Skjåk kommune, hos Fylkesmannen i Oppland fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen foreta noko som vil skade verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
c)Området er verna mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, dumping av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
e)Brenning av bål er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Beiting.
b)Sanking av bær og matsopp.
c)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Oppsetting av mellombels, mobile jakttårn for storviltjakt.
e)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Vedlikehald av eksisterande bygningar, anlegg og innretningar slik tilstanden var på vernetidspunktet.
g)Brenning av bål med tørrkvist frå bakken eller ved ein har med seg, i samsvar med gjeldande lovverk.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og taka omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel på land og i vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
b)Bruk av sykkel og hest og kjerre samt riding er forbode.
§ 6.Generelle unntak fra ferdselsbestemmelsene

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er fastsette av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje for øvingsverksemd.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyrety som nyttast skal vere skånsame mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før transporten tek til.
b)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyrety som ikkje set varige spor i terrenget.
c)Bruk av hest for uttransport av felt elg og hjort og for uttransport av og tilsyn av beitedyr.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsbestemmelser

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

a)Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
b)Etablering av saltplassar for bufe og hjortevilt.
c)Gjenreising av bygningar, anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
d)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar og gamle ferdselsvegar.
e)Etablering av nye stigar og anna enkel tilrettelegging for friluftsliv, så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.
f)Riding langs bestemte trasear.
g)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
h)Avgrensa bruk av naturreservatet for aktiviteter nemnt i § 3 d).
i)Naudsynt motorferdsel i samband med:
1.vedlikehald av eksisterande bygningar, anlegg og innretningar, jf. § 4 f).
2.øvingskøyring for føremål nemnt i § 6 første ledd.
3.uttransport av felt elg og hjort med anna køyrety enn køyrety som nemnt i § 6 andre ledd b).
4.tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk, jf. § 7 a).
5.etablering av saltplassar for bufe og hjortevilt, jf. § 7 b).
6.bruk av beltekøyrety på snødekt mark for transport av ved, materialar, varer og utstyr til buer og hytter i Reinheimen nasjonalpark.
7.gjenreising av bygningar, anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade, jf. § 7 c).
§ 8.Generelle reglar for dispensasjon

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strid mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsyn til tryggleik eller til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan sette i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.Forvaltningsplan

Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærmare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 12.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.