Forskrift om friluftsaktivitetar ved Melsvatn, Time kommune, Rogaland

DatoFOR-2013-10-14-1783
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse14.11.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1957-06-28-16-§2, LOV-1957-06-28-16-§15
Kunngjort26.11.2015   kl. 13.30
KorttittelForskrift om friluftsaktivitetar ved Melsvatn, Time

Heimel: Fastsett av Time kommunestyre 6. november 2012 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet (friluftsloven) § 2 andre ledd og § 15. Stadfesta av Fylkesmannen i Rogaland 14. oktober 2013.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld for området ved Melsvatn som er synt som friområde i kommuneplan for Time 2011–2022, på Gnr. 37, bnr. 4,5,9 og Gnr. 43, bnr. 25,27.

§ 2.Føremål

Føremålet med forskrifta er å regulera dei friluftsaktivitetane som er omtalte i § 3–§ 8 i denne forskrifta.

§ 3.Riding og annan bruk av hest

Det er forbode å ri eller ferdast med hest på annan måte på turvegen kring Melsvatn.

Jæren Friluftsråd kan etter søknad gi løyve til riding for avgrensa føremål.

§ 4.Sykling

Treningssykling skal framleis vera lov rundt Melsvatnet. Syklistar må ta omsyn til turgåarar og anna friluftsliv.

§ 5.Campingvogner og bubilar

Overnatting med campingvogn eller bubil er ikkje tillatt ved Melsvatn. Det er ikkje lov å parkera campingvogner eller bubilar på parkeringsplassane mellom kl. 24.00 og kl. 06.00.

§ 6.Større arrangement

Gjennomføring av større arrangement, som t.d. modellbåtstemne, større friluftsmøte, større skulearrangement og liknande krev løyve frå Jæren Friluftsråd, og eventuelt andre styresmakter.

§ 7.Bål og bruk av open eld

Bål og bruk av open eld er forbode i perioden frå 15. april til 15. september. I denne perioden er grilling og liknande tillatt på tilrettelagte grillplassar. Jæren friluftsråd kan etter søknad gi løyve til tenning av bål for særskilte høve. Det skal sendast melding til brannvesenet om løyvet.

§ 8.Hund

I friluftsområdet ved Melsvatn er det bandtvang for hund heile året (jf. forskrift 11. desember 2007 nr. 1506 om utvida bandtvang for hund, Time kommune, Rogaland, § 3).

§ 9.Endring av forskrifta

Endringar i denne forskrifta må godkjennast av Time kommune og stadfestast av fylkesmannen. Forslag til endringar skal kunngjerast og behandlast etter reglane i forvaltingslova.

§ 10.Brot på forskrifta

Brot på reglane i forskrifta kan straffast med bøter i samsvar med reglane i friluftslova § 39, med mindre forholdet ikkje vert ramma av strengare straffelovar.

§ 11.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft ein månad etter at fylkesmannen i Rogaland har stadfesta forskrifta.