Forskrift om vern av Øyvassheia naturreservat, Åmli kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2014-02-14-166
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse14.02.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅmli kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort18.02.2014   kl. 15.15
KorttittelForskrift om Øyvassheia naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 14. februar 2014 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.Formål

Formålet med naturreservatet er å bevare ein sjeldan stor og velarrondert førekomst av intakt, gamal, storvokst granskog med rike førekomster av særs grov, gamal osp. Området har særskild betyding for biologisk mangfald i form av å vere ein stor utpostlokalitet for gamal, grov granskog. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet gjeld følgjande gnr./bnr.: 20/9 og 20/10 i Åmli kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 6933 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:12 500 datert Klima- og miljødepartementet februar 2014. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskriften med kart oppbevarast i Åmli kommune, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.Verneføresegner

I naturreservatet må ingen gjere noko som gjer verneverdiane i verneformålet mindre verdfulle.

I naturreservatet gjeld følgjande verneføresegner:

a)Vegetasjonen, medrekna døde buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av trær og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, med reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller annan form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte utføringar av forureining, dumping av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømmande.
d)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.Generelle unntak frå verneføresegnene

Verneføresegnene i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Vedlikehald av eksisterande vegar og andre anlegg, medrekna enkle traktorslep, i samsvar med tilstanden på vernetidspunktet, jf. vernekart.
f)Rydding av vegkant inntil 2 meter frå kant av vegbane langs eksisterande skogsbilveg frå Vassbotn til Brattekleiv.
g)Vedlikehald og istandsetting av bygningar på Tjønnestøyl innanfor ramma av opphaveleg storleik og form.
h)Rydding og vedlikehald av setervoller rundt bygning på Tjønnestøyl etter nærmare avtale med forvaltningsstyremakta.
i)Uttak av grus til naudsynt vedlikehald av Øyvassheiavegen i eit grustak ved Vassbotn og eit ved Brattekleiv, jf. vernekart.
j)Bålbrenning med tørrkvist eller medbrakt ved i samsvar med gjeldande lovverk.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner.

I naturreservatet gjeld følgjande føresegner om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel på land og i vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
b)Utanom eksisterande vegar/stiar er bruk av sykkel og hest og kjerre samt riding forbode.
§ 6.Generelle unntak frå føresegnene om ferdsel

Føresegnene om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsmyndigheiten. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Føresegnene om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Nødvendig motorferdsel i samband med uttransport av syke og skadde bufe. Køyretøy som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av køyring.
b)Nødvendig uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje sett varige spor i terrenget.
c)Nødvendig motorisert ferdsel etter elles gjeldande lovar på skogsbilvei langs Sinevatn frå Vassbotn til Brattekleiv.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsføresegner

Forvaltningsmyndigheiten kan etter søknad gje dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av naturreservatet for aktivitetar nemnd i § 3 d).
b)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
d)Utsetting av saltstein.
e)Gjenoppføring av anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
f)Bruk av motorferdsel langs trasé som følger skogsbilvegen langs Sinevatn frå Vassbotn til Tjønnestøyl for naudsynt transport av ved, materialar og utstyr til hytta på Tjønnestøyl.
g)Naudsynt motorferdsel til eksisterande fritidsbustad ved Listøyl med snøskuter på vinterføre langs trasé vist på vernekartet for transport av ved, materialar og utstyr.
h)Oppkøyring og vedlikehald av skiløype for Kallingheiløpet etter trasé vist på vernekartet.
i)Naudsynt motorferdsel for aktivitetar som omtalt i § 7 b), § 7 d) og 7 e).
§ 8.Generelle dispensasjonsføresegner

Forvaltningsmyndigheiten kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir imot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerhetsomsyn eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltningsmyndigheiten, eller den forvaltningsmyndigheiten bestemmer, kan sette i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet, jf. naturmangfoldlova § 47.

§ 10.Forvaltingsplan

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærmare retningslinjer for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltningsmyndigheit

Miljødirektoratet fastsett kven som skal vere forvaltingsmyndigheit etter denne forskrifta.

§ 12.Ikraftsetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.