Forskrift om vern av Heltveit-Bjørge naturreservat, Lindås kommune, Hordaland

DatoFOR-2014-02-14-169
PublisertII 2014 hefte 1
Ikrafttredelse14.02.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forLindås kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort18.02.2014   kl. 15.15
KorttittelForskrift om Heltveit-Bjørge naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 14. februar 2014 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.Føremål

Føremålet med vernet er å ta vare på eit variert skogområde som har særskilt betydning for det biologiske mangfaldet i regionen. Delar av området representerer ein bestemt type natur med preg av temperert regnskog og her finst mellom anna viktige førekomstar av sjeldne artar lav, edellauvskog og gamle, styva asketre. Området har særskilt naturvitenskapelig verdi og skal kunne nyttast til undervising og forsking, på ein måte som gjer at det biologiske mangfaldet ikkje vert skadelidande. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

§ 2.Geografisk avgrensing

Naturreservatet femner om eigedomane 235/1, 241/1, 241/2 og 241/3 i Lindås kommune.

Naturreservatet dekker eit areal på ca. 719 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:8000 dagsett Klima- og miljødepartementet februar 2014. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

Verneforskrifta med kart blir oppbevart i Lindås kommune, hjå Fylkesmannen i Hordaland, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.Vernereglar

I naturreservatet må ingen gjere noko som kan øydelegge eller redusere verneverdiane som er angitt i verneføremålet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne plantar, sopp og lav eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre eller annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker el. l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte tilførsler av ureining, deponering av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
e)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
e)Det er forbode å brenne bål i reservatet.
§ 4.Generelle unntak frå vernereglane

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Fjerning av framande treslag. Virket etter slik hogst kan fjernast og nyttast til ved.
c)Kyndig skjøtsel av etablerte styvingstre. Avkappa virke kan fjernast og nyttast til ved.
d)Avgrensa uttak av ved til eigen bruk, i samsvar med forvaltingsplan.
e)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
g)Beiting med beitedyr som har tradisjon i området og som ikkje er til påviseleg skade for det biologiske mangfaldet.
h)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og andre anlegg og innretningar i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
i)Drift, vedlikehald og naudsynt istandsetting ved akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
j)Oppgradering/fornying av eksisterande kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
§ 5.Regulering av ferdsel

All ferdsel skal skje med varsemd og omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel er forbode, medrekna start og landing med luftfarty.
b)Bruk av sykkel og hest og kjerre samt riding er forbode.
§ 6.Generelle unntak frå ferdselsreglane

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- eller forvaltingsoppgåver som er vedteke av forvaltingsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyrety som vert nytta skal vere skånsame mot markoverflata. Ein skal gje melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av slik køyring.
b)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Det skal i etterkant sendast melding til forvaltingsstyresmakta.
c)Naudsynt uttransport av felt hjort eller anna storvilt med lett beltekøyrety som ikkje set varige spor i terrenget.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av naturreservatet til aktivitetar nemnt i § 3 d).
b)Oppgradering/fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4 j).
c)Oppsetting av gjerde i forbindelse med beiting som omtalt i § 4 g).
d)Naudsynt motorferdsel i samband med drift og vedlikehald av energi- og kraftanlegg, jf. § 4 i), samt ved oppgradering/fornying av kraftleidningar jf. § 4 j) og § 7 b).
e)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
f)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
g)Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak som omtalt i § 7 c) og § 7 e).
§ 8.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom tiltaket ikkje er i strid med vernevedtaket sitt føremål og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom tryggleiksomsyn og omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldlova § 48.

§ 9.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfoldlova § 47.

§ 10.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kva instans som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.