Forskrift til lov om motorferdsel i utmark, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-06-16-760
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse16.06.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort19.06.2014   kl. 15.00
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyre 16. juni 2014 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 tredje ledd og § 5.

§ 1.Hovudregel

I medhald av § 4 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag er ferdsle med motorfartøy på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer forbode i Gloppen kommune.

§ 2.Unntak

Utan hinder av § 1 er det lov å bruke motorfartøy med elektrisk motor på fylgjande vassdrag i Gloppen kommune:

-Traudalsvatnet
-Langedalsvatnet
-Hopsvatnet
-Skillbreivatnet
-Bergheimsvatnet
-Åvatnet
-Ommedalsvatnet
-Røyrviksvatnet
-Dalevatnet
-Rambergvatnet.
§ 3.Vilkår for bruk

Motorferdsle under § 2 er berre tillete i samband med:

-Materialtransport i samband med nybygging og vedlikehald av hus, sel og hytter
-Næringsverksemd
-Kultivering av fiskevatn.
§ 4.Fartsreglar for motorfartøy

Maksimal fart vert sett til 5 knop (1 knop tilsvarar 1,852 km/t).

Førar av fartøyet skal til ei kvar tid tilpasse farten slik at ho/han er omsynsfull, aktsam og varsam i forhold til omgjevnadene og miljøet, og slik at det ikkje kan oppstå fare eller gjerast skade på grunn av bølgjer frå fartøyet eller på annen måte.

§ 5.Ferdsel i landskapsvernområde

Reglane i denne forskrifta fritar ikkje for søknadsplikten hjå Naustdal-Gjengedal verneområdestyre ved bruk av elektrisk påhengsmotor i landskapsvernområdet.

§ 6.Dispensasjon

Når særlege grunner ligg føre, kan rådmannen etter søknad dispensere frå reglane i denne forskrifta.

§ 7.Straff

Brot på reglane i denne forskrifta, eller medverknad til dette, vert straffa i høve til § 12 i motorferdselslova.

§ 8.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks.