Forskrift om freding av Tinfos kulturmiljø, Notodden kommune, Telemark

DatoFOR-2014-06-20-786
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse20.06.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forNotodden kommune, Telemark
HjemmelLOV-1978-06-09-50-§20, LOV-1978-06-09-50-§15, LOV-1978-06-09-50-§22
Kunngjort20.06.2014   kl. 15.50
KorttittelForskrift om freding av Tinfos kulturmiljø

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 20. juni 2014 med heimel i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 20 og § 15, jf. § 22. Fremja av Klima- og miljødepartementet,

Del 1. Avgrensing og formål

§ 1.Avgrensing

Det freda kulturmiljøet omfattar heile eller deler av følgjande gnr./bnr. i Notodden kommune: 90/1, 90/2, 90/3, 90/4, 90/5, 90/71, 92/1, 240/2, 240/214, 240/216, 240/276, 240/282, 240/297, 240/378, 240/549, 240/577, 240/677, 240/678, 240/679, 240/680, 240/688, 240/691, 240/692, 240/698, 242/2, 242/7, 242/38, 242/64, 242/66, 242/67, 242/124, 242/146, 242/178, 242/194, 242/208, 242/210, 242/211, 242/212, 242/213, 242/214, 242/215, 242/216, 242/217, 243/129, 243/509, 243/513, 243/514, 243/515, 243/517, 243/519, 243/521, 243/522, 243/527, 244/40, 244/104, 244/134, 244/209, 244/534 og 244/589 samt dei offentlege areala mellom dei.

I tillegg er interiøra på kraftstasjonen Tinfos 2 med ventilhus, gnr. 242 bnr. 2 freda etter lov om kulturminne § 15.

Omfanget av fredinga går fram av vedlagde kart datert 9. april 2014.

Hovudområdet dekkjer eit areal på 372,8 dekar. Området ved Kloumannsjøen er på 8 dekar. Tømmerrenna mellom dei to områda utgjer eit areal på 108,9 dekar og er totalt 4,2 km lang. Samla areal for fredinga er 489,7 dekar. 

Fredinga etter kulturminnelova § 20 omfattar:

Kraftverka, demningar, kanal, installasjonar frå fløtinga og tidlegare nåledam under vatn, vasspegelen, fossen, elvelaupet, industribygg og -anlegg, administrasjonsbygg, direktør-, funksjonær- og arbeidarbustadar, faste konstruksjonar i terrenget som murar, gjerder, trapper, dessutan hagar og anna grønstruktur. Fredinga omfattar også idrettsanlegg og friareal knytt til desse. Fredinga omfattar eit område ved Kloumannsjøen med fløytingsbu, uthus og vassverksbygg.

For tømmerrenna omfattar fredinga heile tømmerrenna frå Tinfos til Kloumannsjøen og gjeld rennelekam, konstruksjon med mellom anna to hengebruer, fire tunnelar, tilførselskanal og to luker. I tillegg omfattar fredinga grunnen tømmerrenna står på frå Hyttebyen/Kanalbyen og fram til søndre tunnelinnslag ved den 493 meter lange tunnelen nord i området, med 30 meter til sides for tømmerrenna, vinkelrett på tømmerrenna eller til elvebredde. 

Fredinga etter kulturminnelova § 15 omfattar:

Alle interiør i kraftstasjonen Tinfos 2 med ventilhus. I begge bygningar inngår og fastmonterte maskiner med tilhøyrande verkty og utstyr, veggfast inventar som skilt, lysarmatur med meir i fredinga.

Kart og forskrift om freding skal oppbevarast hos Notodden kommune, Telemark fylkeskommune og Riksantikvaren.

§ 2.Formål

Hovudformålet med fredinga av Tinfosområdet er å sikre og bevare eit særmerkt og godt bevart industri- og bustadmiljø med omgivnader, som er representative for industrireisinga og samfunnsutviklinga på slutten av 1800-talet og framover.

Fredinga skal sikre at heilskap og samanheng i området blir verna.

Fredinga skal sikre tekniske anlegg samt dei kulturhistoriske verdiane ved eksteriøret på bygningar.

Fredinga skal sikre hovudstruktur i hagar og anna grønstruktur.

Formålet med freding av interiøra på kraftstasjonen Tinfos 2 med ventilhus er å sikre vern av ein kraftstasjon som er nesten uendra sidan oppføringa i 1912 med turbinar, tekniske installasjonar, arkitektoniske detaljar og fast inventar.

§ 3.Automatisk freda kulturminne

Fredinga inneber ingen endring av status til eventuelle automatisk freda kulturminne i området.

Del 2. Fredings- og dispensasjonsføresegner etter kml § 20

§ 4.Sonedeling av kulturmiljøet

Innafor området er det variasjonar med omsyn til verneverdiar for enkeltbygningar og område. Forvaltninga av dei freda kulturminna skal ta omsyn til dette. Kulturmiljøet er delt inn i vernesoner A, B og C og gitt føresegner etter verneverdi og kor mykje endringar dei tåler. 

Vernesone A: Vernesona inneheld kjernen av industri-, kraft- og bustadbebyggelsen frå starten av industrireisinga på slutten av 1800-talet og dei første to tiåra av 1900-talet samt tømmerrenna frå Tinnfoss til og med Hyttebyen/Kanalbyen. Her skal strenge antikvariske omsyn leggast til grunn. 

Vernesone B: Vernesona inneheld i hovudsak, utviklinga av kraftproduksjonen og bustadbygginga på midten av 1900-talet og framover, området ved Kloumannsjøen, tømmerrenna ovafor Hyttebyen/Kanalbyen til Kloumannsjøen samt trafikkareal, elva, landskap og friareal som rammar inn kulturmiljøet samt. I vernesone B kan det i nokon grad gis rom for endringar som ikkje endrar opplevinga av området som heilskap, det homogene uttrykket, materialbruk eller på anna vis strider mot formålet med fredinga. 

Vernesone C: Vernesona inneheld idrettsanlegg oppført av Tinfos samt arealet rundt tømmerrenna. I vernesone C er det moglegheit for utvikling dersom dette ikkje i vesentleg grad endrar opplevinga av kulturmiljøet som heilskap, skjemmer kulturmiljøet eller på anna vis strider mot formålet med fredinga.

Sonene er markert på kart datert 9. april 2014 og vedlagt denne forskrifta.

§ 5.Kulturmiljøet

Fredingsføresegnene er utforma i samsvar med formålet med fredinga og gjeld i tillegg til kulturminnelova sine føresegner om vedtaksfreda kulturmiljø. I det freda området må det ikkje setjast i verk tiltak, verksemd eller ferdsel som er egna til å skade eller skjemme kulturmiljøet og kulturminna, eller på anna måte motverke formålet med fredinga.

Det er til dømes ikkje tillete å:

-rive eller fjerne bygningar og anlegg
-gjennomføre vesentlege endringar på bygg og anlegg i sone A og B med unntak for tilbakeføring, jf. § 7
-endre hovudkarakter på hagar og anna grønstruktur med unntak for tilbakeføring, jf. § 7
-tørrlegge eller vesentleg senke vasspegelen i Sagafossdammen eller forvaltingsstyresmakta. Holtakanalen.
§ 6.Tiltak som fredinga ikkje er til hinder for

Fredinga er ikkje til hinder for tiltak som ikkje fører med seg endringar på kulturminne og kulturmiljø. Slike tiltak kan gjennomførast utan søknad til forvaltingsstyresmakta. Dersom det er tvil om tiltaket krev søknad skal forvaltingsstyresmakta kontaktast:

Dette kan til dømes vere:

-Oppfylling av krav som følgjer av lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvatn med tilhøyrande forskrifter, lov 14. desember 1917 om erverv av vassfall, lov 14. desember 1917 om vassdragsreguleringar, lov 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, samt lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetjing, fordeling og bruk av energi, så framt det ikkje strid mot formålet med fredinga, og val av tiltak gjerast i samarbeid med forvaltingsstyresmakta.
-Midlertidige installasjonar for inntil 1 år, i samband med kraftproduksjon, vedlikehald og midlertidig sikringsarbeid.
-Militære operasjonar, redningsoperasjonar, naudssituasjonar som gjeld elektriske anlegg og elektrisk utstyr, sikring ved flom eller andre naudssituasjonar. Forvaltingsstyringsmakta skal så snart som mogleg varslast og involverast i sikringsarbeidet.
-Vedlikehald og istandsetting som skjer med tradisjonelle materialar og metodar tilpassa anlegga og bygningane sine antikvariske verdiar og eigenart.
-Vidareføring av eksisterande næringsverksemd på fredingstidspunktet.
-Etablering av ny næringsverksemd som ikkje medfører fysiske inngrep i kulturmiljøet, eller får verknad for opplevinga av kulturmiljøet eller på annan måte verkar inn på formålet med fredinga.
-Vanleg stell og skjøtsel av hagar.
-Å fjerne vegetasjon for å hindre gjengroing.
-Naudsynt nyplanting med tradisjonelle stadeigne arter til erstatning for busker og tre som må fjernast.
-Svartelista trær, stauder og busker skal ikkje introduseres til nye stader og ein skal unngå uønska spreiing utafor hagane.
-Å sette opp utstyr som ikkje er fastmontert i grunnen dersom dette elles ikkje er i strid med formålet med fredinga.
-I vernesone C er fredinga dessutan ikkje til hinder for vedlikehald, reparasjonar og ombygging av eksisterande bygnader under føresetnad av at volum og uttrykk ikkje endrast.

Fredinga er ikkje til hinder for tiltak for oppfylling av vilkår etter lover nemnt under strekpunkt 1. Val av tiltak etter desse lovverk bør så langt det er mogleg, ta omsyn til formålet med fredinga og utformast i samråd med forvaltingsstyresmakta.

§ 7.Dispensasjonsføresegner

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad i særlege tilfelle gi tillating for tiltak som ikkje medfører vesentlege inngrep i kulturmiljøet jf. kulturminnelova § 20 tredje ledd og § 15a, og som er i samsvar med formålet med fredinga, jf. § 2.

Dette kan til dømes være:

-Tilbakeføring av kulturminne eller landskap til dokumentert tidlegare tilstand, eller tiltak som kan forbetre miljøet i samsvar med den karakteren det historisk sett har hatt.
-Ny tilkomst for og tilpassing av bustadar og offentlege bygg i samsvar med krav til universell utforming.
-Nye anlegg for permanent kraftproduksjon i vernesone B.
-Tiltak som inneber nybygg, nye installasjonar og nye anlegg i samband med krav til tryggleiken ved kraftverksanlegga.
-Midlertidig senking og/eller tørrlegging av Sagafossdammen og/eller Holtakanalen.
-Midlertidige installasjonar som skal stå utover 1 år i samband med kraftproduksjon, vedlikehald og sikringsarbeid. Dispensasjonen skal gjelde for eit definert tidsrom.
-Nye sikringstiltak for tømmerrenna som ikkje i vesentleg grad er i strid med formålet med fredinga.
-Endring av standard på gater, vegar og stiar.
-Fjerning av tre som kan vere til fare for menneske eller som kan medføre skade på kulturminne.
-Oppføring av nye næringsanlegg som ikkje medfører vesentlege endringar av kulturminne eller kulturmiljø.
-Gravearbeid, endring av terrengnivå, utvendig støyping, utviding av parkeringsplassar, endring av elvebredder og endringar av hagar og landskapet elles dersom tiltaket ikkje medfører vesentlege endringar.
-Oppsetting av skilt- og reklameinstallasjonar.
-Oppføring av nybygg etter brann.
-Nybygg og tilbygg innanfor vernesone C, mellom anna endring av bygg og anlegg sin storleik og utforming, dersom det ikkje får vesentlege konsekvensar for kulturmiljøet sitt hovudpreg.

Del 3. Fredings- og dispensasjonsføresegner etter kml § 15 og § 15a

§ 8.Fredings- og dispensasjonsføresegner for interiøret i kraftstasjonen Tinfos 2 med ventilhus

Fredinga etter kulturminnelova § 15 omfattar for begge bygg: Alle interiør, romløysingar, fastmonterte maskiner med tilhøyrande verkty og utstyr, veggfast inventar som skilt og lysarmatur m.m.

Fredingsføresegnene er utforma i samsvar med formålet for fredinga og gjeld i tillegg til kulturminnelova sine føresegner om vedtaksfreda kulturminne.

1.Det er ikkje tillete å rive eller endre interiøra, fjerne fastmonterte maskiner med tilhøyrande verkty og utstyr, eller veggfast inventar.
2.Det er ikkje tillete å bygga om interiøra.
3.Det er ikkje tillete å skifte ut bygningselement eller materiale, endre overflater eller gjere anna arbeid som går utover vanleg vedlikehald med unntak av tilbakeføringar, jf. pkt. 5.
4.Vedlikehald og istandsetting skal skje med tradisjonelle materiale og metodar tilpassa bygningen sin eigenart og på ein måte som ikkje reduserer dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane.
5.Tilbakeføringar til opphavleg eller tidlegare utsjånad kan tillatast når tiltaket kan gjennomførast på sikkert dokumentert grunnlag og etter dispensasjon frå forvaltingsstyremakta.

Fredinga er ikkje til hinder for redningsoperasjonar i naudssituasjonar som gjeld elektriske anlegg og elektrisk utstyr, sikring ved flom m.m. Forvaltingsstyresmakta skal så snart som mogleg varslast og involverast i sikringsarbeidet.

Fredinga førar med seg at ein må søkja om dispensasjon for alle tiltak som går ut over vanleg vedlikehald jf. kulturminnelova §15a. Dersom det er tvil om kva som er vanleg vedlikehald skal forvaltingsstyresmakta kontaktast.

Del 4. Dokumentasjon, forvaltningsplan, skjøtsel, vedlikehald

§ 9.Dokumentasjon

Når forvaltingsstyresmakta gir dispensasjon frå fredingsføresegnene kan ho stille vilkår om dokumentasjon av endringane. Dokumentasjonen skal arkiverast hos fylkeskommunen og Riksantikvaren.

§ 10.Forvaltingsplan

Det skal utarbeidast forvaltingsplan som skal godkjennast av Riksantikvaren. Forvaltingsplanen er vegledande i den vidare forvaltninga av kulturmiljøet. Forvaltingsplanen kan reviderast når forholda gjer dette naudsynt.

§ 11.Skjøtsel og vedlikehald

Det kan utarbeidast skjøtselsplanar og vedlikehaldsplanar der dette er naudsynt. Slike planar skal godkjennast av regional forvaltingsstyresmakt.

Pålegg om utbetring og vedlikehald av freda byggverk og anlegg følgjer føresegnene i kulturminnelova §§ 16-18.

I område freda etter kulturminnelova § 20 kan forvaltingsstyresmakta sjølv gjennomføre vedlikehalds- og skjøtseltiltak som er naudsynte av omsyn til formålet med fredinga, jf. kulturminnelova § 21.

Del 5. Forvaltingsstyresmakt, iverksetting mv.

§ 12.Forvaltingsstyresmakt

Forvaltingsstyresmakta etter denne forskrifta er lagt til Riksantikvaren eller den Riksantikvaren gir fullmakt. Riksantikvaren delegerer forvaltingsstyresmakta for Tinfos kulturmiljø til Telemark fylkeskommune. Kart og fredingsføresegner er arkivert i Notodden kommune, Telemark fylkeskommune, Riksantikvaren og Klima- og miljødepartementet.

§ 13.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft straks.

Kartvedlegg 

pdf.gif