Forskrift om friluftsaktivitetar ved Kleppelunden, Klepp kommune, Rogaland

DatoFOR-2014-07-18-1971
PublisertII 2016 hefte 1
Ikrafttredelse18.07.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forKlepp kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1957-06-28-16-§2, LOV-1957-06-28-16-§15, FOR-2008-05-19-533
Kunngjort28.01.2016   kl. 14.45
KorttittelForskrift om friluftsaktivitetar ved Kleppelunden, Klepp

Heimel: Fastsett av Klepp kommunestyre 12. mai 2014 sak 29/14 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet (friluftsloven) § 2 andre ledd og § 15, og forskrift 19. mai 2008 nr. 533 om utvida bandtvang for hund, Klepp kommune, Rogaland. Stadfesta av fylkesmannen i Rogaland 18. juli 2014.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld for friluftsområdet Kleppelunden i Klepp kommune med tilgrensande turvegsystem. Sjå vedlegg.

§ 2.Føremål

Føremålet med forskrifta er å regulera dei friluftsaktivitetane som er omtalt i § 3–§ 11 i denne forskrifta.

§ 3.Riding og annan bruk av hest

Riding og annan bruk av hest er ikkje tillate utan særskilt løyve.

§ 4.Hund

Det er bandtvang heile året jamfør forskrift 19. mai 2008 nr. 533 om utvida bandtvang for hund, Klepp kommune, Rogaland.

§ 5.Sykling

Syklistar som passerer andre brukarar skal gje signal før passering og passering må skje med tilnærma gangfart.

§ 6.Campingvogner og bubilar

Overnatting med campingvogn eller bubil er ikkje tillate i Kleppelunden. Det er ikkje lov å parkera campingvogner eller bubilar på parkeringsplassane mellom kl. 24.00 og kl. 06.00.

§ 7.Motorferdsel

Motorferdsel i sjølve Kleppelunden med tilgrensande turvegsystem på Kleppevarden er berre tillate som tilkomst til eigedomane, del av skjøtselen og elles etter skriftleg løyve frå kommunen.

§ 8.Bål og bruk av open eld

Bål og bruk av open eld er forbode i perioden 15. april til 15. september. I denne perioden er grilling og liknande tillate på tilrettelagte grillplassar. Eingongsgrill bør ikkje brukast og ev. berre type med stativ og med sand eller grus som underlag.

§ 9.Større arrangement

Gjennomføring av større arrangement må avklarast med kommunen, grunneigarar og eventuelt andre styresmakter jamfør forskrift 27. august 2009 nr. 1132 om politivedtekt, Klepp kommune, Rogaland § 19. 

pdf.gif