Forskrift om landing og start med luftfartøy og motorferdsel i vassdrag, Sirdal kommune, Vest-Agder

DatoFOR-2014-09-22-1229
PublisertII 2014 hefte 4
Ikrafttredelse02.10.2014
Sist endret
EndrerFOR-1989-06-20-844
Gjelder forSirdal kommune, Vest-Agder
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort02.10.2014   kl. 15.00
KorttittelForskrift om motorferdsel i vassdrag, Sirdal

Heimel: Fastsett av Sirdal kommunestyre 11. september 2014 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5. Stadfesta av Fylkesmannen i Vest-Agder 22. september 2014.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er ut frå eit samfunnsmessig heilskapssyn å regulere motorferdsla i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld i heile Sirdal kommune.

§ 3.Ferdsel med motorfartøy på vatn under 2 km²

Ferdsel med motorfartøy er tillat på vatn under 2 km² for nødvendig transport i samband med næring og transport til hytte.

§ 4.Avgrensing av motorstorleik

Ferdsel med motorfartøy som har større motor enn 10 HK er forbode på vatn under 2 km² .

§ 5.Landing og start med luftfartøy

Utover det som er direkte heimla i lov, er landing og start med luftfartøy i utmark tillat for følgjande føremål:

a)nødvendig transport av materiale og utstyr til bygging i samsvar med byggeløyve,
b)nødvendig transport i samband med tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg,
c)transport i samsvar med løyve frå verneområdeforvaltninga for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde.
§ 6.Landing og start med luftfartøy etter søknad

Kommunen kan etter søknad gi løyve til landing og start med luftfartøy i utmark for følgjande føremål:

a)nødvendig transport av materiale og utstyr i samband med vedlikehald og mindre tiltak som er unntatt byggesaksbehandling,
b)nødvendig transport av brensel, utstyr og proviant til hytter og buer,
c)nødvendig transport i samband med fiskekultiveringstiltak,
d)nødvendig transport i samband med vitskapelege undersøkingar etter oppdrag frå forskingsinstitusjon,
e)transport av jaktutbytte ved jakt på storvilt.
§ 7.Ikraftsetjing og oppheving

Forskrifta trer i kraft så snart den er kunngjort i Norsk Lovtidend. Frå same tidspunkt vert forskrift 20. juni 1989 nr. 844 om ferdsel med motorfartøy og luftfartøy, Sirdal kommune, Vest-Agder, oppheva.