Forskrift om Jotunheimen nasjonalpark, Lom, Vågå, Vang, Luster og Årdal kommunar, Oppland og Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-11-14-1398
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse14.11.2014
Sist endret
EndrerFOR-1980-12-05-1
Gjelder forLom, Vågå, Vang, Luster og Årdal kommunar, Oppland og Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§35, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort18.11.2014   kl. 14.20
KorttittelForskrift om Jotunheimen nasjonalpark

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 14. november 2014 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 35 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.Formål

Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit stort, samanhengjande og villmarksprega naturområde i overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur som inneheld særprega og representative økosystem og landskap utan tyngre naturinngrep.

Vidare er formålet med vernet å ta vare på:

-Eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert naturmangfald, medrekna artar, bestandar, naturtypar og geologi
-Store alpine fjellmassiv med brear og spisse tindar med dei høgste fjelltoppane i Noreg
-Vakre og eigenarta landskap
-Fjellvatn og vassdragsnatur
-Særprega geologiske førekomstar
-Leveområde for villreinen
-Kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til uforstyrra naturoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

§ 2.Geografisk avgrensing

Verneområdet omfattar areal innan følgjande eigedomar: 

Lom kommune: Leir- og Bøverdalen statsallmenning (gnr./bnr. 155/1) 

Vågå kommune: Langmorkje statsallmenning (gnr./bnr. 187/1)

Del av sameige under gnr./bnr. 2/1, 2/2, 3/1.

Gjende (vatnet, eigar Vågå kommune gnr/bnr. 191 og bnr. 1).

Russvatnet (eigar gnr./bnr. 143/1). 

Vang kommune: gnr./bnr. 6/267. 

Årdal kommune: Årdal vestre statsallmenning (gnr./bnr. 38/1). 

Luster kommune: Luster austre statsallmenning (gnr./bnr. 215/1).

Nasjonalparken dekkjer eit totalareal på ca. 1151 km² . Av dette ligg ca. 919 km² i Oppland fylke og ca. 232 km² i Sogn og Fjordane fylke.

Grensene for nasjonalparken går fram av kart i målestokk 1:70 000, datert Klima- og miljødepartementet, november 2014. Dei nøyaktige grensene for nasjonalparken skal merkjast opp i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestas.

Verneforskrifta med kart skal oppbevarast i kommunane Lom, Vågå, Vang, Årdal og Luster, hos Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.Vernereglar

I nasjonalparken skal inga varig påverknad av naturmiljøet eller kulturminne finna stad, med mindre slik påverknad er ein føresetnad for å ivareta føremålet med vernet. I nasjonalparken er det innafor ramma av vernereglane høve til å utøve landbruk, friluftslivturisme, jakt og fiske, undervisning og forsking. 

1. Landskapet
1.1 Vern mot inngrep i landskapet

Området er verna mot inngrep av ein kvar art, medrekna oppføring og ombygging av varige eller mellombelse bygningar, gjerde, anlegg og innretningar, riving av bygningar, parkering av campingvogner, bubilar, maskiner og liknande, opplag av båtar, vegbygging, bergverksdrift, vassdragsregulering, fjerning eller øydelegging av biologisk og geologisk materiale i grotter, graving, utfylling og lagring av masse, sprenging og boring, bryting av stein, mineralar og fossil og fjerning av større stein og blokker, drenering og anna form for tørrlegging, nydyrking, bakkeplanering, framføring av luft- og jordleidningar, bygging av bruer og klopper, oppsetting av skilt, opparbeiding og merking av stiar, løyper og liknande. Opplistinga er ikkje uttømmande.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar som ikkje fører til bruksendring. Vedlikehald omfattar ikkje ombygging eller utviding. Vedlikehald skal skje i samsvar med lokal byggeskikk og tilpassast landskapet.
b)Vedlikehald av stiar, merking, bruer, skilt og liknande i samsvar med forvaltningsplan.
c)Vedlikehald av eksisterande vegar i samsvar med forvaltningsplan.
d)Kvisting av løyper i samsvar med forvaltningsplan.
e)Slått og rydding av eksisterande setervollar i samsvar med forvaltningsplan.
f)Opplag av båtar i samsvar med forvaltningsplan.
g)Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg og nødvendig istandsetting ved akutt utfall.
h)Oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftlinjer for heving av spenningsnivå og auking av linjetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i høve til verneformålet.
i)Oppsetjing av saltstein og liknande i samband med beiting.
1.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Ombygging og mindre utviding av eksisterande bygningar.
b)Oppføring av nye bygningar og innretningar som er naudsynte for drifta av turisthytter i nasjonalparken i samsvar med forvaltningsplan.
c)Gjenoppføring av bygningar, anlegg og innretningar som er øydelagde ved brann eller naturskade.
d)Bygging av bruer og legging av klopper.
e)Oppsetting av skilt, vegvisarpilar, merking av nye stiar og kvisting av nye løyper.
f)Oppsetting av gjerde.
g)Større endringar i seterdrifta i samsvar med forvaltningsplan.
h)Oppføring av bygningar i medhald av fjellovas § 35 i samsvar med forvaltningsplan.
i)Bruksendring av eksisterande bygningar.
j)Oppgradering/fornying av kraftanlegg og kraftlinjer som ikkje fell inn under pkt. 1.2 h.
k)Riving av bygningar, anlegg og innretningar og oppføring av nye med same størrelse og for same bruk i samsvar med forvaltningsplan.
l)Opplag av båtar som ikkje er i samsvar med forvaltningsplan.
m)Naudsynte tiltak i samband med forvaltning av artar.

Ombygging, utviding og nybygg skal skje i samsvar med lokal byggeskikk når det gjeld utforming, fargar og materialbruk, og skal tilpassast landskapet. 

2. Plantelivet
2.1 Vern av plantelivet

Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot all skade og øydelegging. Såing og planting av tre og annan vegetasjon er forbode.

2.2 Reglane i 2.1 er ikkje til hinder for:
a)Bruk av området til beite.
b)Skånsam bruk av trevirke til å brenne bål.
c)Plukking av bær og matsopp.
d)Plukking av vanlege planter til eigen bruk.
e)Vedhogst til brensel i kraft av gamle bruksrettar etter tilvising frå forvaltningsstyresmakta.
2.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Hogst av ved til turisthytter, andre hytter og setrar i nasjonalparken.
b)Planting og såing i samband med revegetering.
2.4 Regulering av beite.

Miljødirektoratet kan ved særskilt forskrift regulere beiting som kan skade eller øydelegge naturmiljøet. 

3. Dyrelivet
3.1 Vern av dyrelivet.

Dyrelivet, medrekna hi, reir, trekkruter, hekke-, yngle- og gyteplassar er verna mot skade og unødvendig uroing. Utsetting av dyr og organismar på land og i vatn er forbode. Kalking i vassdrag må ha særskilt løyve.

3.2 Reglane i pkt 3.1 er ikkje til hinder for:
a)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande regelverk.
b)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande regelverk.
3.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Utsetting av fisk frå lokale fiskestammer der dette er gjort tidlegare.
b)Kalking av vatn og elver som er naudsynt for å hindre at ein art døyr ut. I forvaltningsplanen skal det fastsetjast eit referanseområde som ikkje skal kalkast. 
4. Kulturminne
4.1 Vern av kulturminne

Kulturminne skal vernast mot skade og øydelegging. Lause kulturminne kan ikkje flyttast eller fjernast. Riving og flytting av bygningar som kan ha kulturell eller historisk verdi krev løyve frå forvaltningsstyresmakta.

4.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:

Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. 

5. Ferdsel
5.1 Generelt om ferdsel

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

5.2 Organisert ferdsel

Organisert ferdsel som kan skade naturmiljøet, eller ferdselsformer som kan skade naturmiljøet, må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Forvaltningsplanen skal avklare kva for ferdsel som krev løyve.

5.3 Sykling og organisert bruk av hest

Sykling og organisert bruk av hest er bare tillatt på veier, eksisterende stier og kjørespor. Det kan i forvaltningsplan fastsettes restriksjoner for slik ferdsel på nærmere angitte strekninger.

5.4 Regulering av ferdsel

Innafor nærare avgrensa delar av nasjonalparken kan Miljødirektoratet ved særskilt forskrift regulere eller forby ferdsel som kan skade naturmiljøet.

5.5 Omlegging av stiar

Av omsyn til naturmiljøet og kulturminne kan forvaltningsstyresmakta leggje om eller krevje fjerna merking av stiar og løyper.

5.6 Generelle unntak for ferdsel

Reglane i pkt. 5 gjeld ikkje ferdsel ved gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. 

6. Motorferdsel
6.1 Forbod mot motorferdsel

Motorferdsel er forbode på land og vatn, medrekna start og landing med luftfartøy, og lågtflyging under 300 m over bakken.

6.2 Reglane i pkt. 6.1 er ikkje til hinder for:
a)Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver bestemt av forvaltningsstyresmakta. Regelen gjeld ikkje øvingskøyring.
b)Naudsynt bruk av beltekøyrety på vinterføre i samband med utøving av reindrift. Leigekøyrar for reineigar eller reindriftsansvarlig må medbringe skriftlig dokumentasjon/avtale med oppdragsgjevar for at køyringa skal vere lovleg.
c)Lågtflyging under 300 m over bakken dersom akutte vêrtilhøve gjer det naudsynt av omsyn til tryggleiken.
d)Forsvaret sin naudsynte lågtflyging i perioden 15. september til 1. juli.
e)Lågtflyging med fly eller helikopter i samband med geologisk kartlegging i regi av Noregs geologiske undersøking.
f)Bruk av båt med motor på Gjende i samband med transport av og tilsyn med beitedyr.
g)Bruk av båt med motor på inntil 10 hk på Gjende ved utøving av fiskerett og i samband med storviltjakt.
h)Bruk av båt med motor på inntil 6 hk på Russvatnet og Bessvatnet ved utøving av beiterett og fiskerett.
i)Bruk av båt med motor på Gjende i samband med fiskekultivering og oppsyn som vert drive av Vågå og Lom fjellstyre.
j)Bruk av båt med motor på inntil 6 hk på Bessvatnet og Russvatnet i samband med fiskekultivering og oppsyn som vert drive av Vågå og Lom fjellstyre.
k)Motorferdsel på vegen i Gravdalen i samband med ettersyn av beitedyr.
l)Motorferdsel for uttransport av sjuke eller skadde bufe i medhald av lov om dyrevelferd. Køyrety som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gis melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av kjøring.

Maksimal tillaten hastigheit med motorbåt på Gjende, Russvatnet og Bessvatnet etter f), g), h), i) og j) er 8 knop.

6.3 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Øvingskøyring for formåla som er nemnde i pkt. 6.2 a).
b)Motorferdsel på vinterføre, på veg eller med luftfartøy i samband med husdyrhald, vedhogst og utøving av bruksrett som gjeld fiskekultivering.
c)Bruk av beltekøyrety på vinterføre eller luftfartøy for transport av brensel, proviant, varer og utstyr til turisthytter, hytter og setrer.
d)Motorferdsel på veg og bruk av luftfartøy i samband med reindrift.
e)Motorferdsel på Glitterheimsvegen for transport av brensel, proviant, varer og utstyr til Glitterheim turisthytte, samt transport av funksjonshemma.
f)Bruk av beltekjøretøy på vinterføre eller luftfartøy for transport av materialar til vedlikehald og byggearbeid på bygningar, bruer, anlegg og innretningar.
g)Drift av rutebåt på Gjende i samsvar med forvaltningsplan.
h)Bruk av motorbåt på Gjende for drift av turisthytter, medrekna transport av personale, i samsvar med forvaltningsplan.
i)Bruk av båt med motor på inntil 10 hk på Gjende for hytteeigarar ved Gjendebu og Leirungsåe.
j)Bruk av motorbåt med hastigheit høgare enn 8 knop på Gjende, i samsvar med forvaltningsplan.
k)Bruk av beltekøyrety på vinterføre for utføring av sikringstiltak, t.d. merking og kvisting av løyper.
l)Bruk av traktor på traktorvegar for transport av varer og utstyr til drifta av turisthyttene Memurubu og Gjendebu.
m)Transport 2 gonger i veka på vinterføre av gjester som ligg fast, til turisthyttene Memurubu, Gjendebu og Glitterheim i samsvar med forvaltningsplan.
n)Oppkøyring av skiløype på Fanaråkbreen i samsvar med forvaltningsplan.
o)Køyring på barmark med traktor eller beltekøyretøy i samband med vedlikehald og reparasjon av kraftanlegg til Memurubu.
p)Motorferdsel på vegen i Gravdalen i andre høve enn føremål som nemnt i pkt. 6.2 k), i samsvar med forvaltningsplan.
q)Motorferdsel på vinterføre, på vegen i Gravdalen eller med luftfartøy i samband med tilsyn og vedlikehald av Tyin kraftverk.
r)Naudsynt motorferdsel for tiltak i samband med forvaltning av artar etter pkt. 1.3 m) og 3.2 b).
s)Bruk av snøskuter i samband med snømålingar.
t)Bruk av traktor på traktorvegar i Memurubu og Gjendebu til transport av gjerdemateriell ved beitebruk. 
7. Ureining
7.1 Forbod mot ureining

All slags ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske midlar som kan påverke naturmiljøet er forbode.

7.2 Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til:
a)Bruk av sand o.l. til snøsmelting.
b)Kompostering av organisk materiale.
7.3 Støy

Unødvendig støy er forbode. Det er ikkje tillate å bruke motordrivne modellfly, modellbåt, o.l.

§ 4.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot formålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 5.Forvaltningsplan

Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon osv. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

§ 6.Skjøtsel

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er formålet med vernet.

§ 7.Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 8.Rådgivande utval

Det skal opprettast eit rådgivande utval for forvaltninga av nasjonalparken.

§ 9.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samstundes blir følgjande forskrift oppheva: 1980-12-5 nr. 1 og 2004-11-16 nr. 14931 : Jotunheimen nasjonalpark i Lom, Vågå, Vang kommunar, Oppland fylke, Luster og Årdal kommunar, Sogn og Fjordane fylke.

1Endringsforskrift som er innarbeidet i hovedforskriften (Lovdatas anm.).