Forskrift om vern av Eikebakka naturreservat, Sokndal kommune, Rogaland

DatoFOR-2014-12-12-1664
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse12.12.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forSokndal kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort16.12.2014   kl. 16.00
KorttittelForskrift om vern av Eikebakka naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 12. desember 2014 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldlova) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit skogsområde med gammal, fattig, men noko beitepåverka eikeskog med alt naturleg plante- og dyreliv og dei naturlege økologiske prosessane i området.

Området har spesiell naturvitskapeleg verdi gjennom at skogen har vesentleg meir daud ved og er eldre enn det som er vanleg i eikeskogane i Dalane og er leveområde for fleire sjeldsynte lavartar. Det er derfor viktig at tresjiktet får utvikla seg vidare med eit auka innslag av store eiker og daud ved. Det er en målsetting å beholde verneverdiene i mest mulig urørt tilstand, og videreutvikle dem.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet gjeld gnr./bnr. 58/1 og 59/1 i Sokndal kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 114 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5000 datert Klima- og miljødepartementet desember 2014. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkjast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Sokndal kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som reduserer verneverdiane nemnde i føremålet med vernet.

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude busker og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødvendig forstyrring. Utsetjing av dyr er forbode.
c)Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endra naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
e)Bålbrenning er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting med husdyr som det har vore tradisjon for på eigedommane.
e)Vedlikehald av bygningar, anlegg og innretningar, slik tilstanden er på vernetidspunktet.
f)Vedlikehald av opparbeid hesteveg i samsvar med retningslinjer i forvaltningsplan.
g)Skjøtselshogst i kantsona mot dyrka mark ved driftsulemper, i samsvar med retningslinjer i forvaltningsplan.
h)Rydding av ei mindre flate ved elva kartfesta på vernekart for å gje høve til fluefiske.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

For naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel til lands og på vatn er forbode, medrekna landing og start av luftfartøy.
b)Bruk av sykkel og riding er forbode. Tradisjonell bruk av opparbeid hesteveg i samsvar med retningslinjer i forvaltningsplan er likevel tillate.
§ 6.(generelle unntak frå ferdselsreglane)

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel for uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som vert nytta skal vera skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring.
b)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi løyve til:

a)Avgrensa bruk av reservatet i samband med arrangement nemnde i § 3 d.
b)Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Oppsetjing av gjerde i samband med beiting.
d)Utsetjing av saltstein.
e)Tiltak i samband med forvaltning av vilt og fisk.
f)Naudsynt motorferdsel i samband med § 7 c og d.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setta i verk tiltak for å oppretthalda eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalda nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltningsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(iverksetting)

Denne forskrifta trer i kraft straks.