Forskrift om vern av Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes naturreservat, Tysnes kommune, Hordaland

DatoFOR-2014-12-12-1669
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse12.12.2014
Sist endret
EndrerFOR-2000-10-13-1034
Gjelder forTysnes kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort16.12.2014   kl. 16.00
KorttittelForskrift om Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 12. desember 2014 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldlova) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med vernet er å ta vare på eit kystnært skogområde med stor variasjon av sjeldne og sårbare naturtypar som kalkfuruskog, kystfuruskog og edellauvskog med vesentlig innslag av eføy, kristtorn og barlind. Området har også særeigen geologi som er viktig for eit variert naturmangfald. Området skal kunne nyttast til undervising og forsking, på ein måte som gjer at det biologiske mangfaldet ikkje vert skadelidande. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet femner om følgjande gnr./bnr.: Tysnes kommune: 165/4, 168/1, 168/2, 168/4, 169/1, 169/3.

Naturreservatet dekker eit totalareal på ca. 4113 dekar, der alt er landareal. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20 000 dagsett Klima- og miljødepartementet desember 2014. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal bli koordinatfesta.

Kart og verneforskrift blir oppbevart i Tysnes kommune, hos Fylkesmannen i Hordaland, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som øydelegg eller reduserer verneverdiane som er nemnde i verneføremålet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter, sopp og lav eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre eller annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte tilførsler av ureining, dumping av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
e)Det er forbode å brenne bål eller grille i reservatet utanfor etablerte bålplassar i friluftsområdet.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt på storvilt etter gjeldande lovverk.
c)Utøving av fiske herunder feste av not i land.
d)Fjerning av framande artar.
e)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Beiting med beitedyr som har tradisjon i området og som ikkje er til påviseleg skade for det biologiske mangfaldet.
g)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og andre anlegg og innretningar i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
h)Drift, vedlikehald og naudsynt istandsetting av akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
i)Oppgradering/fornying av eksisterande kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
j)Sikring av nedlagte gruveganger.
k)Utsetting av saltstein.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje med varsemd og vise omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel til lands og til vanns er forbode, medrekna landing og start med luftfarty.
b)Utenfor eksisterende stier er bruk av sykkel og riding forbode.
§ 6.(generelle unntak frå ferdselsreglane)

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsel eller forvaltingsoppgåver som er vedteke av forvaltingsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyrety som vert nytta skal vere skånsame mot markoverflata. Ein skal gje melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av slik køyring.
b)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltingsstyresmakta.
c)Naudsynt uttransport av felt hjort eller anna storvilt med lett beltekøyrety som ikkje set varige spor i terrenget.
d)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.Spesifiserte dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av naturreservatet til aktivitetar nemnt i § 3 d.
b)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Oppgradering/fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4.
d)Merking og naudsynt rydding av eksisterande stiar.
e)Naudsynt motorferdsel i samband med drift/ vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg og oppgradering/fornying av kraftleidningar.
f)Naudsynt køyring for å kome til skog på tilgrensande eigedom for hogst.
g)Oppattføring av bygningar, anlegg eller innretningar som har gått tapt ved brann eller naturskade.
h)Felling av artar i samsvar med gjeldande lovverk dersom dei gjer vesentleg skade på verneverdiane.
i)Oppsetting av gjerder i forbindelse med beiting.
j)Naudsynt motorferdsel for transport til eigedommar som ligg omkransa av verneområdet.
k)Naudsynt motorferdsel i forbindelse med aktivitetar etter § 4 g, h, i, j og k og § 7 g og i.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom tiltaket ikkje er i strid med føremålet til vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom tryggleiksomsyn og omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det skal utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltingsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kva instans som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(iverksetting)

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samtidig opphevast forskrift 13. oktober 2000 nr. 1034 om freding av Ånuglo som naturreservat, Tysnes kommune, Hordaland.