Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Vaksdal kommune, Hordaland

DatoFOR-2015-06-22-781
PublisertII 2015 hefte 3
Ikrafttredelse22.06.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forVaksdal kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort02.07.2015   kl. 13.00
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Vaksdal

Heimel: Fastsett av Vaksdal kommunestyre 22. juni 2015 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

§ 1.Føremål

Føremålet med kommunal gjødselforskrift er å tilpasse lokal praksis og vilkår for spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft med vidare, til skiftande ver- og veksttilhøve, slik at intensjonane i nasjonal husdyrgjødselforskrift om vern mot avrenning og ureining av vatn og grunn, vert oppnådd.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta omhandlar alt godkjent spreiingsareal i Vaksdal kommune. Alt areal inngår i same sone, med sams reglar og vilkår.

§ 3.Spreiingstidspunkt

I perioden frå 1. november til og med 15. februar, er det ikkje høve til å spreie gjødselvarer av organisk opphav. Det er heller ikkje høve til å spreie gjødselvarer av organisk opphav på snødekt eller frosen mark.

På godkjent spreiingsareal kan det spreiast gjødselvarer av organisk opphav i vekstsesongen fram til og med 1. oktober.

I perioden frå siste spreiingsdato og fram til 1. november, kan ein unntaksvis spreie gjødselvarer av organisk opphav under spesielt gode omstende og vêrtilhøve. Vilkåret er at gjødsla skal pløyast/moldast ned innan 18 timar etter spreiing.

§ 4.Spreiereglar

For all spreiing av gjødselvarer av organiske opphav utan nedmolding/nedfelling på eng, etter 1. september, gjeld følgjande vilkår:

-Det kan maksimalt nyttast 3 m³ gjødsel per dekar.
-Mot alle vassdrag (elvar/bekkar/vatn), skal det setjast att ei sone på minst 10 meter som ikkje vert gjødsla.
-Ved lagring, uttransport og spreiing, skal det takast omsyn til vertilhøve, jordsmonn og flaumrisiko for å redusere faren for erosjonsskader og avrenning til vassdrag.
§ 5.Delegering

Rådmannen får delegert mynde til å gjere vedtak knytt til denne forskrifta.

§ 6.Klage

Vedtak gjort av kommunen etter føreskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav, kan klagast på til fylkesmannen.

§ 7.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå fastsetjingsdato, og gjeld fram til den vert oppheva.