Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vestre Slidre kommune, Oppland

DatoFOR-2015-11-12-1425
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse11.12.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forVestre Slidre kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort11.12.2015   kl. 14.50
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vestre Slidre

Heimel: Fastsett av Vestre Slidre kommunestyre 12. november 2015 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 og § 5 og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

§ 1.Verkeområde

Forskrifta utfyller ovafor nemnde lov om motorferdsel i utmark og nasjonal forskrift og regulerer ikkje føremål som er nemnt i motorferdsellova § 4 fyrste ledd og nasjonal forskrift § 2 fyrste ledd.

§ 2.Føresegner for motorfartøy og luftfartøy 

Bruk av motorfartøy (båtar) i medhald av motorferdsellova § 4 tredje ledd

Ferdsel på innsjø større eller lik 2 km² :

a)På Storfjorden, M. Syndin og S. Syndin er det tillate med motorstyrke på inntil 10 hk.
b)På Slidrefjorden er det ikkje øvre grense for motorstyrke.
c)For Strandefjorden sin del i Vestre Slidre gjeld reglane for Nord-Aurdal kommune.
d)For N. Syndin sin del i Vestre Slidre gjeld reglane for Vang Kommune (15 hk)
e)For Heggefjorden (6 hk) og Øyangen (10 hk) sin del i Vestre Slidre gjeld reglane i Øystre Slidre kommune.

På vatn eller elvestrekning mindre enn 2 km² er ferdsel med motorfartøy ikkje tillate, sjølv om desse inngår som del av farbart vassdrag. Motorfartøy omfattar både forbrenningsmotor og elektrisk motor. 

Bruk av luftfartøy:

Start og landing med luftfartøy er tillate på Storfjorden og Slidrefjorden og den del av Øyangen og Strandefjorden som ligg i Vestre Slidre.

§ 3.Føresegner for bruk av motorkjøretøy på vinterføre 

Generelt

Transportbehov skal primært dekkast ved leigekjøring. Løyve tildelast innanbygdsbuande som helst kombinerer slik transport som er direkte heimla i lov eller forskrift.

Løyve for leigekjøring tildelast for ei periode på 4 år, og kjøring skal skje etter nærare fastsette vilkår. Ved brot på fastsette vilkår kan løyvet inndragast.

Føresegn for kjøring i medhald av nasjonal forskrift § 3 andre ledd.

a)Generelt skal all kjøring heimla i nasjonal forskrift § 3 skje etter transportløype for snøskuter i kvar tid gjeldande løypeplan. Når transportløype ikkje kan brukast, kan kjøring skje etter trase for sommarveg, langs skiløype. Kjøring skal om mogleg foregå på kvardag.
b)Kjøring med heimel i nasjonal forskrift § 3 bokstav e skal foregå etter kvar tid gjeldande løypeplan for kommunen
c)Vintersesongen reknast fram til 1. mai. Kjøring etter den tid er forbode. Dei som er tildelt løyve for motorisert ferdsel i utmark skal levere kjørebok til kommunen innan 15 mai kvart år. Kjørebok skal førast fortløpande og skal kunne framvisast ved kontroll. Kjørebok skal minimum innehalde opplysningar om dato, kjørestrekning, oppdragsgjevar, telefonnr. til oppdragsgjevar og om mogleg signatur til oppdragsgjevar.
§ 4.Iverksetjing

Denne forskrifta gjeld frå den tid den er offentleggjort i Norsk Lovtidend.