Forskrift for bruk av motorfartøy og luftfartøy, Lesja kommune, Oppland

DatoFOR-2015-11-19-1482
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse17.12.2015
Sist endret
EndrerFOR-1989-06-22-4952
Gjelder forLesja kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift for bruk av motorfartøy og luftfartøy, Lesja

Heimel: Fastsett av Lesja kommunestyre 19. november 2015 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4 og § 5.

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å regulere motorferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy i kommunen, med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivsel.

§ 2.Virkeområde
a)Forskrifta gjeld i Lesja kommune og innafor verneområda, så langt denne forskrifta ikkje kjem i konflikt med vernereglane.
b)Reglane i forskrifta er ikkje til hinder for den motorferdsel som er direkte heimla i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, § 4.
c)Forskrifta innskrenkar ikkje adgangen grunneigar har etter gjeldande rettsreglar til å forby eller avgrense motorferdsel på eigedomen, jf. lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 10.
§ 3.Elver og innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer

På alle elvestrekningar og på innsjøar som er mindre enn 2 kvadratkilometer, er all ferdsel med motorfartøy forbode.

§ 4.Innsjøar større enn 2 kvadratkilometer (Aursjøbassenget, Lesjaskogsvatnet og Vangsvatnet)
a)Ferdsel med vasscooter, vassjet, aquabike og liknande farkostar er ikkje tillate.
b)Aursjøbassenget (Aursjøen, Grynningen, Gautsjøen): Ferdsel med motorbåt er ikkje lov med større motorkraft enn 15 hk. Det kan nyttast elektrisk båtmotor med effekt tilsvarande inntil 15 hk motor.
c)Lesjaskogsvatnet: Ferdsel med motorbåt er ikkje lov med større motorkraft enn 10 hk. Det kan nyttast elektrisk båtmotor med effekt tilsvarande inntil 10 hk motor.
d)Vangsvatnet: Ferdsel med motorbåt er ikkje lov med større motorkraft enn 8 hk. Det kan nyttast elektrisk båtmotor med effekt tilsvarande inntil 8 hk motor. For Vangsvatnet visar ein til den verneforskrifta som til ein kvar tid er gjeldande. Bruk av motor her må difor avklaras med vernemyndigheten, da verneforskrifta går framom denne lokale forskrifta.
§ 5.Start og landing med luftfartøy i utmark og vassdrag

Det er ikkje lov å lande eller ta av med luftfartøy i utmark og vassdrag i kommunen.

§ 6.Dispensasjon

Etter skriftleg søknad kan rådmannen gje dispensasjon frå reglane i denne forskrifta. Vurdering av søknaden skal følgje reglane i forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, § 6 og § 7.

§ 7.Straffeansvar

Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark.

§ 8.Ikraftsetjing og oppheving

Forskrifta trer i kraft så snart den er kunngjort i Norsk Lovtidend. Frå same tidspunkt vert forskrift 22. juni 1989 nr. 4952 for bruk av motorfartøy (båter) og luftfartøy, Lesja kommune, Oppland oppheva.