Forskrift om vern av Brårfjell naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark

DatoFOR-2015-12-11-1534
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse11.12.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift om vern av Brårfjell naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. desember 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit skogområde som har særleg verdi for biologisk mangfald grunna førekomst av rik edellauvskog og ein rik flora.

Området har særskilt naturvitskapleg verdi grunna førekomst av sjeldsynte skogtypar som alm-lindeskog og lågurtskog og mange sjeldsynte og truga arter av karplanter, mose, sopp og lav. Det er ei målsetjing å halde på verneverdiane i best mogleg tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet omfattar delar av følgjande gnr./bnr.: Fyresdal kommune: 62/4.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 584 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart dagsett Klima- og miljødepartementet desember 2015. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Fyresdal kommune, hos Fylkesmannen i Telemark, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (medrekna lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tøming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Vedlikehald av eksisterande traktorveg teikna inn på vernekartet, i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
f)Brenning av bål med tørrkvist eller ved ein har med seg, i samsvar med gjeldande lovverk.
g)Oppsetjing av mellombelse, mobile jakttårn til jakt etter storvilt.
h)Forsiktig rydding av småbuskar og kvist på postar i samband med jakt etter storvilt.
i)Utsetting av saltsteinar.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og taka omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld fylgjande reglar om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel til lands og i vatn er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy.
b)Utenom eksisterende stier og veger er bruk av sykkel, hest og kjerre samt ridning forbudt.
§ 6.(generelle unntak frå reglane om ferdsel)

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern -, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Kjøretøy som nyttast skal vera skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før kjøringa vert gjort.
b)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
c)Landing og start med Forsvaret sine luftfartøy.
d)Naudsynt transport med snøskuter for gnr./bnr. 60/1 og 60/3 i etablert snøskutertrasé etter traktorveg og gamal ferdselsveg.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av naturreservatet for aktivitetar som nemnde i § 3 d.
b)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Tiltak i samband med forvalting av vilt.
d)Merking, rydding og vedlikehald av etablerte stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
e)Hogst av etablerte plantefelt.
f)Uttransport av felt elg og hjort med anna skånsamt køyretøy enn lett beltekøyretøy som nemnt i § 6 andre ledd b.
g)Gjerding og vedlikehald av gjerde.
h)Naudsynt motorferdsel i samband med øvingsverksemd for formål nemnde i § 6 første ledd.
i)Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 e og i, og § 7 b, c, d, e, g og j.
j)Naudsynt transport for gnr./bnr. 60/1 og 60/3 på barmark i etablert trase etter traktorveg og gamal ferdselsveg.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta dersom det ikkje strid mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsyn til tryggleik eller til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærmare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltningsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vera forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(iverksetjing)

Denne forskrifta tek til å gjelda straks.