Forskrift om vern av Ljosådalen naturreservat, Valle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2015-12-11-1535
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse11.12.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift om vern av Ljosådalen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res 11. desember 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit stort og vel avgrensa skog- og heiområde som lokalt inneheld høy tetthet av gammal furu og å sikre eit særs viktig kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei. Naturreservatet inneheld nesten alle skogtypar som representerer indre delar av Aust-Agder og gammal ospeskog og gamle, grove furutrer som er særs viktige for å ta vare på artsmangfaldet knytt til naturreservatet. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i best mogleg tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Valle kommune: 21/7, 21/8, 26/1, 26/2, 26/3, 26/4, 27/1, 27/2, 27/5, 27/11.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 37 903 dekar. Grensene for reservatet går fram av kart dagsett Klima- og miljødepartementet desember 2015. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Valle kommune, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon i utmark er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, unødig uroing og øydelegging. Utsetjing av dyr er forbode.
c)Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet eller endre dei naturgjevne produksjonstilhøva for villreinen, gjera villreinen sitt livsmiljø ringare eller hindre villreinen sin bruk av området. Dette gjeld til dømes: Oppføring av bygningar, anlegg, gjerde eller andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker eller liknande, opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkrør, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plante- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak fra vernebestemmelsene)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Utsetting av saltstein.
f)Bålbrenning med tørrkvist, tørre greiner eller ved som er tatt med, i samsvar med gjeldande lovverk.
g)Hogging av ved av lauvtre til eige bruk på støyl merka av på vernekartet.
h)Rydding og vedlikehald av slåttemark rundt husmannsplassen Oddeskar.
i)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande vegar, stigar, løyper, bruer, skilt og liknande som er merka av på vernekartet, i samsvar med tilstanden på vernetidspunktet.
j)Vedlikehald av bygningar og andre innretningar i samsvar med tilstanden på vernetidspunktet.
k)Naudsynt tynning av vegetasjon fem meter ut frå vegskulder langs vegen inn Ljosådalen.
l)Drift og vedlikehald, samt istandsetting ved akutt utfall av eksisterande energi- og kraftanlegg.
m)Oppgradering og fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje føreset vesentlige fysiske endringar i forhold til verneføremålet.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel på land og i vatn er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy.
b)Utanfor eksisterande vegar og stiar er bruk av sykkel, hest og kjerre samt riding forbode.
c)All ferdsle skal ta særlig omsyn til villreinen. I kalvingstida er ferdsle forbode i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai.
d)Lågtflyging under 300 meter er forbode f.o.m. 25 april t.o.m. 31. mai av omsyn til villreinen og kalving.
§ 6.(generelle unntak frå ferdselsreglane)

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med politi-, brannvern-, rednings-, ambulanse- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- eller forvaltingsoppgåver som er fastsett av forvaltingsstyresmakta. Unntaket omfattar ikkje øvingsverksemd.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Motorferdsel som er naudsynt for å transportere ut sjukt og skadd bufe. Køyretøyet som nyttast må vere skånsamt mot markoverflata. Det skal bli gjeve melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av køyringa.
b)Naudsynt transport ut av felt elg og hjort med kløvhest eller lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget, samt slik transport med annan type lett køyretøy etter veg som er merka av på vernekartet.
c)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
d)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd c) er ikkje til hinder for:

a)Ferdsle som følgjer veg og merka løype.
b)Naudsynt ferdsle for grunneigar for tilsyn med eigedomen sin.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsbestemmelser)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

a)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk, medrekna kalking av fiskevatn.
b)Oppbygging på ny av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade, med utsjånad som opphaveleg og til opphaveleg bruk.
c)Avgrensa bruk av reservatet i samband med aktivitetar nemnde i § 3 d.
d)Oppsetting av gjerde i samband med beiting.
e)Restaurering av eksisterande støylar (merka av på vernekartet).
f)Utvidelse av eksisterande støylar (merka av på vernekartet) til eit totalareal på 50 m² BRA og med tradisjonell utforming.
g)Gjenoppbygging av gammal støyl (merka av på vernekartet) slik at denne vert mest mogeleg identisk med den tidlegare når det gjeld utsjånad, med maksimal storleik 30 m² BRA.
h)Naudsynt motorferdsle i samband med transport av ved, materialar og utstyr til eksisterande støylar, i løyper merka av på vernekartet.
i)Oppgradering og fornyelse av kraftledninger som ikke faller inn under § 4.
j)Naudsynt motorferdsle i samband med drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg, og oppgradering og fornying av kraftlinjer.
k)Istandsetting, vedlikehold og skjøtsel av kulturminner.
l)Naudsynt motorferdsle i samband med aktivitetar nemnde i § 4 e, h, i og j og § 7 a, b, d, e, f, g og k.
§ 8.(generelle dispensasjonsbestemmelser)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strid mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltningsplan)

Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærmare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltningsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(ikrafttredelse)

Denne forskrifta trer i kraft straks.