Forskrift om vern av Urdvatn og Kallingshei naturreservat, Åmli kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2015-12-11-1540
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse11.12.2015
Sist endret
EndrerFOR-2007-12-21-1633
Gjelder forÅmli kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift om vern av Urdvatn og Kallingshei naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. desember 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å take vare på eit godt avgrensa, stort, samanhengande og topografisk variert barskogområde med naturskogspreg som er representativt for regionen. Området har eldre bestand av gran og furu med innslag av særleg rik lauv- og blandingsskog og flekkar med edellauvskog som har særleg verdi for biologisk mangfald. Det er en målsetting å beholde verneverdiene i best mulig tilstand, og eventuelt videreutvikle dem.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet gjeld følgjande gnr./bnr.: Åmli kommune: 24/1, 24/2, 24/3, 24/5, 24/7, 24/8, 26/1, 36/1, 36/2, 36/3, 36/4, 42/15, 62/5 og 62/6.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 25 867 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet desember 2015. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Åmli kommune, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som skader verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande verneføresegner:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerder, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, dumping av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømmande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Utsetting av saltstein.
f)Vedlikehald av eksisterande vegar og andre anlegg, medrekna enkle traktorslep, i høve til tilstand på vernetidspunktet.
g)Brenning av bål med tørrkvist eller ved ein ber med seg inn i reservatet, i samsvar med gjeldande lovverk.
h)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper, bruer, skilt og liknande.
i)Vedlikehald og istandsetting av bygningar på Mjåvasstøyl innafor ramma av opphavlig størrelse og form.
j)Rydding og vedlikehald av setervollar kring bygningar på Mjåvasstøyl, etter nærare vilkår fastsett av forvaltningsstyremakta.
k)Naudsynt vedhogst i samband med seterdrift på avgrensa område kring Mjåvasstøyl, etter nærare vilkår fastsett av forvaltningsstyremakta.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminner.

I naturreservatet gjeld følgjande føresegner om ferdsel:

a)Motorisert ferdsel til lands og i vatn er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy.
b)Utenom eksisterande vegar og stiar er bruk av sykkel, hest og kjerre, samt riding forbode.
§ 6.(generelle unntak frå ferdselsreglane)

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsmyndigheiten. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av syke og skadde bufe. Køyretøy som nyttast skal vere skånsomt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av køyring.
b)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
c)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsføresegner)

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av naturreservatet for aktivitetar nemnde i § 3 d.
b)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
d)Oppsetting av gjerde i samband med beiting.
e)Naudsynt motorferdsel til eksisterande fritidsbustad ved Kallingsheim med snøskuter på vinterføre langs trasé vist på vernekart, eller på barmark langs samme trasé dersom det ikke medfører risiko for skade på verneverdier, for transport av ved, materialer og utstyr.
f)Naudsynt motorferdsel til eksisterande bu ved Hovatn med snøskuter på vinterføre langs trasé vist på vernekartet for transport av ved, materialar og utstyr.
g)Rydding av snøskutertrasé vist på vernekart.
h)Naudsynt motorferdsel i samband med oppsetting og vedlikehald av gjerde.
i)Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 e, f, i og j og § 7 b og c.
§ 8.(generelle dispensasjonsføresegner)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir imot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsyn til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan iverksette tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er formålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det skal utarbeidast forvaltingsplan med nærmare retningslinjer for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltningsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltningsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(ikraftsetting)

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samtidig vert forskrift 21. desember 2007 nr. 1633 om verneplan for skog. Vedlegg 4. Urdvatn naturreservat, Åmli kommune, Aust-Agder, oppheva.