Forskrift om vern av Drægnismorki–Yttrismorki naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-12-11-1547
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse11.12.2015
Sist endret
EndrerFOR-2010-03-05-350
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift om vern av Drægnismorki–Yttrismorki

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. desember 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit område som har særskilt verdi for det biologiske og geologiske mangfaldet i form av spesielle naturtypar, artsførekomstar og landformer i mest mogleg naturleg tilstand.

Dette er eit stort og variert furuskogområde på fyllittgrunn med ein særmerkt hydrologi knytt til etteristidsforkastningar og store steinurer, tett og storvaksen furuskog og edellauvskog, og høg biologisk produktivitet. Området er rikt på grove, gamle tre, både av furu, alm og osp, og har eit spekter av kalkfuruskog frå tørre til rike typar. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i best mogleg tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet vedkjem følgjande gnr./bnr.: Luster kommune: 8/1, 8/2, 8/3, 8/4, 8/5, 14/1, 14/2, 14/5.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 6246 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet desember 2015. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkjast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Luster kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjera noko som forringar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetjing av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, etterlating av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Oppsetjing av mellombelse mobile jakttårn for storviltjakt.
e)Fjerning av mindre mengder kvist i samband med utøving av storviltjakt.
f)Beiting.
g)Bålbrenning med tørrkvist eller ved ein bringer med seg, på stader nærare angitt i forvaltingsplan.
h)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, turpostar, klopper, bruer og gamle ferdselsvegar, i samsvar med forvaltingsplan.
i)Drift og vedlikehald, samt istandsetting ved akutt utfall av eksisterande energi- og kraftanlegg.
j)Oppgradering og fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje føreset vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
k)Vedlikehald av anlegg og innretningar i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
l)Vedlikehald av kulturminne, medrekna setrer, steinmurar og vatningsveiter, i samsvar med forvaltingsplan.
m)Rydding av vegetasjon på setervollar, og slått av desse, i samsvar med forvaltingsplan.
n)Ringbarking og felling av gran i samsvar med forvaltingsplan.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel på land og i vatn er forbode, mellom anna landing og start med luftfartøy.
b)Bruk av sykkel, hest og kjerre, og riding er forbode. Forbodet gjeld ikkje bruk av sykkel og hest på eksisterande vegar og stiar i samsvar med forvaltingsplan.
§ 6.(generelle unntak frå ferdselsreglane)

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Unntaket omfattar ikkje øvingsverksemd.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
b)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Kjøretøy som vert nytta skal være skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyringa finn stad.
c)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltingsstyresmakta.
d)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.(unntak det kan gjevast løyve til)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

a)Avgrensa bruk av reservatet for aktivitetar omtalte i § 3 d.
b)Oppgradering og fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4.
c)Bruk av reservatet i miljøbasert reiseliv etter plan godkjent av forvaltningsmyndigheten.
d)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
e)Istandsetjing av bygningar, steinmurar, vatningsveiter og andre kulturminne etter samråd med kulturminnestyresmaktene.
f)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med anna transportmiddel enn lett beltekøyretøy som nemnt i § 6 andre ledd a.
g)Uttak av ved til stølar innanfor området.
h)Styving av tre for å ta vare på og fremje biologiske eller kulturhistoriske verdiar.
i)Oppattbygging av 3 sel på kvar av stølane Liasete og Ruskesete slik at kvart gnr/bnr har eitt sel på kvar støl. Plassering på eksisterande murar eller annan stad på stølen vert avgjort i samråd med kulturminnestyresmaktene. Sela skal ha tradisjonell stil og utsjånad.
j)Oppattbygging av sel på stølen Lønningane slik at kvart gnr/bnr har eitt sel på stølen. Plassering på eksisterande murar eller annan stad på stølen vert avgjort i samråd med kulturminnestyresmaktene. Sela skal ha tradisjonell stil og utsjånad.
k)Naudsynt motorferdsel i samband med drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg, og oppgradering og fornying av kraftleidningar.
l)Naudsynt motorferdsel i samband med vedlikehald av anlegg og innretningar som nemnt i § 4 k.
m)Naudsynt transport av ved, material og utstyr til stølar innanfor verneområdet med beltekøyretøy på snødekt mark og med luftfartøy, eller med motorisert transport på barmark dersom det ikkje medfører risiko for skade på verneverdiar.
n)Oppføring av gjerder og samleanlegg for beite i samsvar med forvaltningsplan.
o)Naudsynt motorferdsel for transport av saltslikkestein.
p)Gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
q)Naudsynt motorferdsel knytte til aktivitetar som er nemnde i § 7 n.
r)Naudsynt bruk av beltekjøretøy på vinterføre eller luftfartøy, eller motorisert transport på barmark dersom det ikkje medfører risiko for skade på verneverdiar, for transport av materialar til gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
s)Naudsynt motorferdsel for å fjerne gran felt i samsvar med § 4 n.
t)Bruk av traktor i samband med jord- og skogbruksnæring på traktorveg som går ca. 80 meter inn i naturreservatet frå Marki på Yttri.
u)Merking av nye stiar og oppsetting av nye turpostar i samsvar med forvaltningsplan.
v)Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnt i § 4 h, l og m og § 7 d, e, i og j.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyremakta eller den forvaltningsstyremakta bestemmer, kan iverksetje tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstand som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltingsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(ikraftsetjing)

Denne forskrifta tek til å gjelde straks. Samstundes vert forskrift 5. mars 2010 nr. 350 om vern av Drægnismorki naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane, oppheva.