Forskrift om vern av Fimreiteåsen naturreservat, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-12-11-1548
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse11.12.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift om vern av Fimreiteåsen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. desember 2015 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit stort, samanhengande naturområde frå fjord til fjellskog som er av særleg verdi for biologisk mangfald, og som inneheld sjeldsynte og truga artar. Målet er å ta vare på dette i mest mogleg urørt tilstand, med heile spekteret av naturtypar som finst der, og som er av stor verdi for mange grupper av plantar, sopp og dyr, og som referanseområde for naturskog i naturleg foryngingsdynamikk. Av særskilde kvalitetar er både gammal furuskog og det store omfanget av boreal lauvskog, ikkje minst med grove ospetre, og stort artsmangfald både av hakkespettar og regionalt uvanlege fugleartar knytte til gammalskog, i tillegg til førekomst av edellauvskog, og mange sjeldsynte artar av sopp og lav knytte til ulike treslag og livsmiljø. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i best mogleg tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet vedkjem følgjande gnr./bnr.: Sogndal kommune: 85/2, 85/3, 85/5, 85/6, 85/7, 85/8, 85/9, 85/11.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 8083 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet desember 2015. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkjast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Sogndal kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som forringar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå reservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetjing av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, etterlating av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Fjerning av mindre mengder kvist i samband med storviltjakt.
f)Bålbrenning, med småkvist frå bakken eller med medbrakt ved, i samsvar med gjeldande lovverk.
g)Oppsetjing av mellombelse mobile jakttårn for storviltjakt, når dette ikkje krev felling av tre eller graving i grunn.
h)Vedlikehald av anlegg og innretningar i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
i)Rydding, merking og vedlikehald av eksisterande stiar, klopper, bruer og gamle ferdselsvegar, i samsvar med forvaltingsplan.
j)Drift og vedlikehald, samt istandsetjing ved akutt utfall av eksisterande energi- og kraftanlegg.
k)Oppgradering og fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje føreset vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
l)Vedlikehald av kulturminne i samsvar med forvaltingsplan.
m)Rydding av vegetasjon på stølsvollar og gammal slåttemark, og slått av desse, i samsvar med forvaltingsplan.
n)Ferdigstilling av traktorveg klasse 7, Reset-Snaueggi-Spennet, og vedlikehald av denne.
o)Felling og ringbarking av gran i samsvar med forvaltingsplan.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel på land og i vatn er forbode, mellom anna landing og start med luftfartøy.
b)Bruk av sykkel, hest og kjerre, og riding, er forbode. Forbodet gjeld ikkje bruk av hest og sykkel på eksisterande stiar i samsvar med forvaltingsplan, eller sykling på traktorvegar.
§ 6.(generelle unntak frå ferdselsreglane)

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltingsstyresmakta. Unntaket omfattar ikkje øvingskøyring.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Kjøretøy som vert nytta skal være skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i førekant av køyringa.
b)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
c)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltingsstyresmakta.
d)Naudsynt motorferdsel til jord- og skogbruksføremål på eksisterande traktorvegar, og på traktorvegen Reset-Snaueggi-Spennet.
e)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av reservatet for aktivitetar omtalte i § 3 d.
b)Oppgradering og fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4.
c)Bruk av reservatet i miljøbasert reiseliv etter plan godkjent av forvaltningsmyndigheten.
d)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
e)Istandsetjing av bygningar og andre kulturminne etter samråd med kulturminnestyresmaktene.
f)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med anna transportmiddel enn lett beltekøyretøy som nemnt i § 6 andre ledd a.
g)Styving av tre for å ta vare på og fremje biologiske eller kulturhistoriske verdiar.
h)Naudsynt motorferdsel i samband med drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg, og oppgradering og fornying av kraftleidningar.
i)Naudsynt motorferdsel i samband med vedlikehald av anlegg og innretningar som nemnt i § 4 h.
j)Naudsynt transport av ved, material og utstyr til hytter innanfor verneområdet med beltekøyretøy på snødekt mark eller med luftfartøy, eller med motorisert transport på barmark dersom det ikkje medføre risiko for skade på verneverdiar.
k)Naudsynt transport av ved, material og utstyr til hytter på traktorvegar.
l)Oppføring av gjerde og samleanlegg for beite.
m)Utsetting av saltslikkestein.
n)Naudsynt motorferdsel knytte til aktivitetar nemnde i § 7 l og § 7 m.
o)Gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
p)Naudsynt bruk av beltekøyretøy på vinterføre eller luftfartøy, eller motorisert transport på barmark dersom det ikkje medfører risiko for skade på verneverdiar, for transport av materialer til gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
q)Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemd i § 4 h, i, l, m og o og § 7 d og e).
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev mynde, kan iverksetje tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningslinjer for forvaltning av naturreservatet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel

§ 11.(forvaltingsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(ikraftsetjing)

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.