Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter, Vinje kommune, Telemark

DatoFOR-2016-03-10-250
PublisertII 2016 hefte 1
Ikrafttredelse10.03.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4a
Kunngjort17.03.2016   kl. 15.05
KorttittelForskrift for løypenett for snøskuter, Vinje

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vinje kommunestyre 10. mars 2016 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) § 4a.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å kanalisere ferdsla av fritidskøyring med snøskuter for å minimere omfanget av ulovleg køyring med snøskuter i utmark, og balansere interessene til snøskuterkøyrarar, friluftsliv, naturmangfald, hytteeigarar, innbyggjarar og grunneigarar i Vinje kommune.

§ 2.Ansvar og roller

Vinje kommune er ansvarleg for løypenettet.

Snøskuterklubbane Rauland, Møsstrond og Haukeli kan etter avtale med kommunen drifte og vedlikehalde løypenettet.

Snøskutersjåførar har ansvar for eigen tryggleik. All køyring skjer på eige ansvar.

Grunneigarar har ikkje erstatningsansvar for hendingar som skjer på sin eigedom.

§ 3.Virkeområde

Forskrifta gjeld for køyring med snøskuter på trasear i samsvar med vedlagt kart.

Følgjande aktivitetar er i samsvar med forskrifta:

-Fritidskøyring med eigen snøskuter
-Organisert turkøyring for grupper i regi av turistbedrifter.

Traseane for snøskuterløyper er også vist som informasjon i kommuneplanens arealdel.

Forskrifta tek berre føre seg køyring med snøskuter i trasear for fritidskøyring. Andre køyreløyve og landingsløyve i utmark blir handsama etter motorferdselsplanen og motorferdselslova med forskrifter.

Løypetraseane kan berre bli nytta av snøskuter (beltemotorsykkel). Andre motorkøyretøy, som ATV med belte, skal ikkje brukast i løypenettet. Unntaket frå denne regelen er køyretøy nytta av tilretteleggjar i samband med preparering av traseane, jf. § 8.

§ 4.Løyve til køyring i løypenettet

Det må kjøpast eit personleg køyreløyve før køyring i løypenettet. Følgjande køyreløyve kan bli gitt for fritidskøyring i snøskuterløypenettet:

1.Årsløyve
2.Døgnløyve
3.Turistløyve.

Prisen på dei ulike løyva blir teke inn i kommunen sitt gebyrregulativ kvart år. Utsalsstad for køyreløyve blir kunngjort i samband med opning av løypenettet.

Køyreløyvet skal alltid vera med under køyring. Alle køyreløyve gjeld berre for registrerte snøskuterar. 

§ 4-1. Årsløyve

Det kan gjevast opp til 400 årsløyve til fritidskøyring med snøskuter i løypenettet. Køyreløyvet er personleg. Vilkår for å få køyreløyve er:

1.Førarkort klasse S eller andre klasser som gjev føraren rett til å føre snøskuter1
2.Medlemskap i Haukeli, Møsstrond eller Rauland skuterklubb.

I tillegg skal kvar eigedom der snøskutertraseen kryssar ha høve til å kjøpe eitt løyve, på same vilkår som punkta over.

Årsløyvet gjeld frå 1. januar til 31. desember. Alle som får årsløyve må kunne stille seg disponible for oppgåver som skilting og ettersyn av løypenettet i løpet av sesongen.

1For meir detaljar, sjå førarkortforskrifta.
 

§ 4-2. Døgnløyve

Det kan løyvast opptil 20 døgnløyve for køyring med snøskuter i døgnet. Vilkår for å få døgnløyve er førarkort klasse S eller andre klasser som gjev føraren rett til å føre snøskuter. Døgnløyva er personlege og gjeld den datoen som stend i løyvet frå kl. 05.00 til kl. 24.00.

Det kan kjøpast døgnløyve for opptil 3 samanhengande dagar om gongen. 

§ 4-3. Turistløyve

Det kan gjevast eitt køyreløyve til opptil 5 bedrifter om tilbyr organisert turkøyring. Vilkår for å få turistløyve er at bedrifta er registrert i einingsregisteret og driv med turistføremål.

Turistløyvet gjeld frå 1. januar til 31. desember. Eitt turistløyve gjev éin guide rett til å følgje opptil 10 snøskuterar om gongen.

Guide må ha førarrett i klasse S. Bedrifta må ha løyve frå Statens Vegvesen sitt regionkontor for å arrangere gruppeturar med deltakarar som ikkje har førarrett i klasse S.1 Før alle turar skal alle deltakarane gå gjennom opplæring på bruk av snøskuter og ein sikkerheitsgjennomgang.

Gruppeturar er berre lov langs trasé 1, 2 og 6 mellom kl. 09.00 og kl. 19.00.

1Jf. førerkortforskriften § 12-5. Særregler for beltemotorsykler.
§ 5.Køyretider

Løypene kan berre brukast når heile traseen er dekt av berande vintersnø. Løypa skal stengast dersom snødekket er så tynt at terrenget under tek skade. Etter 5. mai er all køyring ulovleg.1

Køyring i løypenettet er tillate mellom kl. 05.00 og 24.00 for årsløyve og døgnløyve.

Turistløyve kan berre brukast mellom kl. 09.00 og 19.00.

Løypene blir opna så snart merkinga er på plass. Tilsvarande skal merka takast ned samstundes med at løypenettet blir stengt.

Opning og stenging av løypene skal varslast til medlemmar i snøskuterklubbane og annonserast på kommunens nettsider og sosiale media.

Der løypa går over islagte vatn skal kvaliteten på isen bli vurdert gjennom vinteren. Løypa kan berre vere open når stålisen er 10 cm eller tykkare.

Kommunen kan i løpet av sesongen stenge løypene med umiddelbar verknad.

1Jf. forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag § 4a.
§ 6.Løypebreidde

Maksimal breidde på løypene er 5 meter. Rasting er lov opp til 30 meter ut frå traseane. Køyring for rasting skal skje rett ut frå traseen. Det er ikkje lov å køyre parallelt med snøskuterløypene.

§ 7.Fartsgrenser

Fartsgrenser skal vera i tråd med gjeldande lovverk. Generell øvre fartsgrense i løypenettet er 70 km i timen. Med slede utan passasjerar må det ikkje køyrast fortare enn 60 km i timen. Med passasjerar på sleden kan farta ikkje vera raskare enn 40 km i timen.1

Farta kan reduserast av følgjande sikkerheitsmessige omsyn:

-Kryssing av veg: Full stopp.
-Kryssing av skispor: Full stopp og vikeplikt for den mjuke trafikanten
-Nærleik til skispor: Maks fart 40 km i timen
-Nærleik til hyttefelt, bustadområde: 40 km i timen.

Lista er ikkje uttømmande. Kommunen, skuterklubbane eller politiet kan innføre fleire fartsrestriksjonar ved behov.

Område med reduserte fartsgrenser skal merkast tydeleg.

1Jf. forskrift 14. desember 2001 nr. 1412 om kjøring med motorvogn i terrenget og på veg ikke åpen for alminnelig ferdsel. Ved motstrid gjeld forskrift om køyring med motorvogn i terreng framfor denne kommunale forskrifta.
§ 8.Sanksjonar for brot på forskrifta

Forsettleg eller uaktsamt brot på forskrifta blir bøtlagt etter reglane i motorferdselslova § 12, § 12a og § 12b.

Kommunen kan vurdere å stenge trasear ved behov.

§ 9.Enkeltløyper i løypenettet

Løypenettet er sett i hop av følgjande løyper: 

Løype 1 Vierli – Haug

Frå Vierli skal fartsgrensa vera 40 km/t på ein strekning på 1,7 km. Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. 

Løype 2 Raulandsgrend – Kråmviki

Langs Kråmvikvegen skal øvre fartsgrense vera 30 km/t der løypa passerar nærare enn 50 meter frå hytter.

Nord for Sveige bru skal det «merkast rasting forbode» ved kulturminnelokasjonane ID134864 (sør-aust for Bakketjønnane) og ID 134807 på Løyning.

Sekundær trasé er langs Kråmvikvegen. Denne skal nyttast dersom snøtilhøva langs løypenettet er for dårlege, så sant Kråmvikvegen er farbar for snøskuter. Kråmvikvegen må stikkast og opnast før ferdsel er lovleg. 

Løype 3 Rauland – Ådalen – Kråmvikvegen

Kryss mellom skiløyper og snøskuterløyper skal tydeleg merkast med full-stopp-skilt og vikeplikt. 

Løype 4 Raulandsgrend – Krossen

Gjennom bustadområdet på Haddland og Rauland sentrum skal fartsgrensa settast til 40 km/t. 

Løype 5 Øyfjell – Krossen

Langs Flærstøylvegen skal fartsgrensa vera 30 km/t. Det skal vera full stopp før snøskuterar kan køyre inn på vegen. 

Løype 6 Songakrysset – Trolldalsdammen

Det skal tydeleg merkast med skilt at løypa stoppar på Trolldalsdammen. 

Løype 7 Edland – Gravdalen – Raulandsgrend

Løypa skal tydeleg skiltast med skilt for skredfare der ho gjeng gjennom skredfarleg område. 

Løype 8 Strandbryggje Gravdalen – Edlandsgravdalen

Ved Kyrkjestøylen skal farta reduserast til 40 km/t. 

Løype 9 Bøgrend – Hyllandshylen

Det skal tydeleg merkast at skiløypa gjeng parallelt med skuterløypa, og kva del av løypa som skal nyttast til snøskuterkøyring og skiturar. Fartsgrensa skal vera 40 km/t. 

Løype 10 Haukeliheia

Det skal tydeleg merkast der løypa snur på Haukeliheia.

§ 10.Drift og vedlikehald

Drift og vedlikehald skal avklarast i avtale mellom Haukeli, Rauland og Møsstrond skuterklubbar og kommunen.

Preparering og vedlikehald av løypene kan skje med eigna maskiner, som trakkemaskin.

Kartvedlegg 

pdf.gif