Forskrift om vern av Jærkysten marine verneområde i Klepp og Hå kommunar, Rogaland

DatoFOR-2016-06-17-689
PublisertII 2016 hefte 2
Ikrafttredelse17.06.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forKlepp og Hå kommunar, Rogaland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§39, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort20.06.2016   kl. 13.50
KorttittelForskrift om Jærkysten marine verneområde, Klepp og Hå

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 17. juni 2016 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34 jf. § 39 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med Jærkysten marine verneområde er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur, inneheld særeigne økosystem, trua, sjeldsynt og sårbar natur, utgjer ein spesiell geologisk førekomst og som har særskilt naturvitskapleg verdi. Hovedmålet er å ta vare på verneverdiane utan større grad av ytre påverknad. Området skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.

Området omfattar ein særprega og representativ grunnvassokkel, eit system av israndavsetningar, biologisk rike stortareførekomstar, stor spennvidde i sterkt eksponerte og skiftande økosystem og habitat, og omfattande naturleg flytting av sand, grus og rullestein i dynamikk med Jærstrendene. Området har stor verdi som næringssøkområde for fugl.

Verneføremålet knyter seg til sjøoverflata og sjøbotn.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Det marine verneområdet dekker eit sjøareal på 142 km² med grense mot land langs djupnekote 5 m under sjøkartnull. Verneområdet omfattar overflata, vassøyla og sjøbotn.

Grensene for det marine verneområdet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet 17. juni 2016. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart vert oppbevart i Klepp og Hå kommunar, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I det marine verneområdet må ingen setje i verk noko som direkte eller indirekte kan skade verneverdiane i verneføremålet.

a)Vegetasjonen, inkludert tang, tare og andre marine planter, er verna mot skade og øydelegging. Planting av vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet knytt til sjøbotn er verna mot skade og øydelegging. Utsetting av organismar er forbode.
c)Området er verna mot tiltak som til dømes etablering av ulike typar anlegg, utfylling, byggeverksemd, plassering av konstruksjonar på sjøbotn, andre varige eller mellombelse innretningar, legging av røyrleidningar og kablar, konsentrerte forureiningstilførslar, mudring, uttak og deponering av masse, sprenging, boring, utslepp av kjølevatn frå land, og oppankring. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømmande.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 er ikkje til hinder for:

a)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, oljevern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd, likevel slik at eksisterande bruk av militært skyte- og øvingsfelt er tillaten.
b)Ferdsle med båt eller andre fartøy, medrekna oppankring mot land.
c)Hausting av viltlevande marine ressursar i samsvar med havressurslova og anna gjeldande lovverk, med unntak av referanseområde merka i vernekartet, kor hausting av vegetasjon, medrekna tang, tare og andre marine planter ikkje er tillate.
d)Fiske i samsvar med lakse- og innlandsfiskloven.
e)Jakt og fangst i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Drift og vedlikehald av eksisterande sjømerke og navigasjonsinstallasjonar.
g)Drift og vedlikehald av eksisterande kloakkanlegg og andre anlegg og innretningar.
§ 5.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gi dispensasjon til:

a)Oppføring av naudsynte navigasjonsinstallasjonar og andre farleitiltak for å trygge ferdsle på sjøen.
b)Legging av kablar og røyrleidningar og så langt mogleg samla i korridorar.
c)Tiltak som medfører små inngrep på botn og som ikkje påverkar dei marine verneverdiane nemneverdig.
d)Istandsetjing, skjøtsel og vedlikehald av kulturminne.
§ 6.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot verneføremålet og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller om tryggleiksomsyn eller omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, i samsvar med naturmangfaldlova § 48.

§ 7.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå naturtilstanden som er føremålet med vernet i samsvar med naturmangfaldlova § 47.

§ 8.(forvaltningsplan)

Forvaltningsstyresmakta skal utarbeide ein forvaltningsplan med nærmare retningsliner for forvaltning og skjøtsel av det marine verneområdet. Forvaltningsplanen kan innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 9.(forvaltnings styresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

§ 10.(rådgjevande utval)

Det kan opprettas eit rådgjevande utval for forvaltninga av verneområdet.

§ 11.(iverksetjing)

Denne forskrifta tek til å gjelda straks.