Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2016-06-17-746
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse17.06.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2016-01-08-12-§5, FOR-2016-01-08-12-§6
Kunngjort23.06.2016   kl. 14.10
KorttittelForskrift om jakt etter hjort og minsteareal, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyre 17. juni 2016 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 og forskrift 8. januar 2016 nr. 12 om forvaltning av hjortevilt § 5 og § 6.

§ 1.Opning for jakt

Det er høve til å jakte etter hjort i Gloppen kommune.

§ 2.Minsteareal

Minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyve i Gloppen kommune vert sett til:

a)800 dekar for vald i Austre Hyen og Vestre Hyen.
b)500 dekar for resten av kommunen.
§ 3.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.