Forskrift om vernskog, Telemark

DatoFOR-2016-06-22-748
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forTelemark
HjemmelLOV-2005-05-27-31-§12
Kunngjort23.06.2016   kl. 14.10
KorttittelForskrift om vernskog Telemark

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Telemark 22. juni 2016 med heimel i lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova) § 12.

§ 1.Formål

Formålet med vernskogen er å tene som vern for annan skog og virke som vern mot naturskader som jordskred, steinsprang, snøskred eller skadeflaum. Vernskog kan etablerast i områder opp mot fjellet, ut mot havet eller andre areal der skogen kan sikre mot naturskader.

Formålet med forskrifta er å sikre vernskogfunksjonen samtidig som næringsverksemd i vernskog kan drivast i den grad det er forsvarleg.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for skogareal i Telemark som Fylkesmannen med heimel i skogbrukslova har vedtatt skal vere vernskog. Kommunen kan søkje Fylkesmannen om endring av vernskoggrense og om oppretting av ny vernskog, jf. § 4, § 5, § 6 og § 7.

Vernskoggrenser skal finnast som eige digitalt kartlag i kommunen.

§ 3.Definisjonar 

Flatehogst: Hogstfelt over 2 daa utan frø- eller skjermtrær.

Flaterydding: Fjerning av uønska tre som kan hindre forynging på hogstfelt.

Frøtrestillingshogst: Der det står igjen opp til 15 frøtre pr. daa etter hogst.

Gjennomhogst: Tar ut enkelttre og smågrupper etter ei skjønnsmessig vurdering av skogtilhøva.

Gruppehogst: Hogst av grupper av tre.

Produktiv skog: Skog med produksjonsevne over 0,1 m³ /daa/år.

Proveniens: Klimatisk rase.

Skoggrense: Der avstanden mellom tre som er minst 3 m høge, er større enn 30 m. (om lag 1 tre pr. daa). Gjeld alle treslag.

Småflatehogst: Tilnærma kvadratiske flatehogstar opp til 2 daa.

Uproduktiv skog: Skog med produksjonsevne mindre enn 0,1 m³ /daa/år.

Ved til husbehov: Berre ved til eige bruk knytta til garden sine bygningar og eventuelle seterhus.

Vernskog: Skog som tener som vern for annan skog eller gir vern mot naturskadar.

§ 4.Vernskog mot fjellet

Skogområder opp mot fjellet er den vanlegaste forma for vernskog. Dette er skog i klimatisk utsette områder der feil skogbehandling kan medføre negative konsekvensar både for forynging av skogen og for skog på nedanforliggande areal.

§ 5.Vernskog ut mot havet

Den skogen som veks lengst ut mot havet har funksjon som leskog for innanforliggande skog, innmark og busetnad. Denne skogen er i tillegg til å vere serleg påverka av vind, ofte utsett for saltskader.

§ 6.Vernskog i område som er utsett for jordskred, steinsprang eller snøskred

Skog i bratte lier dempar nedbøren og bind jordpartiklane, slik at jordskred ikkje startar. I tillegg vert steinsprang og snøskred i mange høve stogga av nedanforliggande skog. I særlege høve der skader for busetnad, vegar og annan infrastruktur kan bli alvorlege, kan vernskog vere aktuelt.

§ 7.Vernskog i flaumutsette områder

Skog som har ein særleg viktig funksjon for å motverke utvasking og utrasing ved store nedbørsmengder kan og definerast som vernskog.

§ 8.Meldeplikt

All hogst i vernskog, utanom hogst av ved til husbehov, skal på førehand meldast til kommunen. Meldinga skal innehalde alle nødvendige opplysningar om den planlagde hogsten, samt kart der hogstfelta er teikna inn.

Har kommunen ikkje gjeve svar på meldinga innan 3 veker frå meldinga kom fram til kommunen eller fatta eit vedtak, er hogsten å regne som godkjent. Da kan det meldte tiltaket settast i gang i samsvar med denne forskrifta.

Kommunen kan sette vilkår for hogsten, eller nekte hogst heilt eller delvis i eit vedtak. Det skal gå fram av vedtaket at det er gjort vurderingar i samsvar med naturmangfoldloven § 7.

Vilkår kan vere pålegg om tiltak for å få opp ny skog, endring av planlagt hogst eller hogstform o.l.

§ 9.Forvaltning av vernskog i ras-, skred- og flaumutsette område

Vernskog etter § 6 og § 7 skal takast omsyn til i kommunens arealforvaltning.

I dei tilfella kommunen tillèt hogst i ras-, skred- og flaumutsett vernskog skal kommunen i vedtaket synleggjere vurderingane som er gjort med omsyn til skaderisiko og sette dei vilkåra som er nødvendig for å behalde vernskogfunksjonen i tilstrekkelig grad.

I vurderinga må kommunane ta omsyn til faktorar som treslag, kronedekning, diameter og høgde på trea, storleiken på opne felt, terreng og type risiko.

§ 10.Generelt om hogst i vernskog

I vernskogen må all hogst utførast slik at areala over tid har preg av skog, og slik at lokalklimaet blir minst mogleg utsett. Det er samtidig viktig å ta omsyn til friluftsliv, landskap og biologisk mangfald.

Som ved all skogsdrift må ein ved hogst i vernskogen følje dei vanlege reglane for eit bærekraftig skogbruk, jf. forskrift 7. juni 2006 nr. 593 om berekraftig skogbruk og Norsk PEFC Skogstandard.

Ved åpne hogstar, flatehogst og frøtrestillingshogst, er skogeigar forplikta til å gjennomføre nødvendige tiltak for å sikre tilfredsstillande forynging innan tre år, jf. forskrift om berekraftig skogbruk § 7.

§ 11.Spesielt om soneinndeling og hogst i vernskog mot fjellet

I vernskog mot fjellet er det fastsett eigne reglar for hogst i dei ulike sonene i fjellskogen:

1.Det skal vere eit urørt belte av skog opp mot skoggrensa, også der den produktive skogen går heilt opp mot snaufjellet, sone 1. Dette beltet skal vere så breitt at det gir le og vern for skogen nedanfor og minimum 50 meter målt etter bakken.
2.Bjørkeskogbeltet og den uproduktive barskogen nedanfor sone 1, utgjer sone 2. I sone 2 er det i barskogen opna for forsiktig hogst. Dette gjeld berre der ein kan ta ut enkelttre og smågrupper og ny skog er sikra med eksisterande naturleg forynging eller det er godt om yngre erstatningstre. Der sone 2 består av bjørkeskog er det opna for gjennomhogst eller småflatehogst med normalt opp til 2 dekar hogstfelt. Når det er kome opp forynging på småflatene, kan desse utvidast.
3.All produktiv skog i vernskogen utgjer sone 3. Før hogst i sone 3 kan settast i gang skal skogeigar ha tatt stilling til korleis den nye skogen skal etablerast. Hogsten må så tilpassast dette. Der ein kan rekna med god naturleg forynging, bør ein velje ein hogstform som fremjar dette. Ved planting må skogeigar sikre seg planter med riktig proveniens.

I dei mest klimatisk utsette områda bør ein bruke gjennomhogst, gruppehogst eller ein kombinasjon av desse, såkalla fjellskoghogst. Frøtrestilling bør og vurderast.

Der ein må nytte flatehogst i klimatisk utsette områder, bør flatestorleiken ikkje vere over 5 daa. I lite klimatisk utsette områder kan ein ha større hogstfelt, men normalt ikkje over 20 daa. Ved alle flatehogst og gruppehogst bør det vere krav om planting.

Når den nye skogen på eit hogstfelt er etablert, kan ein legge nytt hogstfelt inntil det gamle. Men det må takast omsyn til klimaverknadene av det gamle feltet. For å motverke låge temperaturar må ein unngå inngrep som lagar vilkår for kaldluftstraumar, frostsjøar og kaldluftslommer. Ein bør legge lange hogstfelt parallelt med høgdekotene.

§ 12.Vegbygging

Kommunen skal ved behandling av vegsaker ta omsyn til vernskogen i utforming og omfang av dekningsområde, vurderingar av ståande volum og vegtrasé. Ved godkjenning av veg i vernskog skal en legge vekt på om at disse omsyn er tatt med i planlegginga, og på denne måten sikre at skogsdrift i området skjer i samsvar med denne forskrifta.

§ 13.Dispensasjon

Fylkesmannen i Telemark kan i særlige tilfelle dispensere frå reglene i denne forskrifta.

§ 14.Kontroll og opplysningsplikt

Kommunen skal utføre kontroll av godkjente tiltak og pålegg i vernskogen. Skogeigar har plikt til å gje opplysningar og oppfylle dei pålegg kommunen har gjeve.

Kommunen kan i særlege høve vedta førebels hogststopp.

§ 15.Klage og straff

Ei avgjerd kan påklagast til Fylkesmannen i samsvar med § 21 i skogbrukslova jf. reglane i forvaltningslova 10. februar 1967.

Brot på denne forskrifta skal handsamast etter § 22 og § 23 i skogbrukslova.

§ 16.Iverksetjing

Denne forskrifta vert sett i verk 1. juli 2016.